Paul Aspe stod i Lia. Sol var det ikkje. Ho hadde gøymd seg bak Kjerringtoppane. Snart ville ho snu, og då ville ljoset kome att, og dagane ville bli lengre. Paul trong ikkje sola for å sjå ljost på ting, men han kjende at det hjelpte på. Alt vart liksom lettare når fjella vart gullfarga. Han let tankane sige nedover fylkingen.
Lia
I Lia emna dei til med enda eit gilde med Belte Skut sine menn. Det samla folk frå mange fylkingar, og både møyer og sveinar saman med gråhærde fekk prøva seg både på humpar, bakkar, stor og liten fart. Særleg gaman var det med dei som for saktast fram. Det fekk mykje åtgaum. Aina Krølle styrde med stødig hand alt som skjedde der.
Mange tok og turen til Lia når dei opna kamkakboksane sine. Då strøymde det på med svoltne deigelskarar, og kaker fekk dei så det monna. Kaffe Sik slo ut portane på hola si på desse dagane, og mat vart det til alle.
Gjevt var det og at Kåre Bør og Merete Gnuar bad med seg unge sveinar og møyer frå mange fylkingar til Lapplægeret som var bygd opp av liabuarane. Der fekk dei vite korleis det var å greie seg i skog og mark. Maten fekk dei ute, og jamen måtte dei liggje ute om natta og. Dei vart både våte og kalde, men gleda over å vera saman fekk alle i godt lune. Mange sa mykje godt om det Kåre og Merete fekk til.
Rett bakom ryggen sin hadde Paul no den nye veitslestova som frillene frå Vikalandet hadde reidd til. Dei hadde kome for å finne ro i hugen sin, og no ville dei gje noko att til Liabuarane. Dei skjenkte både mat og drykk og fekk mange godord for staden sin. «Blotarstader trengs der folk vil bu. Ikkje så nøye med kva dei har til tru. Slik dei får det til å brase, blir blotarstaden ein oase,» kvad Paul og let tankane sine gå vidare nedover i fylkingen.
Brygge sin Dal
I Brygge sin Dal heldt Helsedag Brygge framleis til i borga si. Han og Harald Meie hadde alt gjeve ut ein pergamentrull om knarrsoga i fylkingen. Dette gjekk dei så djupt inn i at no hadde dei ein rull til om det same. «Å klinke knarrar høyrer soga vår til. Vidkjent er smedane for sin stil,» kvad dei og meinte at alle skulle vera stolte av dei som hadde gjort dette før. Dei bretta ut rullen og tykte vel om det dei hadde gjort.
Reinåflata
Mykje åtgaum fekk drivarane på Reinåflata. På eine sida av råket dreiv Lise Doff og John Øyk med hestar. Dei hadde fått laga ei ovleg stor leikarstove for dei som ville rida, og ellers køyrde dei rundt om på åkrane i stor fart. Dei for rundt i riket og kappkøyrde med øyken, Doffen, og gjorde det særs godt. Ja, så godt gjorde dei det at berre to vart betre i heile riket. Mange tykte vel om det dei dreiv med, og mange vitja leikarstova deira med hestane sine. Ja, mange let hestane sine bu på garden og få maten sin der året rundt. «På Reinåflata har øykene gode dagar. John og Lise gode opplegg lagar,» kvad dei og var særs nøgde.
På andre sida av råket på Reinåflata var det andre skapningar som vart stelte med. Her gjekk det i mjølk og kjøtt. Fleire jordtrælar hadde gått saman og reist ei skikkelg hole for dyra. Dei gjorde alt så grundig og stelte så vel med dyra at Store Fylke hadde merka seg kva dei hadde gjort, og han gav dei heider, blomar og ei sølvtine. «Topp smak av kvar mjølketår. Ikkje alle slik heider får,» kvad Store Fylke og gjorde stas på kvar ein av dei.
Korggryta
Vårblotet i Korggryta gjekk føre seg før blomane hadde kome skikkelg fram. Mange tok del i det og. Otto Yngling og Elisabeth Drille var av dei som drog lasset og fekk folk til å trivast dag etter dag. «Den største gleda ein kan ha. Det er å gjera andre glad,» kvad dei og var allereie i full gang med å tenkje på neste vårblot.
Spreke Lise og flokken hennar hadde nok ein gong fått Klemetblotet unna. Mange strøymde til og var ovnøgde med det dei fekk vera med på. Blotet heldt dei på åkrane til Eivind Jamt. «Godt å minnast dei gode, gamle. Godt for hugen å tankane samle,» kvad mange som blota der. Der var det både vått og tørt, gode ord og hugsame rettar.
Stor stas var det og då fargerike krigarar samla seg for å vise at dei var like gode som andre, enda om dei hadde stor hug til å vera i lag med nokon med same utrustning nedantil som seg sjølv. Det var ufred over heile riket om dette. Korggryta var full av folk som vill vise at dei var samde i at dei som lika kvarandre, kunne bo ilag. «Venen sin skal ein vera ven og løna gåve med gåve. Gode venar må få saman sove,» kvad dei.
Den store Kooparstriden
I Korggryta hadde Kooparstriden lagt seg. Ingrid Kop og Arnulf Røykje meinte at kjøpestova deira var for lita, så dei ville kakka seg på lag med andre Kopfolk. Det mangla ikkje på friarar då dette var kjend. Dei kom frå Bodøyar og Nidaros, og det var ikkje måte på kor bra det skulle bli her. Vondt blod vart det ikkje, men usemja var synleg. Ingrid Kop kvad: «Med Bodøyar på laget får bua ny stil. Vi tek dei, ingen tvil». Eivind Olde hadde vakse opp med Kopbua som næraste granne. Han var ikkje samd og lika dårleg framferda til Ingrid og Arnulf. «Kopen vår blir best med våre trøndske grannar. Musklar har dei, der eg landar,» kvad han. Han fekk med seg Skog Jomar på tankane sine, men der stogga det. Alle dei andre ville nordover. Dei let seg ikkje rokke. Striden ebba ut og vinnarane jubla. Dei to Perane tusla noko medfarne etter handsaminga dei fekk, heim att til frillene sine og vart trøysta der.
Innom Kopveggane var det mykje nytt. Bettarbua samla dei som laga hærklede med pinnar. Like ved fekk mange no stelt skinnet sitt for å sjå noko likare ut. Maria Glov heitte ho som stod for dette. Mange var spente på kva som kom til å skje når mennene frå Bodøyar kom for å endre bua.
Korgberget
Kvart år skjedde det noko nytt i Korgberget. Dette året var ikkje noko unntak. No heldt venene til Korgberget på med å lage eit råk bortover eit stykkje. Meininga var at dei som ikkje greidde å gå, kunne få ei råk for stolane sine. Eller for dei som hadde små ungar. No kunne dei skuve ungane i hjuldoningar frametter. Så vil dei lage ein eldstad med ly mot været, slik at utsynet mot Okstoppane eller Luktspissen kunne nytast. «Det blir fint på toppen å sitja for dei som eldstaden vil vitja,» kvad dei og vona alt skulle bli klart til snøen kom. Men slik gjekk det ikkje. Plank og torv til eldstaden kom ikkje i tide. Kor Ona fekk skulda.
Oppe på Korgberget hadde møya, Maria Laks, teke sete. Ho treivst i høgda, og med Luktspissen og Okstoppane omkring seg, fekk ho den roa ho trong og det vidsynet som var naudsynt for å samle tankane om laksforing og stell. For å vise kor takksam ho var for dette, opna ho gullsekken for venene til Korgberget. Ho sette og så stor pris på Asgeir Godlått sitt strev for å hjelpa henne at ho sa at ho kunne koste snøbrøyting så han kunne drive heilt fram til midvinterblotstida. Paul Aspe tykte vel om dette og sa at då kunne også fylkingen hans gjera like eins.
Maja
Inne i Jarnsmiarstaden hadde dei spelholer som mange lika å vitja. Dette året kunne folk få kome å sjå på eit spel om Ronja, dotter til ein skikkeleg røvar. Det var strid om kven som skulle få vera Ronja. Då var det ei lita møy frå Korggryta som ville prøve seg, – og ho vart best av alle. Ho heitte Maja. Ho gjorde det så godt at ho vart Ronja halve året. Ho fekk mykje åtgaum for det ho gjorde. Mange trur no at ho vil våge seg på fleire spel i åra som kjem. «Ei god åre ho har i kroppen. Den kan føre ho heilt til toppen,» kvad mange som hadde vit på slikt.
Bjerkastrond
På Bjerkastrond hadde dei starta med eit tavlspel som mange unge sveinar og møyer lika. Dei let kongar og bønder kriga mot kvarandre. Steffen og Sanna Bonde let Vallahola bli valplassen for kampane. Mange tykte vel om dette.
Fråsegn gjekk det og om Kopen på Bjerkastrond. I staden for å kaste det dei ikkje fekk salg på til midtvinterblotet, gav dei det til eldre som låg på sotteseng i Korggryta. «Søtt er godt om blotet er slutt. Godt for eldre, så absolutt,» kvad dei på Kopen og langa neverkoppar med gotterier til dei.
Mange var og spente på kva Viggo Mottak ville reise for å skaffe husrom til folk som kom til fylkingen. Det same med Erna og Hallvard Entre. Dei og hadde skaffe seg rom for å drive fram holer til trengjande. Det var lite snakk om dei alle, for dei heldt pergamentlappane tett inntil brynja. Folk var spente på kva som ville skje.
Finnistrond
Paul Aspe hadde setet sitt der når han ikkje var i Amundborga eller for rundt i fylkingen. Han gledde seg til han kom til hola si under midtvinterblotet. Men denne dagen var han noko rådvill om kva som måtte gjerast for å sikre Svalengråket. Kunne den dagen kome at Kennet Svale ikkje fekk sendt mjølka si? Korleis ville det bli? Ikkje hadde han svaret, men han måtte setje dei rette folka på råket.
Meir spent var han på kva som kunne skje på andre sida, inst i fjorden. Det hadde vore så stilt omkring knarrholene som vart reist der. Digre raude holer med god plass for sjøfarande knarrar. Det såg så gjevt ut. «Den som har trua, får ting til. Godt blir det når ein vil,» kvad han og vona mykje spanande ville skje. Han såg rett på knarrholene frå hola si. Etter at gampane som sprang rundt der, hadde flytta til Reinåflata, hadde lite skjedd i vasskanten inst i Finnistronda.
Glad var han og for at Andre Brille og mennene hans fekk unge sveinar og møyer ut på tohjulingar for å læra seg å ta seg fram der både gåande, dyr og hjuldoningar ferdast.
Berget
Falk Mo
Før ein kjem til Berget, går leia om Sund, ein grøderik flekk med verksame jordtrælar. Dei odla jorda og stelte godt med dyra sine. Ja, så godt hadde dyra det at det gjekk gjetord om sæden ein tyr gav frå seg. Falk Mo heitte tyren. Brei var han om bogane, og godt utrusta var sædreiskapen hans. «Supersæd frå Sund, gjev godt avkom om ei stund,» kvad dei som henta seg sæd der. Det var ikkje få som ville at etterkomarane til dyra sine skulle få anerekkja si frå Sund. Paul skjøna det godt, for staselegare tyr visste ikkje han om.
Na Tre
Ytst i fylkingen til Paul Aspe låg Berget. Der var holene tettbygde og råka mange. Paul var kry av det storhovdingen Na Tre hadde fått til. Krigarar frå over to titals land og rike stod på der, og vindaugsgluggar susa ut frå hovudhola. Dei var spreidde over heile Storriket, og meir til. Det som Glas Odd hadde sett i verk, tok Hans Skjære og mennene hans og dreiv vidare på dugeleg vis. «Eit vindauge mot verda, må alle ha på ferda,» kvad dei og stortreivst saman. Hans Skjære og folka hans fekk og rosande ord heilt frå Kongen sine menn for det dei gjorde.
Ynglingar
Paul lika og godt at mange av dei gråhærde sjøulkane på Berget bad mange ynglingar med seg og ville læra dei opp til å trivast på havet. Dette var mykje omtykt. Knarrar var det nok av, men det mangla mange unge som kunne bruka dei. «Knutar og sjøvit tek bort mykje slit,» kvad Torbjørn Skjær som var ein av dei som tok seg av ynglingane.
Mar Ina
Noko mindre slit ynskte dei og at det skulle bli der bergbuarane hadde koggane sine om vinteren. Dei var så plaga med at isen braut koggane ned når frosten tok tak. No hadde hovdingen Plank Tonik funne ut at kanskje han kunne hjelpe til med bobler og uro i vatnet utanfor stengselet. Då ville isen bøye unna og sige til havs. Han hadde og ein baktanke med dette. Han trudde at ruren hans ville trivast betre når det vart laga bølgjer. «Luft må ruren min ha, eg er gjerne til hjelp for Mar Ina,» kvad han og frøste bølgjer mot Sørfjorden.
Mar Ina hadde fått for lite plass. Støtt fleire ønskte å ha koggane sine der Mar Ina styrte. Han var gjev til å passe på, så hjå han var dei trygge. Han kakka seg difor på lag med hovdingen Juv Ika, som hadde setet sitt på andre sida av eidet mot Jarnsmiarstaden. Der var det mindre is og nok vatn, men mindre sol. Dette brydde knarreigarane seg lite om. «Viktig for oss å ha eit bol. Knarrseter treng vi, ikkje sol,» kvad dei og gjekk laus saman med Mar Ina og fekk til eit trygt og isfritt sete for knarrane sine.
Heidersmenn
Heidersmenn er det mange av på Berget. Dette året tykte Paul at Steinar Knarrbyggjar fekk fortjent ros. I mange solsnuar hadde han stelt med knarrar, bygd murar og lappa på holer som var i ustand.Så mykje hadde han fått i gjort at Kongen si hird i Vika hadde merka seg mengda. Sjølvaste Hovdingen for gamle holer, Simen Bjørg, vart send til Steinar for å gje han den merksemda han burde få. «Ikkje mange som deg vi har, liv du får av ruinar,» kvad han til Steinar og meinte han var framifrå i alt han gjorde. Noko handfallen tok Steinar mot både gull og blomar. «No mista eg både munn og mæle. Uvant er eg med slik ros,» kvad Steinar. Han høyrde at kvadet hans ikkje rima, men det var det einaste han kom på. Alle gledde seg over merksemda Steinar fekk. Mindre oppstyr vart det ikkje noko seinare då Paul Aspe og flokken hans ville heidre han med sin pris. «Gjæv du er i alt du gjer,» kvad Paul. Steinar vart utan mål og mæle endå ein gong.
Magnar Plugg kalla dei ein annan heidersmann som fekk mykje merksemd dette året. Mest lika han å få lydar ut or store kasser og få lurblåsarar og strengleikarar til å leike saman. Han kjende mange rundt om i Kringla Heimsins, og han greide å få dei til Jarnhola, mange kvart år. Dette var mange takksame for, og så ein kveld medan Bergajåssfolka var på Berget, samlast mange og heidra Magnar for alt han hadde gjort. Tårer, tonar, rosande ord og klappsalvar fylte heile Jarnhola. Magnar vart reint brydd, han. No var han gjest og fekk ikkje setje inn ein einaste plugg. Det gjekk gjetord om denne kvelden lang tid etter.
Thomas Farge heitte ein liten hovding som hadde teke sete I Odden på Berget. Han starta i ei falleferdig hole og rusta den opp. Så skaffa han seg fleire holer i nærleiken som han gjorde det same med. Til sist vart det eit vakkert tun som alle tykte vel om. Paul Aspe og flokken hans hadde sett alt Thomas hadde gjort og ville gje han ein pris for det. «Godt at Odden får nytt fjes. Gammelt blir nytt, god fres,» kvad han og rosa Thomas for alt han hadde gjort. Thomas vart stolt og kvad: «Skraping av veggar og jord i trass. Slik fann eg Markens grødes plass. På veggen skal provet henge, og der skal det synast lenge».
Mot midtvinterblot
Paul såg mot kveldinga i sør der han stod. Berre ein svak ljoskje var å sjå. Han var nøgd med fylkingen sin der han stod i Lia og drøymde seg bort. Mykje hadde skjedd dette året, og meir spenning venta framover.Han var nøgd med at pilletrillarane skulle få betre holer etter kvart på Berget. Det hadde ikkje vore berre triveleg å få slengd alt i maska, men han tok ikkje att denne gongen. Det var ikkje heilt bra slik dei hadde det, så han opna gullsekken for å løyse vanskane. No såg det betre ut.
Likeså var han nøgd med at striden om matpakkane for dei minste sveinane og møyene var løyst. Noko gull gjekk det med der og, men grid vart det. Og det tente i alle fall dei minste på. Særleg glad var dei i Korggryta for Den Digre Leikarstova som vart teke i bruk der.
Kanskje mest spent var han på fleire med store gullsekkar som ville kome til fylkingen hans. Lite sa dei, men dei for frå hole til hole og ville skaffa seg grunn. Ingen fekk seie noko, alt skulle skje i løynd. Mykje vatn frå Stat Kraft ville dei bruke, men mange trælar skulle få høve til å tene gull om dei ville med. Det same sa luringen som leita etter gull i fjella ved Lia. Ingen fekk høyra noko. Alt var like løyndomsfullt som sola han ikkje kunne sjå. Men han visste at ho var der, og at ho ville kome att etter midtvinterblotet.
No hadde Paul berre ein solsnu att i hovdingesetet sitt, om han ikkje slipa opp sverdet sitt og ville gå på valen på ny. Just no brydde han seg lite om det. Han visste at med sola kom motet og kampviljen. Det gjekk mot midtvinterblot, og no lika han å tenkje på at det vart berre gode dager med mykje mjød og mengda med mat. Han snudde nasen mot Finni og ville til frilla si i Nordmarka.