Øystein Dyre ved landbruksbenken hadde med dyktige folks hjelp fått flytta ei utmarksløe ned til Bleikvasslia. Under ein av lasteinane fann han nokre samanrulla skinnflak, som syntest vera påtegna rare tegn. Øystein skjøna straks at dette kunne vera verdfullt, så han stima rett til redaksjonen i AVISA. Redaktøren syntest kjenna igjen streka, og bad pensjonert lærar Per Jomar Hoel om å sjå på saka. Hoel er den einaste i nærområdet med norrøn linje frå gymnaset. Her følgjer hans utgreiingar.
Lenge før sola snudde og viste veg mot haust hadde alle flokkane som ville på Tingvollen, stilt opp krigarane sine på griffeltavler for å vise kor sterke dei var. Mange var dei, og alle meinte at dei var sterkast av alle. Det var ikkje måte på kor gjævt det skulle bli i fylkingen om dei fekk bruke evnene sine både for ynglingar, trælar og dei på sotteseng.
Hovdingeemnene
Gamalhovdingen, Paul Aspe, hadde pussa gamle flekkar av sverdet sitt og var klar til strid med kven som helst. «Klar til strid flokken min er. Hardt slår eg ikkje, for eg har alle så kjær. Men vinna må eg og makta få, om fylkingen vår skal måla nå,» kvad han og fekk mykje åtgaum frå venene sine.
Mindre ordhag var ikkje Kristine Førstemøy Lovseiar då ho viste kva flokkken hennar var god for. «No har vi kvila oss , er klar til kamp. Til bakken legg vi kvar ein ramp. Sterke er vi som ingen andre. No skal eg til høgsetet vandre,» kvad ho og våpendragarane hennar slo skræmande hardt på skjolda sine.
Mette Djerve som no hadde flytta våpna sine til Olderstad frå Mølnarhus, hadde ikkje mindre hug på harde feider enn ho hadde sist dei møttest. Då gjekk det ikkje så godt, men no hadde ho fått vaska hærkleda og våpna sine, så uredd kvad ho: «Uredd er eg, sterk og klar. Træleflokken min makta tar. Vi kan slå kven som helst, blå og grøn, yngst og eldst». Det var ikkje måte på hærrop frå trælane etter kvadet hennar. Særleg mange møyer hadde samle seg bak hærfana til Mette.
Per Øyve som hadde vore i tottane på Mette Djerve meir enn ein gong, meinte at flokken hans var mykje meir å stole på enn den lausmunna træleflokken til Mette. Han hadde fått med seg sterke menn frå Berget og Finnistronda i hovudsak. Han hadde og med seg Vidar Vasskraft frå Lia. Dei reiste nidhogg mot Jonas Styre og meldte seg ut av Metteflokken for fleire solsnuar sidan. Det var mørke skyer over fylkingen desse dagane. Ikkje hadde det letna etter dette. «Vi har krafta, er til for alle. Utan oss vil mykje falle. Fylkingen vår vil bli så god, ikkje tårar, ikkje blod,» kvad han og fekk mange godklapp på aksla si. Men kven som skulle bli leiaren deira, heldt dei tett til bringa.
Det var tre flokkar til som meinte dei var best for fylkingen. Det var Jon Lurblåsar med træleflokken sin, Mjød Bjørn med blåmennene sine og Svein med Hammaren som hadde samla både raude og grøne bakom fana si. Alle fnøste og spreidde eiter og galle når dei fire store skrytte av kva dei kunne gjera. «Stor i ord, luft og svada. Evnelaus og full av vrangskap. Seier berre «Neida, Jada». Stol på oss med vit og kunnskap,» kvad dei. Dei var skikkeleg lei av alle lovorda frå dei som hadde vist at dei ikkje dugde til noko. Øystein Ratatunge som hadde vore i mange stridar før, stilte og opp, men han var noko still,- mykje stillare enn han nokon gong hadde vore.
Dagen for slaget
Doggvått gras og gulskjær i liene møtte krigarane då dei gjorde seg klar på valplassen. Dagen før hadde gjømt fjella i tett skodde, og regnet hadde ausa ned. Det såg ut til å bli både mannefall og ragnarok. Slik vart det ikkje.
Tussar, trælar, bumenn, sveinar og møyer kom til valplassen. Dei ville vise kven dei stilte seg bak, og det var gjort i løyndom. « For eit krek han er, ikkje eg likar kva ho ein gong gjorde. Ikkje han høgsetet godt nok kler. No gjev eg att for at ho tok ordet,» kvad fleire. Dei smaug seg inn i løynkammeret, rissa kva dei meinte og kom ut att med sigersmil om munnen, – og borte var dei.
Valplassen
På valplassen var kampen hard. Sverda svinga, brynjene brotna og blodet rann. Dei som var sikre på siger skjøna at det var ikkje så lett som dei trudde. Kristine Lovseiar som hadde sett i skyene der stjerna, Erna, viste veg, vart hardt skamfaren både framme og bak. Taket om sverdet braut i hop, og ho mista mange av sine. Det same gjorde Paul Aspe som gjorde det så stort sist dei var i kamp. Rå kamp var det og mellom Mette Djerve og Per Øyve. Slaga var harde og sparka råka på mange vonde stader. Ingen gav seg, alle ville vinna kampen om høgsetet. Det enda med at dei vart omtrent like store då dei rekna i hop dei som overlevde. Svein med Hammaren som var ein fredsæl krigar, var skræmd over villskapen i striden. Han vart ståande att åleine på valplassen. No skjøna han at mykje hadde skjedd sidan han var tingmann før han for utaskjærs. Jon Lurblåsar var nøgd då han kosta støv og blodflekkar av hærkleda sine. Han hadde alle sine med seg som han vona. «Raud som blod, glad for gull. Strid så god, lite tull,» kvad han og tykte at flokken hans vart den største av alle, sjølv om han var av dei minste. Ja, så nøgd var han at han drog rett til Vinland med frilla si for å kvile ut. No ville han i høgsetet. Mjød Bjørn var og nøgd. Ikkje vart han så mykje større, men han og Arne Per Digre hadde mista lite blod og var klar til å gå vidare.
Då natta gjømde alt frå striden på valplassen og alle gjekk heim til sitt, var det ingen som visste kven som var ven eller uven. Høgseteplassen var det ingen som var stor nok til å fylle. Kampen ville gå vidare, ordbruken ville bli sluare og ingen var trygg på kven som gjekk bak ryggen på nokon. Ein blodraud kveldshimmel rundt gallegule lier viste at den som hadde list att, kanskje ville slå seg heilt til høgsetet. Morgondagen var ingen ting å gle seg til. Mange tenkte på Odin sine ord. « Venen sin skal ein vera ven, honom og hans ven. Men med uvens ven venskap halda høver kje fagna folk».
Høgsetestriden
Så kom dagen at striden om høgseteplassen skulle avgjerast. Mange hadde prøvd å skaffe seg stor nok flokk før dei møttest på valplassen, men dei hadde slik mistru til kvarandre at dei gjekk med sin flokk og stolte på at den var sterk nok. «Ingen eg stoler på bak aksla mi. Eg må framover og vera fri,» kvad fleire, men var uviss på korleis dette kunne gå.
Himmelkvelvingen var grå, skodda låg tung langt ned i Klubb-berget. Fenrisulven freste og laga ulydar frå urdene bak Elggravflata, og gneistane frå Midtgardsormen som låg godt utom øyane, slo langt innover landet. Dagen var ramma inn av uhygge og uvisse.
Paul Aspe bad dei som hadde noko dei ville ha gjort om å kome fram. Både Mette Djerve, Paul Aspe og Per Øyve stilte opp med flokkane sine. Dei rauk i hop. Harde slag var det ikkje, for dei visste at denne striden kunne gå i fleire bolkar, så det var lite klokt å bli fri for krefter i byrjinga, sjølv om det var freistande og berre meie ned det som rørte seg. Etter ei tid stogga Amund Rådlaus striden og ville telje opp om nokon var sterk nok til å få plassen i høgsetet. Det var ingen. «Ingen har stor nok flokk til høgseteplass. Striden går vidare om hogga er kvass,» kvad han og let dei fyke på kvarandre på nytt.
Var slaga rå i byrjinga, var dei ikkje venlegare ettersom striden gjekk fram. Amund kvad: «Det er jamt. Visst det blir likt på nytt, kastar vi lut, så ingen blir snytt». Ikkje alle høyrde kva han sa, for i krigarhjelmane var det berre ein tanke: «Hogg så det monar, eg vil ha min leiar». Etter kvart bles Amund i luren sin og stogga heile slaget. Kvesta var dei alle, kanskje mest Per Øyve. Han måtte kaste frå seg sverdet og gje seg. Han tørka sveitte og blod frå panna og kvad: «Slaga mine for veike dei var. No blir det Mette eller Paulefar». Stilla på valplassen vart trykkjande. Luttrekkjing hadde ingen vore med på før. Amund Rådlaus hadde tenkt at slik kunne det bli, så han var budd på denne stillinga og. Lover og reglar hadde han greie på, så det var berre å følgje det som Kongen hadde bestemt.
Amund tok mjødkruset sitt og hiva to pergamentlappar oppi. På den eine stod det Mette, og på den andre, Paul. Camilla, som hadde lagt alt til rette for stridane og kunne alt om val, vart peika ut til å trekkje. Over Korgberget braut sola så vidt gjennom, Fenrisulven ynka seg og skodda i Klubb-berget rømde til fjells. Amund lyfta mjødkruset og bad Camilla trekkje. Paul hadde teke av seg hjelmen og var kjennelg etter striden. Mette tørka blodflekkar av sverdet sitt og var klar til feira sigeren. Camilla gav pergamentet til Amund, og han las: «Paul Aspe».
Striden var avgjort. Paul hadde vunne ein av dei raraste stridane han hadde vore med på, og Mette stod att i hærkleda med hjelmen i handa. Det braut sterke krefter i bringa hennar, men ho tok seg saman og ynskte Paul alt vel. «Folkestyre, parodi, urettvis og blodig,» kvad ho og let Paul innta høgsetestolen.
Skrivestovene rundt om i landet vakna til då Amund tok fram ølseidelen. Dette var nytt for dei fleste, men heilt etter reglane. Det var tømt mange ølseidlar rundt om for å finne ut kvifor det vart som det vart. Dei raude gjekk inn på valplassen med flest krigarar og var sterkast, men kom ut nakne og tomhendte. Med rausare haldningar til kvarandre ville nok mykje vorte anleis. Men soga om høgsetestriden vil leva vidare same kva svara blir etterpå.