Arvid i Kongelia heldt graving under Småpøykhytta da han kom over ein stor rull seigt kalveskinn. Etter å ha fjerna jord og skrot såg han rare tegn innrita. Han gjekk rett til AVISA med dette, og snart vart Per Jomar Hoel, einaste i nær omkrets med norrønlinja frå gymnaset, beden om å få dette omsett til moderne, godt norsk. Her er hans soge.
Tre år i hovdingesetet
Paul Aspe gjekk rundt på Berget, ytst i Sørfjorden. Tre år hadde det gått sidan han fekk plassen sin i høgsetet i Amundborga. Det hadde vore eit bask, kanskje verst mot Kor Ona, ein inntrengjar frå Austerlanda. Vond var han å sjå, og vond var han å få has på. Han hadde øydelagt mykje, for han hadde bruka så mykje tid mot han. Vondt var det å sjå kor medfaren mange andre og vart av framferda hans. No såg det endeleg ut for at han hadde snudd ryggen mot fylkingen hans og søkt lukka andre stader. Godt var det.
Eigentleg var han nøgd med åra som hadde gått. Nokre småkrigar hadde det vore, men jamt over hadde han halde det meste såpass fredeleg at blodeimen ikkje øydela kvardagane i fylkingen. No var det berre ei vanskeleg avgjerd han måtte ta. Skulle han gå inni striden til neste tingmannaval og prøve å styre fylkingen fire år til, eller skulle han flytte heim til frilla si og få rolege og gode dagar framover? Han ga seg god tid til å kome med eit svar, men når sola snudde neste gong, måtte han stå fram.
Plank Tonik
Han såg utover fjorden. Vakker var den, og inst mot Leirbukta dreiv hovdingen, Plank Tonik, og prøvde å få gull ut av noko så usynleg som rur, ei skapning som levde under vatn innover fjorden. Paul tykte tankane til Plank Tonik var spanande. At blåsene hans tok eigne vegar av og til, såg han mellom fingrane med. Mange trælar kunne få tjene til gullet sitt hjå han, og då var Paul nøgd. «I øyane odlar dei kvitfisk og laks. Her inne blir det dei små som er maks,» kvad han og gledde seg storleg.
Trappa
Likeså var han ovnøgd med trappa utfor Jarnhola på Berget. Mange vintrar hadde han mista fotgrepet og kome dansande nedover bakken på holka. No høyrde det soga til. Bakken var no laga slik at dei med lurar kunne stå der og blåse, og så var det rom til dei som ville høyre på og. Dei som skulle opp eller ned bakken, kunne no skrå seg opp eller kome seg uskada ned. Tenke Tank hadde funne på korleis det kunne sjå ut, og Berget-buarane var vel nøgde med resultatet. Det var særleg krigarar som no gjekk på gamalmannsløn som hadde teke tungtaket for å få dette til. Dei var ihuga trælar og hadde eit mot som yngre sveinar burde lære av. «Å sjå ut i veret og ønskje seg ting, er dårleg løysing mot ekte doning. Spytt i neven, sett i gang. Då får du noko som etter gjev klang,» kvad dei og heldt på til første lurblåsaren kom til trappa. Trond Landfast samla mennene og egga dei opp, Magnar Plugg fora dei med drykk og vaflar.
Storknarr, kilt og Bart
Glad var han og for at endeleg fekk mange gråhærde menn og friller minnast dagane Adolf Bart tok seg inn i landet, brende hus og herja med menn. Mange møtte opp for å vise at dei var glade for at Adolf vart jaga ut av landet. Frå Britannia kom keltarar med sekkar og piper, i kilt og i lærbrøker. Ja, det vart ein framifrå dag. Ingen våpen vart dregne, men mange ord og kloke hærrop æra dei som hadde levd og teke støyten, slik at dei levande i desse dagar hadde det hugsamt. Det vart og vist mykje som Fo To hadde laga, medan herjinga var som verst. Dei tenkte og på storknarren som låg på fjordbotnen rett ut for brygga. «Minnast må vi, men også læra; for betre dagar for heile verda,» kvad fleire. Paul heldt Brisingamenet tett om halsen. På slike dagar blir det så mykje meir verdt.
Gudehovet
Han kika på gudehovet høgare opp. Der hadde krigarar samlast sidan Svartedauden reinska landet. Same kven dei trudde på, samlast dei der. Mange bygg hadde vorte reist gjennom tidene, men alltid hadde dette stått. Sjøl etter dei siste herjingane. Mange hus rundt brann, men gudehovet stod. Dette året var tida kome for å lyfte mjødkrusa og helse til lukke. Fem mannsaldrar, med harde vintrar, hadde gudehovet stått mot ver og vind. Mykje vondt å minnast, men og hadde gode tankar ført Berg-buarane vidare. Dei var stolte av gudehovet sitt.
Paul gledde seg over feiringa. Han tenkte på Tor Tonesettar sitt verk ein av kveldane. Alle i gudehovet satt fjetra, medan Tor viste fram alt han kunne. Ikkje rart at taket helt på å gå til vers etterpå. Folk fraus og sveitta, klappa og gjorde stas på dei som var med. «Godt for hovet, godt for staden, glad vart eg for den bravaden,» kvad Paul, sette seg i hjuldoningen sin og vendte nasen mot Finnistrond.
Finnistrond
Her heldt til ei anna krigargruppe av gråhærde menn. Kvar tysdag kom dei ut or holene sine og bygde på ting som hadde manglar. Hadde veitslestova eit øydelagt bord etter ein litt for glad kveld, skruva dei alt i hop att og gjorde det klart til neste gong. Det same skjedde der dei unge sveinane og møyene var kvar dag. Ikkje alt som var skaffa dit, var like sterkt. Tysdagsgutane visste råd og fekk det meste til å verke att. Paul Aspe såg at Harald Bresprekk sparte mykje gull frå sekken sin på at desse karane var så godhjarta. «Godt for sjela i ein gjeng å støtte dei som hjelpa treng,» sa karane og gjekk laus på nye oppgåver, og dei var det nok av.
Sjølv om føtene til Paul Aspe var noko uviljuge til å ta store steg, tykte han det var svært at leikarlaget fekk samla hopevis av folk for å sjå kven som kunne nå Veten opp som den fyrste. Drepande tungt var det, men mange likte å sjå kva bringe og føter kunne tåla. Det var ein stor dag på Finnistrond då det bar til fjells med ein heil gjeng med friske folk. Hard kamp vart det og for dei som ville teste seg. Mange trudde nok at Kim Fjellfin berre kunne slå naglar og byggje holer. Der tok dei feil. Han la i veg, og mange vart skræmde heilt frå starten. Og Kim berre auka på, snart kom ryggen hans bort. Han vart den første sigerherren i denne langmota som visseleg kjem til å bli klatra kvar haust framover. «Godt for form og folkehelse, slikt renn kan gje mange frelse,» kvad Paul og ønskte alle lukke til.
Meir uroa vart han då det høyrdest at folk som kom med hjuldoningen sin gjennom Breivikhola møtte ein ny skapning. Der var det ein grevling som hadde søkt ly. «Vel er holeutvalget vårt magert, grevlingen har det visst også knagert,» kvad han. Etter kvart fann dyret ut at det var tryggare ute der det var større operom mot himmelen. Og fram komen til Bjerkastrond tenkte han på dei unge friske sveinane som hadde vakse opp der. Slike stader var viktige for tryggleik og god våpenhandsaming.
Bjerkastrond
Preben
Kvar gong Paul var i Bjerkastrond, tenkte han på Preben Stakar. Det var ein ungsvein med sterk vilje og mot til å slåss mot all overmakt. Ingen i landet på alderen hans tok seg fram på annera så snøgt som han. Paul var glad for ljossetting i annardørjer på kvar ein tettstad i fylkingen. Då fekk dei som ville bli best, skifte bakkar og øve seg kveld etter kveld. For øving måtte til kvar ein dag eller kveld for dei som ville nå toppen. Ingen var som Preben. Viljen hans for å greie det beste, var ikkje tilå stogge. Han leita opp dei beste karane på sin alder og kom seg saman med dei. Det bars inn til Jarnsmiarstaden, og seinare drog han til Nidaros for å bryne seg mot trøndske annarmenn. Midtvinters møttest alle frå heile riket til strid. Ingen kunne måla seg med Preben. Han fekk sigerskransen.
Martin
Like stolt var Paul av Martin Takle som og hadde vakse opp på Bjerkastrond. Han lika å leike seg med lærkuler. Martin skifta på kva lag han ville leika i. Til slutt havna han i Mørestrond der gulleigaren, Kjell Inge Løkke, fekk laga seg ein leikarvoll som lokka gode lærkulemeistrar frå heile riket dit. Martin fann seg godt til rette der. Etter kort tid var dei best i landet, og dei fekk prøve seg mot både keltarar, germanarar og gallerar. Dette var stort, og Martin Takle vart ein omtala forsvarar det gjekk gjetord om.
Markus, Aina, Maria, Emma
Paul syntest vel om at karane som hadde vakse opp på Bjerkastrond ikkje hadde gløymd kvar dei kom ifrå. No kom han på ho Helen Thone som drog heilt til Bamseholmen for å gjera nytt der. Mot og vilje hadde ho. Helen hadde fostra opp sonen, Markus, og dottera, Aina. Begge desse var alt vidgjetne. Markus for alle tonane han sette i hop og Aina for hærkleda, Milit, ho hadde laga. Paul tenkte og på motet Mari Bekk hadde som for på ein tohjuling Noregsriket på langs og Emma Mars som drog heilt til Det Austromerske Riket for å hjelpe mange arabervenar der. «Bjerkastrond har fostra brave unge, og for dei skal klokkene runge,» kvad Paul og laga lydar på hjuldoningen sin før han snudde seg mot Korggryta og for dit.
Korggryta
Paul heldt for det meste til i Amundborga og møtte de fleste der. Likevel for han mykje rundt om og såg til at ting gjekk rett føre seg.
Kampen mot Surt
I år var han særleg glad for at mange av mennene hans som sløkte lauseld, hadde fått seg to nye hjuldoningar. Når eldguden var i ulage, måtte våpna mot han vera både skarpladde og i god stand. Endeleg hadde fylkingen samla nok gull til å stå imot eldskaparen. Kom han med eldtungene sine no, skulle han jamen få handsaming. Vatn var det nok av, og slangane som skulle kvele han, var sterkare og hadde slikt trykk at han ville bli feia unna. Kent Vaktarmann som var leiaren for flokken, gledde seg ikkje til slike kampar, men han var meir uredd enn på lenge. Det same var Bjørn Damme som var saman med Kent. Han tenkte ofte på då Surt gjekk laus på lærestaden for sveinar og møyer nokre solsnu før dette. Utan hjelp frå fleire eldmenn ville det gått heilt gale. No var dei budde. Om eit år skulle dei få det til det same på Berget og. Tryggleik for folk var viktig. Eldmennene var avgjerande for å få det til.
Det høyrer og til soga at ein av dei gamle hjuldoningane vart gjeve til dei som budde lengst vest i Gardarriket. Sjølve Tsaren i aust hadde gått heilt av skaftet og gått laus på sine gamle, eigne og herja vitlaust mot folk og jordholer. Ingen lika dette. Paul Aspe sitt ting var samde i at det måtte hjelp til. Difor vart en av doningane frå Korggryta køyrd dit. Eldar var det nok av der.
Utvarpstova
Paul Aspe såg seg og nøgd med at utvarpflokken i Korgradioen enno var i live. Dei hadde dreve i halvannan mannsalder med talar om nyhendingar rundt om i fylkingen. Paul hadde sjølv vore i denne flokken. han meinte at alt sendt var vel meint. «Vitlaus mann er han som Korgradioen sviktar. Mannevit mykje har han som i den diktar,» kvad Paul. Vel tykte han om at Knut Skrivar og flokken hans hadde greidd å gje ut pergamentlappar med rita runer i mange, mange solsnu. «Kunnige menn, vit dei tarv. Vankunna lagar berre slarv. Godt med skrevne og lydmælande ord. Slikt gjer fylkingen vår så stor,» kvad han og gleddest ved dei som spreidde nyhende og annan kunnskap.
Arvid Lurblåsar hadde halde i ande ein flokk med blåsarfolk og strengespelarar i to tiår. Kvar veke hadde dei møttest og blåse i lag, og i lauvsprettdagane hadde dei ikkje svikta ein einaste gong. Dei hadde laga fest rundt om i fylkingen, og trælane rundt om hadde veiva med fanene sine. «Viktig er tonane frå kvar ein lur. Held oss saman, aldri sur,» kvad Paul. Mest å feira hadde den eldste flokken i fylkingen. Dei for med armbrøst og mauser. Denne flokken hadde fyra av skot etter skot i 150 solsnuingar, sumar som vinter. Dei hadde valplassen sin i Jesktuva oppe i Korgberget. «Viktig for fylking, viktig for land. Godt for alle, kvar veidemann,» kvad Paul og tenkte på at også dei kunne bli gode å ha om gardartsaren, Pu Tin, skulle sjå vestover mot Noregsriket. Skjutarflokken hadde starta i ei tid då sveane enno hadde kongen, så det trongst væpna menn.
Leikarstove
Kanskje var Paul mest kry av den nye Leikarstova for småfolka. Før snøen kom, hadde dei flytta inn, både småfolka og hjelparane deira. Over hundre møyer og sveinar hadde fått seg eit sete der. Noko meir gull enn tenkt gjekk med for å få dette til, men no stod stova der. «Glad for kvar unge som i stova leikar. Små hender mot framtida peikar,» kvad Paul og heile hans flokk. Ingen våga å slåss mot noko slikt. Det var som å stikke sverdet i eigen fot.
Lia
Paul lika godt at latmannsbakkane i lia vart så høgt verdsatt. Yngre frå heile fylkingen drog dit og leika seg på annera og sledar. Dette året hadde leiarane i bakken laga ny hole for draginga opp bakken. Det vart tryggare, likare og raskare. Alle tykte vel om det.
Likeså hadde Paul fått med seg at ein kvast av eldfulle friller hadde slege seg ned i markene der i Lia. Desse var fulle av påhitt og sette mykje i verk. Ja, så snøgt gjekk det i svingane at då dei ville starte med ei lita veitslestove, måtte dei stoggast. «Reglar gjeld for kvar og ein, gjeld for kaffe, gjeld for rein,» kvad han, men muntra dei opp til å halde fram.
Lettare å få godkjend var det for dei som ville ha seg ei køte på Liberget. «Gåsvatn treng ein gapahuk. Rett plass for å fylle ein buk,» kvad Paul. Han gav godord til dei som tok tungtaket med dette. Gapahuk vart det og ved Svarttjønna. Hit kunne Belte Skut sine menn fara på vitjing. Denne flokken var ellers særs nøgd med at Kenneth Kop let dei fylla det som trongst, anten det var dag eller natt.
Paul Aspe hadde no teke turen gjennom heile fylkingen. Han tørka skallen og såg rundt seg. Fjella var fine, folka var gode, mat var det til alle, og vegane så som så. Han såg mot Kjerringtoppane og kvad : «Gjeve år i fylking god. Usemje lite, knapt med blod».
Sola gjømte seg bak Vesterfjella. Han let akslene siga, og kjende ein god og varm dåm stiga mot seg.