Minneord om Idar Brygfjeld
Kjære Idar,
Javel! Du ville berre forsvinne ut av historia etter å ha sletta alle spor etter deg? Inn i gløymselen sitt mørke, brent og blanda med anna oske, spreidd for ver og vind, og det var det!
Så enkelt er det sjølvsagt ikkje. Det kunne du vel ikkje tru? Vørde du deg sjølv så lite viktig for oss? Andre, mellom anna eg, som du på ein blunk forfremma til familien sin eldste, har eit anna utgangspunkt. Rett nok tok du samstundes med deg planane mine for ein grundig revansj for eit stygt tap i casino for noko tid sidan. Det vert ein torn i kjødet for alltid. Men det kan eg leva med. Alt i alt ligg mange store seirar på rett side frå den tida då varm kaffe, påsmurtmat og alt anna gjestebod vart avlyst på grunn av ein tabbe i nedspelet. Til mor mi si fortviling.
Men, dersom du trudde at du ikkje var viktigare for meg enn att du berre kunne forsvinne, tok du grundig feil. No når du er borte, og saken er gjennomtenkt, ser eg kor viktig det er at mykje av det som eg har i meg av leikenhet, skjemt og skråblikk heng i hop med samvær med onklane mine, det vil seie med deg, Ole og Gudmund i dei «formative» åra. Ikkje alle meiner at det naudsynleg har vore til det beste for meg.
Eg kunne kanskje vera 12. Det var mykje liv med deg Idar, enten du låg og sov heime hos oss då vi kom heim etter å ha henta deg ein stige for å koma deg inn – til naboane sine store auge. Eller i spel og konkurransar, oftest óg saman med onklane, badminton eller skøthella ein sommarkveld på Vollen, bridge og casino, spørreleikar og sjølvskapte leikar med verdens strengaste, urimelege, vilkårlege og umulege regler – som alltid endra seg. Saman med onklane mine var det en fest å vera gut, og når no tankane spinn er eg sikker på at det var du som først og fremst sto for humoren – ein underfundig og intelligent humor. Både fysisk og verbalt. Rundt middags- eller kaffebordet på Vollen med tiggarnissen i sving var det full fyr for en ivrig guttunge. Eg kunne ikkje få nok av desse samankomstene med ordveksling, spel og gaman med onklane, men eg er redd det kanskje skada forståelsen min av grensane mellom lek og alvor for alltid og ga meg ein varig skade av noko slag.
Og du hadde Opel Manta og Ford Capri! Onkel Ole hadde rett nok Volvo PV544 Sport (rød). Stakkars Gudmund hadde berre ein gul, skranglete Ford Anglia.
Eg kunne vera 17 eller 22 og du og onklane målbar radikale politiske standpunktar i frie og friske diskusjonar. Det var ikkje noko valg. Det festna seg hos meg i det som vart den politiske grunnhaldninga i heile mitt vaksne liv.
Eg kunne vera 30 eller 40 og livet med skøthella på hytta med onklane kunne fort vera sumarens høgdepunkt – og tapet av ære etter tabbe i casino var like sviande.
Eg kunne vera 60 og kontakten kunne vera sporadisk frå år til år. Du hadde ein kjærast og budde gode år på ein plass der det ikkje var muleg å sjå om det var flaum i Skvarbekkjen.
Eg kunne vera 72, og eg vitja deg med skam å melda altfor sjelden, no i omsorgsboligen der du budde. Til det kan eg berre seia at eg er lei for det, lei for å ha prioritert kontakten med deg så lågt som eg gjorde i denne tida.
Sist vi snakka, berre innpå to veker før du døydde, hadde vi ein lang prat. Glimtet i auget dukka alltid opp i høve ei avsporing av en ellers seriøs prat. Men du var en skikkelig seriøs og god mann å prate med om mykje av det som opptok meg om livet og tilværet til dei som gjekk før meg. Til sist var det berre du som sat med denne kunnskapen, og minnet ditt var godt – og no er også du borte og eg har inga kjelde å gå til for å svar på ting som eg gjerne skulle veta meir om. Mellom anna fortalde du mykje om den gong du var gjetar og kor godt kyrne likte å beite i Grøndalen – til gjetargutens tvilsame glede når kyrne skulle heim til kvelds. Alt fortald med humor som ikkje tok bort alvoret i at det var slitsamt for ein liten gut å reise til Grøndalen titt og ofte. Mykje anna sto igjen å samtala om.
Du var den siste av onklane og ein tidebolk er komen til endes. Skulle du på noko vis få lest desse orda håper eg du set pris på dem – helst like mykje som eg sette pris på deg. Men det forsto eg først ordentlig etterpå.
Kjell



