Øystein Dyre ved landbruksbenken hadde med dyktige folks hjelp fått flytta ei utmarksløe ned til Bleikvasslia. Under ein av lasteinane fann han nokre samanrulla skinnflak, som syntest vera påtegna rare tegn. Øystein skjøna straks at dette kunne vera verdfullt, så han stima rett til redaksjonen i AVISA. Redaktøren syntest kjenna igjen streka, og bad pensjonert lærar Per Jomar Hoel om å sjå på saka. Hoel er den einaste i nærområdet med norrøn linje frå gymnaset. Her følgjer hans utgreiingar.
Paul såg mot himmelranda. Så snøgt denne gule kula rakk å fare over heile himmelkvelvingen, snu, og reisa attende same vegen. Året som kunne bli hans siste i høgsetet, fauk avgarde ,og han fekk liksom ikkje å gle seg over alt det gode som skjedde. Den eine dagen åt opp den andre, og så snart eit slag var over, stod han med sverdet klart til å ta det neste. Slik hadde det vore, han visste det, men han ynskte at tida kunne gått litt saktare. No var året gått. Det vart fire år til, så det han ikkje rakk over, kunne han ta seinare. Han var audmjuk over alt han hadde fått med seg. Kvardagen vart rar og uverkeleg.
Det var så mykje meir enn kongevitjing, smiebyggjing, smieslakting og tingmannaval. Det var mange mindre hendingar som var viktige i fylkingen hans. Han sette dei høgt og let tankane fare.
Lia
Han sat i høgsetet sitt i Amundborga og levde seg heilt opp til Lia. Der var han enno ovnøgd med frillene som kom heilt frå Vika og laga gjestehus. Sveinane og møyene rundt om lika det dei fann på og vitja oasen deira ofte. «God mat gjev gode tankar og godt liv. Fred kan byggjast utan kniv,» kvad Paul og rosa frillene. Lite visste han om kor lenge dei orka å halde det gåande. Kaffe Sik fekk og ros for alt som vart gjort for trivselen åt folk.
Han tala og vel om Aina Krølle og flokken hennar, for det dei gjorde for Belte Skut og flokken hans. Ho samla mange som lika å ha krafta mellom beina og buldring i fjella. Mykje åtgaum langt ut over grensene til Paul-fylkingen fekk ho for alt dei fann på. «Snøkledte fjell er til for alle. Dei vil på kvar ein skapning kalle», kvad ho og vart aldri tom for nye tankar.
Tom for tankar var heller ikkje Egon Stubbe som var ein skikkeleg minnesamlar. Han samla i hop det som fantest av bilete langt bakover i tida, bad alle til Kaffe Sik si hole, og der undra dei seg over kven dei såg. Mange takka Egon for at dei hadde funne anene sine att og at dei vart klar over kven dei hadde som skyldfolk. «Blodet er meir likt i mange enn ein trur. Kanskje difor dei i same bygda bur», kvad Egon og fekk mykje åtgaum for tiltaka sine. Når dei var ferdige utpå kveldane, kunne dei vitja smia til Kenneth Kramkar. Han heldt gluggane opne slik at alle som ville inn og handle, kunne gjera det til langt på natt. «Svolten kan du bli både dag og natt. Magesuget fjernar Prikks så glatt,» kvad han og var svært nøgd med tilbodet sitt. Når Ænn Ærr Kå og dei andre kanalane hadde lite å by fram, drog mange på Prikks for å møte andre der.
Even Gjetar heitte ein. Han hadde så god styr på hundane sine at alle sauer som prøvde å stikke seg vekk, måtte gje seg over når Even Gjetar kom med medhjelparane sine. Ja, Even Gjetar for rundt om og kappast med andre om å få den beste hunden. Som regel vart han best. «Ein hundenase luktar milevis, ein lydig hund er heilt presis», kvad Even Gjetar, og heldt fram med å betre hundane sine. Men geitene som sveinane og møyene stelte med der dei minste borna var lærte opp, fekk vera i fred.
Korggryta
Nede i Korggryta gjekk Knut Skrivar og flokken hans og var særleg nøgde med seg sjølve. I ti vintrar hadde dei greidd å sende nyhendingar til folk rundt om i fylkingen. Dei som fekk pergamentrullane, var og nøgde. Sjøl om Paul Aspe langt frå var nøgd med alt Knut og hjelparane hans rissa ned i tid og utid, var han likevel glad for at dei var der. «Godt at andre ser på det som skjer. Godt at andre nyhender sprer», kvad Paul og gav dei mykje åtgaum. Ti vintrar var og skjenkebrønnen som Marianne Goddrykk ausa ut av. «God helse i god drykk, godt for sjela med eit ekstra trykk,» kvad Paul når han smaka på godsakene til Marianne. Han var særleg glad for at det gjekk godt med henne, for det var han og flokken hans som fekk brønnen til fylkingen.
Mange la og merkje til Nils Post når han krongla seg gjennom staden. God luft var det i den nye hjuldoningen hans. Ikkje veggar, berre tak. Han flira breiare når sola var oppe og regnet var borte enn når snøskurene gjekk rett gjennom farkosten, og han hadde meir enn nok med å berge pergamentrullane han frakta rundt. «Tida eg har er ganske stram, men uansett ver, skal posten fram,» kvad Nils og trossa vindkuler og slaps.
Paul var og nøgd med at så mange unge hadde skaffa seg holer i fylkingen hans. Harald Bresprekk hadde grave djupt i gullsekken sin for å lokke dei, men jamen hadde det verka. Paul heldt det han lova, og dei unge kom. Harald fraus nedover ryggen kvar gong han henta fram meir gull. Han lika det som skjedde, men såg stupet langt der framme.
I Svartpøla hadde dei tenkt på hundane sine. Mange tykte synd på dei firbeinte som måtte gå i band same kvar dei for. Dei laga difor ei kve der hundane kunne leike seg og springa så myje dei ville utan at andre vart brydd. Kvinendene i Pøla og møyer og sveinar på sida heldt på med sitt utan å vera redde for glefsande hundetenner og kjeftande hundeigarar.
Noko meir stivt var det i Ålmanhola der Elsa Trimme og Gerd Våge samla møyer i godt vaksen alder til samvær. Målet var å få meir jamvekt i dei når dei bøygde seg ned og skulle oppatt. Svært mange var med på dette, og krykkebruken gjekk kraftig ned etter kvart som dei øvde seg. «Ein dau kropp er tung å flytte, difor er bruk og øving til stor nytte,» kvad Elsa og Gerd og fekk mange godord frå dei som var med.
Godt for kroppen var det og at storsvevaren Silje Hopp fekk bruka seg på lamminga i saufjøset til Ketil Tronge. Silje var dotter til søster hans, så han tykte at skulle ho kome til topps, måtte ho bruke musklane på meir enn tunge vekter og sprettballar. Under lamming kan det bli tunge tak og hard muskelbruk. Å få fram eit liv, gjev jamvekt i sjela. «Meister vert den som taklar press. Silje har nervar som tåler stress», kvad Ketil og gav henne viktig påfyll før oppkjøringa til neste vinter starta.
God medisin gav og Ove Frikk som fekk slik lyd i felestrengane at både øyregangar og leggmusklar kom i spenn. Han hadde samla inn gamle sullar som dei som for lengst hadde havna under torva, hadde laga. No gav han det dei gjorde, nytt liv saman med tonesettarar, songarar og andre strengleikarar. «Okstoppane tenner gnist i oss alle. I alle år har dei lokka tonar fram. No vil eg gammelt og ungt framkalle, få lyd og stemning, mjuk og stram», kvad Ove og drog i gang. Ja, så skikkeleg drog han at då Kongen kom, måtte han ta ein bolk også for han.
Noko mindre åtgaum fekk nok Jan Gautatyr, som hadde laga ein heil pergamentrull om nokre vener som var reisande i Serkland, rett sør for Herakles Søyler. Seinare endra navnet seg til Mauretania og så til Marokko. Frå der gav han ei skildring så levande og god. Mange tykte vel om det han hadde gjort og prøvde å få fleire til å lesa skildringa hans.
Oppe på Korgberget var det og god stemning. For ein gongs skuld var det ikkje Asgeir Godlått som hadd ei ny hole klar til bruk. Denne gongen var det Venene til Korgberget som hadde teke fram mjødseidelen sin. Dei hadde i fleire somrar rydda stigar så fjellfarande skulle finne fram. Alle treivst på Korgberget og meinte at ein runde der oppe var godt for både sjela og kroppen. No hadde dei laga til ein veg og kvilarplass for dei som var ufør og måtte ha eigne hjuldoningar for å kome fram.
Det var og tenkt på mødre som lika fjelluft og ville trilla ein tur med småungen sin. Ved hola dei laga, kunne dei tenne opp eld og varme grauten dei hadde med. Helge John Langarm som no hadde gått over på gamalmannsløn, var leiar for holebyggjinga, og ei stashole vart det. «Gjæve fjellfolk, gamle, unge. Godt å sjå dykk i fjella fagre. Her kan du kvile fot og lunge, og fylle vommer, store, magre», kvad Helge John og spanderte både ein kaffetår og kjøttsmakar attåt. Venene til Korgberget fekk umåteleg mykje ros for det som var gjort, og mange helsesupar var skåla fram. Gapa Huk som hadde teikna hola, var svært nøgd med orda som vart sagt.
Bjerkastrond
På Bjerkastrond laga dei og fest. Det var hundre vintrar sidan møyer og sveinar der fekk eige hole der dei fekk lære seg å bruke griffel og skjøne at tal var meir enn krusedullar. Marit Skapar, søstera Åse og fleire til laga til ei skikkelg helg med både alvor og skjemt der det kom fram kva dagane i hola hadde gjort for framtida deira. «Ein god grunnmur må folk og hus ha. På Bjerkastrond greide dei det bra», kvad Marit, medan Åse laga eit langt kvad om heile livet til hola. Ho fekk mykje åtgaum for det ho gjorde.
Andre tonar kom det frå Markus Thon som hadde rømt heilt til Germania for å lære meir om ord og tonar. Likevel gløymde han ikkje Bjerkastrond. Mykje av botnen i det han laga, hadde han med seg frå Finnmork der far hans var ifrå og frå Vallaflata der han voks opp. Han laga ein joik til syster si som det gjekk gjetord om langt over riket sine grenser.
Kro-Glenn og Kamilla, frilla hans, hadde steikt og koka mat i fleire tiår i gjestehuset sitt. Gjestane sette stor pris på det dei bydde fram. Likevel kjende dei at mykje av det dei gjorde der, steig opp i halsen. Dei måtte finne på noko anna, unge som dei enno var. På staden var det to sysken som hadde kome til Bjerkastrond saman med foreldra sine frå Dalmatia. Alle fann seg til rette på den nye staden, og ettersom Amer og Arnela voks til, fekk dei låne ein gullsekk og kjøpte alt det Glenn og Kamilla hadde. «Her har vi festa rota vår, fått hjelp og gode vener. Her skal vi byggja opp det staden fortjener», kvad dei og hiva seg rundt med både teltplassar, holer og mat. Då det gjekk mot midtvinterblot såg alt lovande ut for dei.
Viggo Mottak som han vart kalla, kjøpte seg og opp på Bjerkastrond. Det som skjedde i Jarnsmiarstaden krevde husly for mange fleire enn dei der greidde å by fram. Viggo tenkte at her kunne han få liv i Bjerkastronda som tok til å bli noko attoverluta. Han la store planar for å treffe både dei med gull i sekken sin og dei som måtte til Helge Spare for å låne det dei trong. Då det gjekk mot solsnu, var han noko still, for guden Frøy hadde halde vinlendarane i Jarnsmiarstaden hardt i akslene og bede dei ta det litt med ro. Alle venta i spaning på kva som kunne skje.
Meir plass trong og Jonny Betong og sonene, Geir og Tom Rune. Dei laga dei sterkaste blandingar av sand og sement og frakta rundt til alle holer. Dei fekk mange godord om verksemda si. Så kom nokre miljøfrikar frå Vika og fann ut at dei måtte vaske sanda dei ikkje bruka. Den var for urein til å kastast på fjorden. «Skal vi halde fram med drifta vår, treng vi meir rom der vi trår», kvad dei, «Paul må gje oss plassen vi treng, Friken i Vika er kjempestreng», fortsette dei. Ingen trudde at Paul ville seie nei, men det var viktig at det gjekk fort framover.
Finnistrond
På Finnistrond var seidlane fylte opp og matfata påausa av mykje godt. Kvinnen der baud på gjestebod, for no hadde dei og formødrene deira halde på i ti seklar med å samle inn gull til dei som trong hjelp og dei som låg på sotteseng. «God ven skal ein vera med stor og liten. Støtte har vi gjeve til den som er sliten. Hjartet vårt bankar for det gode vi treng, -mat, tryggleik, og varme i seng», kvad kvinnene som dreiv på. Dei fekk mange lovord for handlingane sine, og alle var visse på at dei kom til å halde fram mange vintrar til.
Andre Brille og mennene hans hadde laga til ei trygg havn for koggane sine når hauststormane reiv i husnovene. Simon Naustbyggjar gjekk enno vidare. «Når snøen kjem, må koggane under tak. Her er dei sikra mot å bli til vrak», kvad han og reiste opp ei mengde med solide båtholer der koggane kunne stå til vårsola kom. Mange tykte at Simon var viktig for trivnaden i havna, og fleire planar hadde han.
Noko mindre rammel var det Steffen Spark sette i verk. Han samla dei som ville bruke spark til eit heidundrandes gjestebod med god drykk og god mat. Sparkføret var ikkje like godt for alle, men god mjød fekk alt på god glid. Det var nok ikkje siste sparkgildet på Finnistrond.
God stemning vart det og i hola som ynglingane på Finnistronda etter kvart hadde vorte så glad i. Fleire og fleire som sat og passa på gullsekken saman med Harald Bresprekk, tykte det gjekk vel mange myntar for å halde varmen i hola. Dei ville stengje og heller flytte ynglingane til holer som allereide var varme. Dette var det mange som ikkje lika. Det vart mykje pergament og kvasse ordvekslingar om dette. Striden enda på Tingvollen, og der slo dei fast at ynglingane kunne samlast der dei helst ville. Jubelropa gjalla heilt opp til Storveten då dette vart kjent.
Mindre larm var det i smia til Skrotleif Orsa. Han hadde i nokre år samla på gammalt og prøvd å selje det vidare til dei som var glad i slikt. Mange tykte vel om det Leif dreiv med, men det vart færre og færre som kom for å bytte eller handle. Etter kvart vart han gangande åleine og sparka i grusen. Han selde hola og gav bort det han kunne av det som var inni. Bruktsoga på Ungholmen vart difor kort.
Berget
Paul lika heller dårleg at dei som leita fram småkryp og rur i Leivika, let leggja att store dunkar og taustumpar etter seg i fjorden. «Ikkje vakkert med skit i havet. Husk at laksen bur i kavet. Få alt vekk og trygt på land. Rein Sørfjord krev alle mann», kvad Paul og såg strengt på dei han trudde hadde gjort det. Dei luta seg fram og lova betring.
Utpå haustparten søkte folk til Storlapphellaren. Fleire som lika og klatte med fargar, teikne figurar og vise fram det dei hadde gjort, gjekk saman og laga om heile hellaren til martnasplass, selde og viste fram alt som var laga. Bileta dei viste fram, fekk mange nye eigarar. «Vakre bilete får tankane på glid, kom innom her og bruk av di tid», kvad dei og fekk utruleg mange på vitjing. Det var nok ikkje siste gongen at dette vart gjort.
Stor ære fekk og Magnar Jass. I årtider hadde han sanka inn strengleikarar og blåsarar frå heile heimskringla til Jarnhola. Han hadde gledd utruleg mange med det han hadde gjort, og lite gjorde han for at andre skulle få greie på kva han dreiv med. Dette spurdest heilt ned til Vika og. «Prisen i år for friviljug tralt, sender vi nord til Jarnholas alt», kvad dei og meinte Magnar var ein høvisk vinnar. Då dette vart kjend, samlast alle som hadde lunger til å blåse og fingrar til å klimpre. Det var stort gjestebod i Jarnhola, og Magnar var feira og æra mest til ein ny dag ville ta over.
Mange godord fekk og Ananita som hadde funne seg ei hole i Vika og laga songar der. Etter at Vladimir Putt hadde sendt krigarane sine inni det gamle heimlandet hennar for å skræme dei til å gje seg over til Gardarrike, ville ho stø alle som nekta å seie ja til han. Lite gull hadde ho, men nok til handle bilar som kunne frakte krigarar og det dei trong for å drive Vladimir på flukt attende til riket sitt. Gullet ho fekk for synginga si, gjekk til heimlandet hennar. Mange lika det ho gjorde og stødde henne til å greie fleire sendingar.
Ei skikkeleg krukke vart fylt opp og gjeve til Båtrolf då han slutta å passe alt som Mar Ina hadde fått til der koggane var ankra. Sidan fyrste koggen la til lands hadde han stilt opp og lagt til rette for at dei som kom i land, skulle vera trygge på at dei fann koggen att seinare. Mange stridar hadde han kjempa, og mange nedturar hadde han snudd til noko bra. Lange økter hadde han sveitta med taustumpar, blåis og bobler, over og under vatn. No ville han kvile, og det fekk han. Han fekk med seg ei krukke med godt i for alt han hadde gjort.
Båtrolf var og nøgd med at dei hadde fått til ein ankringsplass for koggar på Juviksida av Berget. «Frå skuggeland til sol så varm. Juvikstrand med ekte sjarm», kvad han og rosa alle hjelparane som hadde fått det til. Etter at Juvikvenene hjadde laga plass for hjuldoningar ved den nye havna , gjekk rosorda tett på nordsida.
Det var ikkje måte på kor stolt Paul var av alle som budde i fylkingen hans. Han hadde tenkt på mange, men det for dubbelt så mange gjennom tankane hans der han sat og grubla. Han tenkte med gru på mykje av det som var vondt som han og måtte ha med seg. «Tenk om vi saman kunne dra oss fram. Stø kvarandre med brask og bram. Kutte snubling og vonde knep, stø kvarandre med faste grep», kvad han og vreid seg i høgsetet. Han kjende at lysta til å starte opp på fire nye vintrar var der. Midtvinterblotet kom så fort. Han for heim til Marit som hadde kjøtet varmt og drykken klar.