Striden om tarmgørret heldt fram. Ja, så hardt gjekk det føre seg at fleire av hovdingane vreid seg i smerte av di vomma nekta å gjera som ho skulle. Alle lika seg heller dårleg, likevel heldt dei fram med spitord og stygge skuldingar.
Røming og makt
Hulda frå Skaldøya som kom for å ordne opp i dette, hadde sagt sitt tidleg i striden. Ho vart så kvesta og skræmd at ho ville røme derifrå og fann seg noko anna å gjera i nærleiken av Vika. «Når ord ikkje gjeld, berre makt og våpengny. Då tek eg min fell og flyttar på ny,» kvad ho og gjorde seg klar for sørovertur.
Sesi Då, ei maktfrille ved Tromsøyar, brydde seg lite om at Hulda vart liggjande att etter henne. Ho hadde si meining, og strid lika ho. Likevel meinte ho at tarmgørrstriden måtte få ei løysing. Altfor mange hadde bukka under og havna under torva medan ho hadde vore i leiinga. Dette såg mange, og dei banka på skjolda sine for å få henne derifrå. Det ville ho ikkje. Sta var ho, og viss på at ho var den rette, var ho ikkje i tvil om.
Peter Tale
Peter Tale, hovdingen i Sandnes, hadde lova at aldri skulle så mykje som ein blindtarm sendast inn Ranfjorden. Alt skulle ordnast på Sandnes. Dette kunne dei. No såg det ut til at han hadde fått overtaket på Berit Hund om kvar sottesengene skulle setjast. Ho sleikte såra sine og såg ut til å gje Peter Tale sigeren. Ho hadde vorte lura, og ille nok var det. No var Peter klar til å slåss mot Geir Vågale og mennene hans om tarmane att. «Kvadet mitt er klart for alle. Til Sandnes skal både tarmar og galle,» kvad han og daska sverdet i bordet på langhuset sitt.
Løysing
No høvde det seg slik at mange kunnige menn om gørr og tarmar vart rådspurt i striden. Dei meinte at Jarnsmiarstaden var likaste staden for tarmlækjing, og skulle dei på sotteseng bergast, måtte dei grønkledde der gjera jobben. Nokre var usamde. Dei kunnige slost, krigarane slost, og Peter Tale og Geir Vågale såg ilskt i augo på kvarandre. Ingen kunne finne ei løysing. Tida gjekk. Dei på sotteseng klaga eller døydde.
Sesi Då sat i Nordriket sitt og såg alt det vonde som skjedde. Ho var redd sverdslaga til dei alle, og banesår ville ho få same kva for ein flokk ho stilte seg i. Så slo det ein ljos tanke inn i hjelmen hennar. Kvifor ikkje la Geir Vågale sine menn byrje å reinske tarmane, og så kunne knivmennene til Peter Tale ta over etter nokre år. «Alle får noko, ingen får alt. Fred må det bli, no har eg talt,» kvad ho og var kry av kvadet sitt.
Då Peter Tale høyrde kvadet, hoppa han i veret, veiva med sverdet og kvad frå hovdingesetet sitt: «Sesi Då, bauta skal du få. Same plass som Petter Dass!». Han såg for seg hærmennene slå på skjolda sine og rosa han for at slik vart det. Ja, så viss var han på at slik måtte det bli at han baud alle i fylkingen på gjestebod i langhuset sitt. Mjødkrusa skulle fyllast og Sesi hyllast.
Ute i havet vridde Midgardsormen seg, sende eldtunger mot himmelen og varsla berre meir strid.
Nidstong
I flokken til Geir Vågale var det ei anna stemning. Geir trudde knapt det han høyrde og han kvad: «Vitlaus tale, tomme ord. Nidstong trengs mot ho i nord». Han var harm i røysta. Ikkje skulle fylkingen hans bruka meir gull på denne sottesengstriden. Han kjende seg mett av alt.
Systrene og Okstoppane svartna. Feis Bukk skein som ei sol. No vart det opning for mykje vondt, og mykje vondt skulle det bli. Nåbleike menn lura seg mellom stadene, skalv og såg om nokon var bak dei. Godsleg var det ikkje. Kvart eit sverd vart slipa opp, og mange venta berre på å få hogge hausen av dei som dei lika dårlegast. Når Sesi Då hadde ærend til Vika, våga ho seg ikkje forbi Geir og Peter etter landevegen. I lufta var ho trygg. Fenrisulven sleit i kjettingane for å kome seg laus. Gnipahellaren rista. No var det kome så langt at berre Kongen sine menn kunne gjera noko. Rådløysa var stor.
Trønderdrosa, Ingvild Kjerke, som var Sesi sin leiar, heldt seg trygt unna. Ho var granne til dei begge og kjende godt til stridslysta deira. Ikkje hadde ho gløymd korleis det gjekk med Olav Digre då han møtte menn frå nord heller.
Uventa svar
Spaninga var stor den dagen kunnige hovdingar skulle seie ja eller nei til Sesi Då sine tankar. Ja, så spanande var det for Peter Tale at han drog heilt til Tromsøyar for å sjå på slaget. Han hadde med seg fleire menn. Sigeren hadde han, og han ville lyfte mjødbollane og gje Sesi den åtgaumen ho hadde gjort seg fortjent til med bauta og stort gilde.
Pilane gjekk taktfast fram og attende under striden. Flere og fleire meinte at Jarnsmiarstaden hadde fleire kunnige menn om tarmar enn dei andre, og tok dei til å lækje dei som kom dit, skulle det haldast fram på same staden. Peter Tale høyrde på alle og fekk med seg korleis det kunne gå. Han undra seg over at dei snudde ryggen til Sesi, og lite skjøna han av at dei på sotteseng var viktigare enn at handsaminga av dei vart gjort i Sandnes.
Domen kom: «I Jarnsmiarstaden skal tarmar herdast. Kunnige menn staden har. I Sandnes kan noko anna lækjast. Dette er vårt siste svar».
Utruleg
Då Peter Tale fekk høyre dette, sprengtes hjelmen hans. Han greip seg i tufsene som var på hovudet og nekta å tru det som var sagt. «Ikkje eg trur på slik ei tale. Full av ord som er skikkelg skrale. Aldri skal knivar flyttast frå oss. I Jarnsmiarstad vert det kaos». Det gjekk mange tankar i hausen hans. Systrene låg i ei tjukk skodde, og havvinden bles ein iskald trekk over heile øya. Slike dagar hadde han aldri sett før.
Berit Hund sa lite om avgjerda, men samtidig godta ho seg litt, for no fekk Peter att for alt det gale han hadde gjort mot henne. Fylkingen under Øyberget hadde så smått sett at dei hadde vorte lura, og no tala dei sterkt for at alt måtte starte frå byrjinga att.
Vitet sigra
Geir Vågale kvad: «Gjæve ord frå kunnige menn. Vitet har sigra. For godt stell av alle vi brenn. Glad vart eg, eg er smigra». Alle i fylkingen hans ropa godord til han, og sverda laga godlydar når dei slo på skjolda rundt om.
Striden la seg. Midtgardsormen sende ut mindre eiter. Nordhimmelen bleikna av, og glefsinga frå Fenrisulven vart stillare. Likevel vart det tiska i krokane rundt om. Hevntankane var allereide i emning. Dette skulle Geir Vågale få att så det kjentest. Det var ikkje berre knivane som vart slipne i løynd.
Flygande farkostar
Striden om å få landingsflater for flygande farkostar hadde vara i mange solsnuingar. No var den over. Geir Vågale hadde vunne, og no sat han i borga si og pussa vekk blod og skråmer frå sverdet sitt. Hærkleda var opprevne og lurvute, men det skulle han få hjelp til å stelle slik at han var klar til neste slag. Han visste at sigeren var hans, men han var ikkje trygg for anna enn at både Berit Hund under Øyberget og Peter Tale frå Sandnes ville leggje ut snarar for å kveste han. Ingen av dei hadde kome med gode ynskjer til han etter at Trygve Kneggum hadde gjeve han ein ruvande gullsekk for å starte opp. Jonas Styre hadde fått storhovdingen, Avi Nor, til å få flata i stand. «Avi Nor er stor og sterk, flata blir eit meisterverk,» kvad Geir og let storhovdingen få spaden han hadde starta opp med.
Gull
Mennene rundt Geir gjekk hard på i saka. «Vi treng gull til meir enn gata. Vi må stelle heile flata,» kvad dei og bad om meir gull. Og gull fekk dei. Det strøymde på frå liten og stor. Ja, så mykje fekk dei at dei måtte seie at no var det nok. «Flata skal bli til gagn for alle. No har vi gull og kan på alle kalle,» kvad dei og ynskte meir folk og fleire farkostar dit.
Berit Hund
Berit Hund merka seg at krigarane sjølve ofra gull til flata. Det lika ho heller dårleg. «Gullet skal koma frå Kongen sitt bord. Ikkje frå lomma til dei som der bor,» kvad ho. Ho lika ikkje at det gjekk så lett å få alt i hop. Sjølv var ho noko skamfaren etter krigane. At det vart tap mot Geir Vågale hadde ho rekna med. Løve Jann hadde gjort så mykje ukunnig at det måtte gå slik. Men at Peter Tale skulle lure ho slik at sottesengene havna hjå han og ikkje i kaupangen hennar, kom ho aldri over. Ho var så vonbroten at ho orka ikkje meir. «Ikkje eg trudde at verda var slik at vener kan gå over mannelik,» kvad ho, «eg gjev frå meg hovdingenåla, rømer heim til sau i Hundåla». Ho kjende at ho hadde fått nok. Folket under Øyberget måtte difor finne seg eit nytt hovdingeemne før neste tingmannaval.
Tom Fjell
Oppe i fjella var det ein lapp, Tom Fjell, som dreiv med rein. Han var ein gjev kar som kunne faget sitt. Han var liten av vekst, men stor i ord og handling. Alle i riket lytta til han når det var snakk om reindrift. Han visste kva han trong og kvar vanskar ville kome. Tom hadde setet sitt ved Tverrtjønna, og bruka heile Eldgruva som beiteland. Slik vintrane hadde vorte, kunne han ikkje berre bruke fjella. Han måtte og nytte skogslier og dalar. Regn og frost isla randane slik at reinen ikkje nådde tak i maten sin.
Då Tom skjøna at Geir Vågale var viljug til å slåss hardt for å få ei landingsflate til flygande farkostar, var det klårtat det måtte bli innafor beitelandet hans. Og så godt kjende han Geir at gjekk han inn i den striden, ville han kome heim til borga si med siger. Tom Fjell vitja difor borga til Geir og kvad: «Ikkje flyg reinen, men på bakken den beitar. Flata treng plass, og frå den blir det lydar». Tom og var spent på om Geir og mennene hans ville skjøna vanskane han kunne få. Dei la hjelmane sine saman og kvad: «Ikkje lagar vi flata for å kveste deg. Du skal ikkje gløymast, men hjelpast på veg». Tom var nøgd med svaret og venta på at dei skulle skrive ut ein pergamentrull om kva dei var samde om.
Høg fart
Tida gjekk og krigarane i borga til Geir Vågale stod på for å få alt ferdig til Avi Nor sine menn kunne ta til. Alt av skog vart reinska vekk. Dei som budde ved flata, vart vitja. Ja, så travle var dei at dei reint gløymde av pergamentet med Tom Fjell.
Tom som og var kjend for å vera ein liten luring, sa ingenting. Ikkje skulle han gjera noko , og ikkje tenkte han å minne dei på heller. Han visste kva rettar han hadde, og dei skulle fram når rette tida kom.
Nede på landingsflata vart meir og meir klart, og ein dag bad dei Avi Nor til bords. Geir kvad: «Gjæve hovding, alt er klart. Du kan starte i full fart». Mjødkrusa svinga og alle tykte vel om alle. «Glad eg er som flata får laga. Dette går inn i landet sin saga,» kvad Avi Nor og let Geir Vågale sprengje den fyrste steinen. Det gjekk hærrop over heile flata. Så glade hadde dei ikkje vore på lenge. Dei fyrste hjuldoningane kom, og bulderet frå flata spreidde seg langt utover.
Nei
Ja, så mykje bulder var det at det høyrdest heilt til Tverrtjønna der Tom Fjell hadde setet sitt. «Eg meiner vi hadde denne semja. At ingen kan starte før eg har sagt ja,» kvad Tom og gav seg i veg mot borga til Geir. Han hadde slipa sverdet sitt i fall han skulle få motbør. «Kva har du funne på? Starta opp og sagt Gå?» kvad Tom og gjorde seg brysk i røysta. Geir vart handfallen og stotra fram: «Huff, og huff. Du har dotte ut. Eg legg meg flat som ein klut». «Lite hjelp det. Alt må stoggast til pergamentet har eit utkast,» kvad Tom attende. No var han fast i røysta, og ingen skulle rokke han. Han hadde mange lovseiemenn i ryggen, så han var sikker i saka si.
Då Avi Nor fekk høyre om vitjinga til Tom, kvad han: «Geir du lova at alt var klart. No har du svikta skikkeleg hardt. Ikkje ein spade med jord blir flytta før Tom sitt navn til saka er knytta». Så klar var han at Geir ikkje kunne lyfte sverdet sitt ein gong. Han la det på bordet og viste at han gav opp. Det reiv i gullsekken hans.
Dagane gjekk, flata var still. Hjuldoningane var arbeidslause, mennene som passa dei, berre sparka i molda og kjende seg lura. Måtte dei snu og dra heim att?
I borga til Geir vart det ljos i vindaugo langt utover kveldane. For kvar ein dag rann det gull ut or sekkane som skulle brukast til noko heilt anna. Ein slik nedtur hadde dei ikkje venta. «Vi får berre høyre på Tom sine krav. La han få viljen sin bokstav for bokstav,» kvad Geir og veiva med griffelen.
Tom Fjell stelte med dyra sine oppe i fjellet og hadde god tid. Han skjøna at jo lenger tid det tok, jo lettare for han var det å få viljen sin. Dei var under hardt press, og mykje stod på spel. Tom hadde tenkt ut ein plan om Geir og mennene hans gjorde som han tenkte.
Så kom dagen at Geir ville ha Tom i tale. Tom vasskjemma håret sitt før han drog ned frå fjellet. Han var spent, men kjende på seg at nokon våpenkrig ville det ikkje bli. «Dårleg arbeid har vi gjort. Vi må løyse dette ganske fort,» kvad Geir og gjorde seg både audmjuk og liten innom brynja si. No skjøna Tom at sigeren var hans. «Eg har lista opp kva eg treng. Vegar bort og meir terreng,» kvad Tom. Han såg på Geir og mennene hans at dei var viljuge til mest kva som helst, så han kvad vidare: «Vi kan lage eit oppsett fort om eg får krava mine gjort. Då kan pergamentet seinare skrivast og få avtalen skikkeleg handfast».
Geir kvakk til. Var Tom Fjell så raus som han sa? «Meiner du at alt kan ta til att. Om vi samlast her, så blir ingenting utsatt?» kvad Geir og var noko undrande i røysta. «Eg vil berre ha min rett. Flata er eg for, uansett. Kan vi einast her og no, endar striden utan blod,» kvad Tom og skjøna at mennene på andre sida ville møte viljen hans.
Geir sine menn la sverda sine over brynjene og kvad: «Gjæv er di tale, god du er. På dine krav vi med godt hjarte ser.»
Mjødkrusa kom fram, det hang gulldropar i skjegg og bart. Hjuldoningane starta opp, steinlassa vart frakta vekk, og smellane høyrdest langt. Tom Fjell kom seg til reinane sine, men denne dagen fekk dei meir å eta enn vanleg. Det skulle bli mange gode dagar i Eldgruva etter dette.