«Grønn var min barndoms dal…..» og kvit om vinteren, også i desember. Slik var det i alle fall i min barndom, på 1950-talet ein plass nord i Midt-Norge. Frå november til ut i mars baska vi rundt i rett så mykje kvitt og mjukt. Nåja, det hendte nok at mildveret kom slik at hålke og skare tok over. Men snø, ja! Og julesnøen var steinsikker.
«Grønn var min barndoms dal…..» og kvit om vinteren, også i desember. Slik var det i alle fall i min barndom, på 1950-talet ein plass nord i Midt-Norge. Frå november til ut i mars baska vi rundt i rett så mykje kvitt og mjukt. Nåja, det hendte nok at mildveret kom slik at hålke og skare tok over. Men snø, ja! Og julesnøen var steinsikker.
Unntaka er det vi minnest best. Slik også med meg. Og så er det også ein annan grunn til at eg hugsar denne eine jula.
Eg voks opp som einebarn, og måtte slik sett leika mykje med meg sjøl. Og eg var heldig, da vi budde ved sjøen, med lia og fjellet rett bak. Leikestader over alt. Heldig også med det at vi budde i storfamilie med farmor og farfar. Her vart det mykje moro!
Lesehest var eg også, og i denne perioden var det indianarane som var mest interessante. Dei hadde pil og boge til jakt og krig. Eg ville ha slike saker eg også, og han far laga bra utstyr. Kanskje litt for bra, men det tenkte ikkje eg på. Men det var trass alt berre heimlaga.
Likevel, det var farfar sine ord som gjaldt: Det er ikkje for småungar å fara med slike farlege ting. «Vent til jula du, da trur eg det kan bli slik at Nissen har med det du ønsker deg». Javel, men Nissen var no ikkje den eg trudde mest på.
Fanst ikkje snø
Denne jula sist på 50-talet kom, og den avlange pakken under juletreet var ikkje å ta feil av. Det var ein gild, gulmåla boge med tvinna snøre spent opp. Rett frå draumeverda! Da var pilane heller puslete greier, men eg sa ikkje noko om det da, slik med det same.
Men farfar oppdaga at eg leita fram dei pilane far hadde laga, der han hadde tredd på geværkuler til spiss, og med hønsefjør bakpå til styring.
Eg visste desse pilane var best, dei drog godt, styrte fint og satt djupt! Farfar la ned strengt forbod: Her måtte ikkje forekoma noko jakt innadørs, eg måtte driva helst åleine ute i skogen, og aldri sikta på nokon! Ute kunne eg ha mosevokste stubbar, eller eit tre, til mål for jakta mi.
Og dette året var juletida eit særsyn ute: her fanst ikkje snø! Tenk så rart.
Dei vaksne snakka mykje om tilhøvet, det vart nemnt at sjøl i varm-åra på tredvetalet var det snø i jula…?
Snike seg på jakt
For meg med nytt jaktvåpen var dette heilt topp. Alt juledagen, da litt lys frå sola bak fjella i sør glødde i gråbrune lier og åsar, for eg av stad opp mot Saghaugen og skogkrullane der. Eg skulle på gaupejakt.
Velnok hadde eg fått vita av dei vaksne at alt vilt var freda no julehelga. Men eg måtte gjerne ta ein tur og trena meg litt. Det ville bli ei krevande øving i år, da det ikkje ein gong var sporsnø.
«Lykke til!» sa dei.
Ti-åringen hadde no likevel ein klar plan. Det skulle bli gaupa. For sjøl om det var fredning, så visste eg at gaupa ikkje hadde så godt omdømme, ho tok gjerne lam på vårparten. Om eg kom heim med ei gaupe, ville dei vaksne no synast det var så gjevt at dei nok såg mellom fingrane med fredninga.
Nei, enda bedre: Eg skulle ta gaupa,ja.. men eg kunne berre la kroppen ligga i skogen til utpå nyåret, til det var jakttid igjen. DA skulle eg koma heim med dyret!
I hola
Merkeleg til jul! Ikkje ein snøflekk. All naturen så avkledd. Fritt for lauv, gress og urter nedvisna. Haustvindane hadde renska opp. Her var liksom så reint …
Og fargane: Grått, brunt, gulaktig … men noko grønbleikt i bartrea og lyngen. Myrmosen heilt ulik seg sjøl. Eg undrast stort mens eg tok meg fram til ura med dei store steinane under Saghaugen.
Her var det gaupeland. Det hadde han far sagt. Og han var jo jeger! Pilane eg hadde med, stålspiss som eg sjøl hadde kvesst litt ekstra med sag-fila hans farfar… dette skulle bli ei jakt som ville spørrast rundt i gardane!
Eg sneik meg inn mellom nokre av dei største steinane. Der hadde eg vori i nærleiken før, men aldri klatra inn. Her var heller nifst, mørke hol, djupe sprekker, det risla og draup der inne. Men ikkje no, for berrfrosten hadde vara i dagevis, eg så glimten av is inne i ei hole.
Kunne gaupa vera her? Ho skulle etter det som vart sagt ligga og sova no på dagtida, eg fekk vekka henne så ho kom ut, for inn torde eg ikkje gå!
Det kveste
Så pirka eg innom kanten med bogen, slengte litt kvistrask innover isen.
Og da sa det SSSSSSSSST! Eg skvatt så eg nesten mista bogen. Jamenn var det fullklaff med første prøve. Her var ho, gaupa! Det kvæste der inne, og gaupa kvæste som ein katt, det hadde vaksenfolka fortalt!
No stilte eg meg klar. Bestepilen på bogen, spente opp, sikta inn… men det var ikkje noko å sikta på? Gaupa låg da gjømt?
Men eg måtte få til dette no da eg hadde funni dyret. Enn om eg skaut på isen, så hardt eg kunne, da ville sikkert pilen skli til side og treffa i sida på dyret. Mest som eg såg pilen stå fast, blod på den prikkete pelsen eg kjente frå Naturfagboka.
Eg drog pusten, stramma bogen så langt eg greidde og sleppte pilen.
Han for inn i mørket, det krasa i isen, det kveste igjen skarpt, og så smatt noko lite, gråbrunt forbi føtene i ein fælande fart, eg snudde meg kvikt og fekk ein glimt av ein liten halestubb som vart borte over mosen. Nei, var det gaupungen,da? Han var i alle fall ikkje vaksen …
Ein liten smarting
No måtte eg heim. Han farfar skulle få vita dette. At eg nesten hadde kverka ein gaupunge, som ville ha vorti vaksen og tatt lam til våren. No var han kanskje så skadd at han ville døy, eller i alle fall så redd at han var rømt langt unna våres gard!
Samtalen med farfar hugsar eg godt. Han var ein luring, den karen. Han såg heile hendinga i lag med meg da eg fortalte, han spurte litt og kom med sine synspunkt.
«Så han var heller liten, og brunaktig, den karen du skremte? Og litt kort i halen, ja … kveste gjorde han også, ja …
Da trur eg nok ikkje det var gaupa, denne gongen, men røyskatten er ein smart ende, han er ikkje lett å få has på, slett ikkje med pil og boge. Men du var veldig nær, da!»
Med dette var jakthistoria over. Juledagen gråna av og mørket var kolsvart, no denne jula, så heilt fri for snø. Men inne var lysa tent, og jegeren fekk julemiddag i lag med husfolket.