Når Hemnes Kunstforening sendte spørsmål til Hemnesjazz, vart noko nytt født: litteraturpub. Hallvard Kjelen har skrive boka «Helgeland som litterært landskap» og er på laurdag å sjå på Jernvaren.
– Du har skrive boka «Helgeland som litterært landskap». Kva handlar boka om?
– Boka «Helgeland som litterært landskap» handlar kort sagt om korleis det landskapet vi bur i, Helgeland, har vorte framstilt i litterære tekstar. Eg skriv om ulike typar tekstar, alt frå sokneprest Iver Anker Heltzens Ranens Beskrivelse til Laila Stien sine barnebøker.
– Litteraturen kan kanskje seie oss noko om korleis vi oppfattar naturen og landskapet, kva haldningar vi har til verda rundt oss, og korleis desse haldningane har endra seg over tid. Heltzen som levde på starten av 1800-talet forstod landskapet på ein heilt annan måte enn det vi gjer i dag. I dag går vi gjerne opp på ein fjelltopp for moro skuld. Det ville Heltzen truleg funne særs underleg.
– Kvifor er dette noko som interesserer deg?
– Eg trur at det er naudsynt å tenke over korleis vi forstår relasjonen mellom menneske og natur, mellom menneske og landskap, og at det er viktigare no enn nokon gong før. Tekstar frå ulike tider gjev oss ein moglegheit til å bli merksame på korleis vi sjølve tenker. Tekstane kan sånn sett fungere som speglar for oss.
– Kan du fortelje litt om korleis prosessen med å lage boka har vore?
– Boka starta som ein idé i samband med eit prosjekt som handla om korleis ein kan formidle kulturspor i landskapet på ein berekraftig måte. Ideen førte til ein skriveraptus, og eg satt etter kvart på eit manus på ganske mange sider. Eg tok kontakt med Orkana Akademisk Forlag, og dei syntest ideen var god. Arbeidet med boka har vore særs interessant, og eg har lært mykje nytt, både om lokal og regional litteratur og om Helgeland.
– De flytta nyleg frå Bleikvasslia til Nesna, kva i all verda har det seg?
– Eg har arbeidd på Nesna sidan 2009. Det er eit stykke å pendle frå Bleikvasslia til Nesna. Det fungerte lenge heilt fint, men då Lydia byrja på skulen, vart det litt meir innfløkt å få til dette på ein måte som balanserte familie- og arbeidsliv på ein god måte. Det vart kort sagt mykje enklare å få kvardagen til å gå opp med ein base på Nesna. Vi får likevel ikkje heilt til å rive oss laus frå Bleikvasslia, og er der så ofte vi kan. Julefeiring på Nesna er til dømes ikkje aktuelt for innlandsnissar som oss.
– På laurdag kjem du til Hemnesberget og skal vere med på litteraturpub på Jernvaren. Kan du fortelje litt om kva som skal skje denne kvelden?
– Kvelden skal bestå av ein kort presentasjon av boka og ein påfølgjande samtale mellom Svein Hammer og meg. Etterpå blir det opna for diskusjon, og ettersom det er annonsert som litteraturpub, går eg ut frå at det er mogleg å få seg nokre forfriskingar.
– Litteraturpub – er dette noko for spesielt litteraturinteresserte, eller kan «kvarmannsen» komme?
– Eg trur at alle som har interesse for enten natur og landskap, lokal- og regionalhistorie eller litteratur, kan finne arrangementet gjevande. Det blir vel sånn bortimot kvarmannsen.
Hallvard om Hemnes
– Kva er det beste med Hemnes?
– Mange ting kunne vel vore nemnt her, men eg trur eg vel fjellnaturen denne gongen.
– Kva hemnesværing fortjener en stor bukett blomster?
– Bleikvassli-naboen vår, Marita Hansen. For godt naboskap og for alt arbeidet ho har lagt i å realisere barnehagefjøsen.
– Kva greier du deg ikkje utan i Hemnes?
– Som ny Nesnaværing får eg nok av sjø og kystkultur der, og tek meg i å sakne snø og skiføre. Det finst det, i alle fall vanlegvis, nok av i Bleikvasslia.
– Du får endre ein ting i Hemnes. Kva?
– Apropos temaet for boka mi: Eg skulle ønske at lokalpolitikarane (og folk flest) vart flinkare til å sjå på Hemnes-landskapet som noko meir enn ein potensiell pengemaskin.
– Smul sjø eller evig snø. Kva er din favorittplass i Hemnes?
– Her vel eg å gå ned til tomtenivå, og svarer sjølvsagt Nermohåjen.