Å ri berrbak utanfor gjerdet
Bokomtale: Anne Gjeitangers roman Den som ingen vet hvor ender er ei lågmælt, sanseleg og tankevekkjande forteljing om tilhøyrsle, familie og sambandet mellom menneske, natur og historie. Meldaren meiner romanen rommar langt meir enn det beskjedne omfanget sitt.
Handlinga i Anne Gjeitangers nye roman er lagt til ein stad i grenselanda mellom USA og Canada, i område som var heimlandet til Mohawkane eller Kanienkehaka-folket. Romanen er sett saman av små bolkar som er fortalt av totalt fem ulike karakterar, men det er likevel Søs som fører ordet i størstedelen av romanen, og det er ho vi må oppfatte som hovudpersonen. Dette er ein liten roman, men han rommar likevel mykje. Det er kanskje mogleg å samanlikne stilen med Hemingways isfjell-teknikk, men uansett er det ein roman som gjev godt rom for lesaren til å fylle inn i glipene. Vi får nokre svar, og vi får nok informasjon til å forstå kva som står på spel.
Brott, røter og vegen heim
Romanen gjev oss innblikk i ein familie som i utgangspunktet ikkje heng særleg godt saman. Søs og sonen hennar, Michael, reiser frå byen til staden der Søs og Bror vaks opp saman med foreldra. Vi forstår at historia deira består av mange brot: Mor har brote med folket sitt, kanienkehakaane, Søs og Bror har brote med foreldra, søskena har brote med kvarandre og Søs forstår ikkje alltid kva som rører seg i sonen. For Søs handlar det no om å reparere nokre av desse brota, ikkje minst av omsyn til sonen sin. Vegen dit er ikkje heilt enkel, men Søs og Michael lukkast etter kvart med å nærme seg noko dei berre har ana fanst: Ei verd som heng saman og er meiningsfull dersom ein nærmar seg henne med respekt og interesse. For Søs og Michael handlar det òg om å nærme seg noko som er nesten tapt for dei, men som dei kan vinne attende.
Samklang
Romanen handlar om å finne eller lage seg ein heim og om å finne (tilbake til) ein form for resonans, samklang. Ikkje berre med familien, men òg i vidare forstand med tradisjonar, naturen, fortid og framtid. Språket i romanen er rikt og sanseleg, og setningane ber om å ble lesne sakte. For eg trur at romanen òg handlar om dette. Dersom ein skal finne denne samklangen må ein gje seg tid til å sanse omgjevnadane, til å sjå dei og det som finst rundt ein, og kanskje òg akseptere at det finst samanhengar som ikkje først og fremst skal gripast med intellektet: «Og jeg drømmer om Kanienkehaka som forsøker å vise meg noe. Om vannet, om luften, om størrelsen på skyene, om kvaliteten på snøen, om kuldens natur, om reven» (s. 175).
Eit verdig liv utanfor gjerdet
Den som ingen vet hvor ender er ingen støyande roman, han er lågmælt og prøvande. Men samstundes er det ein roman om verdiar, og han er tydeleg. Det er ein roman som kan seie noko om tida vi lever i, men som ikkje insisterer. Det er ein roman som kanskje kan stemplast som modernitetskritisk, ja, tilbakeskodande, men det er ein noko enkel konklusjon: «Jeg hører: I tider da vannet var rent, og skogene var for trær og dyr og mennesker, og ikke maskiner, levde vi annerledes som folk, og våre kropper var del av den naturen vi levde i, med muskler til spenning og avslapning i tråd med landets rytme. Det er ikke en tilbakeføring vi råder til, men en gjenvinning av menneskets rett til verdig liv» (s. 56). Denne gjenvinninga kan til dømes skildrast som eit ritt utanfor gjerdet på hesten med det illustrerande namnet Den som ingen vet ender.
Anne Gjeitanger har mellom anna arbeidd som journalist og som redaktør for skjønnlitteratur i Oktober forlag. Ho debuterte med romanen Incontro i 2005 og har sidan gjeve ut ei rad med bøker.
For Helgelendingar er Hente seg hjem (2008) og Vinterindianere (2015) kanskje særleg interessante, ettersom Helgelandslandskapet speler ei rolle her.
Gjeitanger er for tida busett i Bleikvasslia.

Den som ingen vet hvor ender
- Forfatter: Anne Gjeitanger
- Roman, 2026 Solum Bokvennen
- 209 sider



