Øystein Dyre ved landbruksbenken hadde med dyktige folks hjelp fått flytta ei utmarksløe ned til Bleikvasslia. Under ein av lasteinane fann han nokre samanrulla skinnflak, som syntest vera påtegna rare tegn. Øystein skjøna straks at dette kunne vera verdfullt, så han stima rett til redaksjonen i AVISA. Redaktøren syntest kjenna igjen streka, og bad pensjonert lærar Per Jomar Hoel om å sjå på saka. Hoel er den einaste i nærområdet med norrøn linje frå gymnaset. Her følgjer hans utgreiingar.
Himmelranda var mørk, Okstoppane var gøymde i skoddeheimen og Seltaggen såg grå og trist ut. Dette var dagen då Kongen skulle gjera landgang ved Heimneset på Berget, ytst i Sørfjorden. Det var lett å sjå at Odin var lite nøgd med fleire kongar i Håløyglandet. Tor var og i ulage og buldra rundt med bukkane sine i fjella lenger sør. Gildet som Paul Aspe hadde rådd til med song, dans, soger og god mat, lika gudane heller dårleg. Skulle noko skje, måtte det kome frå Valhall. Makta dei hadde, ville dei ikkje gje frå seg. Det var ikkje fritt for at Midtgardsormen og sende eldsprut og ilske geysirar innover mot land frå langt ute i havet.
Lite verka det på Paul Aspe og mennene hans. Kongen, Harald Krykkje, hadde lenge visst om dette mismotet i Valhall og venta i det lengste med å kome dit. Men no var det mest berre Paul Aspe sin fylking og nokre til som han ikkje hadde vitja, og han var klar over at dette lika hovdingane i Håløyglandet heller dårleg. Han stasa difor opp frilla si, Sånnja, og bad om bør nordover med storknarren sin, «Noreg». «Noreg» hadde vore i teneste mot Adolf Bart før, så knarren var sjødyktig og budd til strid. No var den måla opp og var reint så staseleg. Harald Krykkje lika knarren godt og bruka den kvar sumar når han for rundt i landet sitt, fredsæl som han var.
Vitjing i vind og regn
Det hadde gått gjetord om vitjinga, så hjuldoningane var mange som tok vegen til Berget denne dagen. Hemnesbuarane ville sjå og høyra Kongen sin. Tett stod dei i graset der Mar Ina hadde teke sete. Lite brydde dei seg om kva Odin og Tor hadde laga til. Kald vind og regn var kvardagsleg for dei.
Jubel og godslege hærrop braut stilla då Harald Krykkje og flokken hans kom landgangen mot Paul Aspe og folka hans. Ei møy og ein svein gav blomar til både Kongen og Dronninga. På vegen mot kongesetet fekk dei møte både Steinar Knarrbyggjar, Olav Skalle og Heidi Fagre. Steinar viste Kongen korleis ein knarr kunne byggjast, medan Olav og Heidi synte fram korleis boblene på kamkaka brått var der. I Kongen sin flokk var og Store Fylke, Kato Karl, hirdmenn, hoff og rådgjevarar. Alle tykte vel om det dei fekk høyra, og alle fekk tak over hovudet der dei fekk setene sine.
Paul Aspe som hadde fått pussa Brisingamenet sitt så blankt at det skein i gråveret , gjekk fram og kvad:
Gode Konge. Gjevt med landgang i fylkingen vår. Gode Dronning. Glad vi blir når du her trår. Fylkingen vår er vid og lang, fjell og is, hav og strand. Folk i arbeid, folk i sang, rik vi er som kulturland. Ha ei god stund frå kongeleg slit. Godt å sjå Dykk, velkomen hit.
Paul fekk mykje åtgaum for kvadet sitt. Bumennene rundt om slo på brynjene sine og laga venlege hærrop.
Så var det Kongen sin tur. Han kvad:
Gjæve hærmenn, her kan ein Konge seg forlyste.
Godt det er med nord-norsk luft i brystet.
Her er alt frå fjord til fjell, store sjøar og skogar vide.
Grøn rikdom og hemnesbuarar blide.
Takk for mottaket vi har fått.
Fylkingen her er umåteleg flott.
Då Kongen slutta kvadet sitt, sprengdes lufta i klapping og godlyndte hærrop. Jubelen ville ingen ende ta. Folket viste verkeleg at Kongen var lika av alle.
Eit rikt møte
Så bar det laust på valplassen med Klemetdans, songar, og soger. Ungdomar knytte alt saman med gode forteljingar og humørfylte vendingar. Det var skjemt og alvor, yngre og eldre. Ja, Dronninga vart så med at ho song og tralla. Ingen tenkte på at gudane sende kalde gufsar, regnvåte og bitande, over valplassen. Ja, strengleikaren, Ove Frikk, som tok fram salmodikonet sitt og spela leikar frå Røssestrond, fekk regntunge brynjer til å vogge i takt med han. Varme vart dei og då Ana Nita frå Kievriket kom med si helsing i vakre tonar. Lite pris sette ho på austlege kosakkar som hadde slege seg inn i riket hennar. Sivert Børre som til vanleg er ein ustyrleg gladmann med uventa kvad og påfunn, batt alt saman med fylkingen si soge og hendingar der. Rikt møte, godt for alle, både trælar og Konge.
I regndråpane sat tre menn stasa opp med kvar si glinsande brosje på brystet. Denne hadde dei fått i gåve frå Kongen tidlegare, og no ville Kongen og Dronninga helse på dei att. Det var Harald Horge, Trond Røsse og Arvid Lurblåsar. Lågt prata dei, så berre dei kunne høyra kvarandre, men triveleg var det for dei, for låtten sat laust. Frilla, Birgit Borge, fekk og veksla nokre ord med Kongen, for ho gav blomar til far hans for over seks tiår sidan då han var på vitjing i Korggryta. Det var han takksam for.
Jubelropa kom tett då kongefølgjet gjekk attende mot landgangen. Sonja roste Klemetungane og Harald nikka venleg til alle han gjekk forbi. Så rissa dei navna sine i stein som skulle naglast fast ved Storlapphellaren. Gudehovet som heile fylkingen har samlast om. Kongen kvad:
Dagen i dag gjev oss gode minne, stort for oss å få kome hit. Gode grender, varmar sinnet, trivnad byggjest bit for bit.
Tufta på fjell og stødig grunn, er Gamle Noreg, heimen vår. Som fjella er folket, rotfast og sunn. Takk til alle som på Heimnes står.
Alle tykte vel om Kongen sitt kvad, og fredsæle rop og banking på brynjer gav attklang heilt i frå Ramnstupet.
Videre for Kongen
Landgangen var ikkje lang, men dei tok seg god tid mot sjaluppen sin. Ja , så lang tid bruka dei at alle som hadde røyst att, song det dei makta om landet alle veit om.
Skodda låg enno i fjella, berre Tverrlandet var synleg då skipet fekk bør ut Sørfjorden mot Kulstadsjøen. No skulle dei til Harald Aarbort i Hattlandet og vitje flokken hans. Det var lett å skjøne at Odin heldt ei hard hand over Håløygjane, for skoddeheimen vart liggjande fast lenge etter kongevitjinga. Ja, så lenge låg skodda at Kongen rakk å gjera knefall for Dronninga i gamlelandet der danane hadde slege rot.
Det høyrer og med til soga at Paul Aspe og frilla, Marit, vart beden i gjestebod på «Noreg», knarren til Kongen. Det skjedde heilt ute på Sømnalandet, ikkje langt frå Torgar. Han fekk med seg Merete Brosje som hadde laga ein eigen hovudpynt til Dronninga tidlegare, Sten Ren som var dotterson til samekvinna, Elsa Laula, og mange til. Ja, rett staselege var alle i nasjonale klede då dei gjekk ombord i ein mindre knarr for å kome til «Noreg», der Kongen og Dronninga skulle møte dei. Lite visste dei om at ventinga vart lang og vestavinden sur medan dei sat der. Det vart ei kald oppleving, men dei vart fort varme av Kongen og Dronninga sitt mottak då dei kom på hovudskipet. Gildt vart det.
Då «Noreg» gjekk ut Sørfjorden, stod ein stor flokk med hemnesbuarar att på land. Glade og stolte var dei for at Kongen og Dronninga hadde vore der. Litt vondt i kroppen hadde dei og av di at Kongen hadde sett berre nokre alen av fylkingen deira. Det var så mykje vakkert dei kunne fått sett om dei hadde teke landevegen til Harald Aarbort. Harald Krykkje var den fyrste som hadde teke sjøvegen til Hattlandet.
Uro i smiene
Paul var i godt lune når det gjekk vel med smiene rundt om i fylkingen. Mange drog til Jarnsmiarstaden kvar morgon og tente gullet sitt der. Det tykte han var greit, men aller best lika han at dei som var rotfast i fylkingen, fekk til pålegg på brødet sitt der dei budde.
Åsen
Maska hans vart difor lang då Svein Stol bad han kome til smia si ein dag. Paul for utover og vart møtt med dette kvadet: «Gode Paul, kan du gje oss ei hand. Gullsekken vår er skrapa og tom. Vi er i fritt fall mot ukjent land, og landinga vår blir ein kjempebom». Paul skvatt til. Dette hadde han ikkje venta. Det gjekk gjetord om stolane til Svein både i Auster- og Sudlanda. «Gjæve ord er ikkje nok. Gull trengs i Svein si brok,» kvad han, og han fekk mennene sine med seg for å stø smia over kneika. Men kneika var drygare enn dei trudde.
Det gjekk ikkje lang tid før smia fekk skrifta på veggen frå Helge Spare: «Leiken er over, vi strekk oss ikkje meir. Steng gluggane, nok rot i Nordikk sitt reir». Svein Stol møtte ei kald aksel som ikkje baud fram verken trøyst eller von. Som ein pilspiss i bringa satt ord som slo heile smia i kne. Gluggane på Åsen vart mørke, farkostane utanfor vart borte, og ikkje ein træl var å sjå. Ænn Ce Pe var ute av soga.
Lauken
Ute i Urlanda, langs råket til Jarnsmiarstaden, budde det ein dreng som såg eit ljos i tunnelen frå mørket som breidde seg over Åsen. Til dagleg skar han harde jarnklumpar i skiver og laga former folk ville ha. Han levde godt av det, men inne i hovudet hans ulma det av tankar om å finne på nye ting som ingen hadde tenkt før. Han vart kalla Lauken. Det var fordi han vart aldri tom same kor mange skal som vart plukka vekk. Alltid hadde han noko nytt. Han kakka seg på lag med Vinlandsverre. Sverre hadde vore i Vinland i mange år og fylt opp alle lommene sine,- og meir til, med gull. No ville han bruke noko av dette i gamlelandet sitt. Han lika tankane til Lauken. «Med hovudet ditt og baklomma mi, kan vi gje Åsen ei ny tid,» kvad han. Dei møttest i løynd. Ingen visst at det kanskje vart noko nytt. Alle berre ynka seg over det som var mista.
Stor var undringa då Lauken og frilla hans, Karen, sa at dei hadde kjøpt Åsen og ville fylle smia med nytt. «Det gamle og gode, skal få leva på ny. Av slitne stumpar skal stolar lagast. Men vi må og på andre varer by om smia på Åsen skal bli bufast,» kvad dei. Bergetbuarane gav seg over og rosa dei som hadde tenkt tankane og ville slå seg til der. Dei vart så glade at dei kvad: «Tenk at Åsen blir full av liv. Ljos i gluggar, trælar i driv. Varer ut, gull kjem inn. Godt at nokon løysingar finn». Paul Aspe humra i skjeggstubbane sine over det som vart, men han visste så inderleg vel at svara ikkje kom dalande frå ein blå himmel. Vinlandsverre, Lauken og frilla hans, Karen, var snar til å få ting i gang. Dei fyrste trælane tok tidleg fatt med å koste støv av gamle stolar og få dei til kjøparar rundt om. Det såg godt ut etter kvart som dagane vart kortare og det gjekk mot midtvinterblotstid.
Ragnarok
Trekken frå nord var kald, skodda seig tung over Seltaggen, og skylaget var så tjukt at sola var godt gjømt ein eller annan plass på sørhimmelen. Smia som Glas Odd gjennom eit langt liv hadde bygd opp, fekk vitjing av den nye eigaren sin, Do Vits, som kom frå danane sitt rike. Kvass var han i augo, la hanskane sine på bordet og kvad: « Lite gull frå dykk vi får, ingen vil byggja heimar lenger. No vonar vi at alle forstår. Smidørene her snart vi stengjer».
Då kvadet vart kjent, skalv heile staden. Ikkje ein tanke om noko slikt hadde gått på Berget. Grunnfjellet brotna, og det kjentest som at alt var på fri flyt ut mot havet. – Og der venta Midtgardsormen. Ingen skreik, ingen ropa,- stilla gnog i kvar ein mann. Då braut Do Vits inn: «Smia vil tømmast, gluggane stengjast. Daud blir Sørfjorden si strand. Men dei som vil, kan følgje med til Hadaland». Han hadde ei smie ved Heidsjøen, – det som og vart kalla Mjøsa. Den smia ville han spara for å halde fram med å laga fleire glas der. Sjølv visste han at lovnaden hans var lite verd for mange, for dei hadde bygd seg holer og festa rota si på Berget. Dei var basta og bundne til staden og ville bu der. Han lika dette dårleg sjølv, men gjorde seg hard og stod på sitt. «Ikkje ein tomme eg vik på mitt. Eg må ha profitt, ikkje falitt,» kvad han og gjorde seg stram i maska.
Paul Aspe vart mållaus av kvada. Han såg at gullsekken til Harald Bresprekk vart altfor liten til å løyse vanskane Do Vits hadde laga. «Ikkje kan ein dane jage folk vekk. Vi må ha hjelp frå Jonas sin sekk,» kvad Paul og tala til Jonas Styre sine menn i Vika. Svar fekk han med ein gong, og Sigbjørn Gjele vitja fylkingen straks. «Ille er det alt som har skjedd. Lett å skjøne at mange er redd. Folk vil vi hjelpa så godt vi kan. Gje oss litt tid, så kjem vi i land,» kvad han. Paul Aspe rosa han for kvadet og at han var så snar til å kome. Akslene datt litt ned på mange etter kvadet til Sigbjørn. Dei var ikkje så åleine som dei var redde for. Noko uvisse vart dei etter at Jonas Styre kasta Sigbjørn ut av hola si då han kom attende til Vika.
Likevel var folk harme. «Slakting er ordet vi vil bruke. Tenk,- bruke gull for å tappe blod. Gullsug har gjort så mange sjuke. Bryr seg lite om folks armod,» kvad fleire og tykte lite om danane si framferd. Rett nok sa fleire at dei ville følgje med sørover, men dei fleste sat att og tykte dei hadde fått meir enn nok av eigarskapet deira. «Vondt og svelgja, tungt å bera. Livet vårt har stoppa opp. Urettvist vi sit i gytja, nyttelaust med skrik og rop,» kvad mange. Det mørkna. Var det dette som var Ragnarok?
Paul Aspe skjøna korleis mange hadde det, men kunne ikkje vise meir enn at han hadde tru på å finne ei løysing. Likevel låg mørket rundt hjelmen på han som eit stramt band og korta ned nattesvevnen. Han måtte kome seg ut av mørkesona og få gangsynet att. Svara låg ikkje i det som var dunkelt og vondt. Han måtte leite der ljoset enno hadde eit overtak. Do Vits hadde mørklagt det som var nære, svara måtte kome utanfrå. Uvissa var stor etter kvart som det gjekk mot midtvinterblotet og enda ei solsnuing.
Då det gjekk mot solsnu, var uvissa enno stor. Paul Aspe hadde vondt i heile kroppen av daneveldet. Å gle seg til utpakking av gåver og prøvesmaking av mjøden for året var det mange som ikkje greidde. Stilla gnog, råskapen dei hadde vorte offer for, skræmde alle.