Høgreist einer

Oftast ser vi eineren som ein tettvaksen busk på kanskje ein til to meter i høgda. Men den finst som eit lite tre også.
Faktisk er den litt beskjedne eineren det bartreet med størst utbreiing i verden. Ikkje mindre enn 75 artar finst, alle på nordlege halvkule, men av disse berre vår kjente art i Nord-Europa. Den veks frå fjæra til opp mot 1800 meter i Jotunheimen. Og veksten er sein, så veden blir seig og bøyeleg, og godt egna til eksempelvis boger for jegerfolket som var her først etter istida. Når noko veks seint, kan det bli gammalt: I Finland er funne einer på nærmare 1100 år .
Bruk
Treverket er egna til som nemnt boge-emne, ellers til små skrin og ulike husflidsvarer. Bæra er ettertrakta som smakstisetting for brennevin, gin er ein slik spesialitet, og til saus for vilt- og silde-rettar Om ein kokte baret vart dette til vaskemiddel, men også tilgammaldags ølbrygging.
Innan eldre tids folketru stod eineren sterkt, der storvaksne eksemplar vart rekna som heilage, og ved likbrenning vart ofte høvdingar sett på bål med einer som ved.
Som medisin bruktest einebær mot mageverk, tannverk, feber og gikt. Bæra var også verksame mot djevelen og dei underjordiske; husdyr kunne vernast mot rovdyr om dei fekk einebær før dei vart sleppt på beite.

Storeineren i Reinålia. Ikkje akkurat verdensrekord, men finmålt til 6,40 m er denne eineren sikkert av de høgste i distriktet. John Reinåmo, skogskar gjennom eit langt liv, kan ikkje hugsa å ha sett maken. FOTO: Jan Gaute Buvik
Høg, men ikkje høgst
John Reinåmo kom over dette smekre einertreet for ikkje lenge sia:
– Det stod for seg sjøl, var heller tynt og lite å legga merke til, sjøl om eg har fare nokså ofte her i nærheita, og burde nok sett det for år tilbake. Men slik er det når ein ferdest i naturen. Smått dukkar det opp noko nytt!
Med sine 6,40 meter ruver det ikkje mot dei 10-12 meter som kan vera vanleg sørover i landet.
Høgste kjente i Skandinavia vart funnen etter eit stormvelt i 2014 ved Idd, Halden. Det einertreet var heile 17,5 meter.
Kilder: Store norske leksikon
Wikipedia