Buss for …
Dette er et leserinnlegg. Innholdet står for skribentens regning.
På måndag skal min elskede-spenn-i-veggen (som dei seier i Bergen) reisa heim til Stavanger etter nokre gode, men skoddelagde dagar på hytta. Vel førebudd med reisedokument gjeldande med tog fra Bjerka 07:29 til Bodø og fygamaskin (som dei seier i Stavanger) frå Bodø og heim. God plan!!
Illevarslande nyhende i Rana Blad i går torsdag. «Alle tog innstelde ut november». Alle tog? Hmm? Rett nok! I dag fredag kom meldinga. «Buss for tog frå Mo stasjon 27.10. til Bodø med avgang 08:01». Javel. Men frå Mo stasjon? Hmm? Kva med reisa mellom Bjerka og Mo? Rett nok. Ny melding. «Buss frå Bjerka 07:32.» Det skulle vel halde.
Verre var det den 24. september då vi skulle reisa same ruta – då med dagtoget frå Bjerka med eit seint fly fra Bodø – ca. klokka 19:00. Men hallo, buss for tog mellom Trondheim og Bodø meldt via SMS då kvikkleira tok med seg toglina så vel som veglina. Men. Bussen ville koma så seint fram at vi ville ikkje rekke «flygemaskinen» i Bodø. Hmm? OK! Widerøe frå Mo via Trondheim og heim. Alt ordna etter noko tid på nett og telefon. SJ og billettar frå Bodø og heim kansellert.
På grunn av den låge prisen på FOT-ruta til Trondheim kunne, eller ville vi ikkje, kjøpe samanhengande billett. Røssvoll i god tid før avgang med litt lågt hengande men ikkje truande skyar. Følgde optimistisk med flyet inn for landing på Flightradar24, men så, såg det sirkla rundt et par gonger og forsvann over Mofjellet. Shit!! (som det heiter no for tida).
Kjapp melding over høgtalaren: «Buss for fly (eigentleg og opphavleg buss for buss for tog) frå Røssvoll til Bodø. Bussen er allereie på veg! Widerøe ordnar med billettar vidare frå Bodø». Flott! Men hmm…? Også for oss utan samanhengande billetter?? Nettopp! Nei dessverre – «det må dykk ordne sjølve». Hektisk aktivitet på telefonen med kansellering av billettar frå Trondheim og fixing av plass på det flyet frå Bodø som vi opphaveleg skulle reise med. Vel, bussen kom vel fram og etter ein god middag i Bodø kunne vi endeleg reisa heim slik som planen eingong var. Kanselleringsgebyra har eg ikkje rekna i hop.
Eg berre nemner kort at ved dei to siste reisene til og frå hytta før dei nemnte reisene vart vi del i ulukka like etter Bjerka med buss for tog til Bodø som følge og noko seinare problemet på Otta då isen flytta noko på brua over Lågen. Buss for tog frå Trondheim til Bjerka. Og – om nokon trur at dette er heile historia så tru om igjen – dette er berre det siste året. Før den tid orker eg ikkje tenke på – kan vera at det er sletta frå minnet mitt.
Ikkje eit vondt ord om buss, men burde ein ha hytte i Korgenbygdas vakraste og venaste dal så lenge ein bur i Stavanger og ikkje orker køyra bil over alle fjell og gjennom dalar og flatland til alle tider av året? Eg trur og meiner, med overtyding, at det burde gå bra i dette Verdens, ja kanskje til og med Universets rikaste land, å skulle halda seg med ein etter måten god og trygg samferdsel.
Etter å ha budd i Oslo og Stavanger i rundt 55 år og reist regelmessig til denne hytta – eller heim til foreldra mine på vitjing i ungdomen, – kan eg ikkje hugse at det var noko problem før inntil noko hendte, eg veit ikkje kva, for nokre år sidan. Sutlaus førebuing av reiser og sutlause reiser var inntil då standarden, men no? Ja, no?
Kjell M. Bryfjeld,
Stavanger/Brygfjelldalen



