Folk budde i jordholene sine rundt om. Mange bygde seg jordholer sjølve, medan andre takka seg til å leige jordholer som andre hadde bygd. I fylkingen til Paul Aspe var det og slik.
Paul sine menn hadde bygd eit utal av holer som vart leigde bort. Tanken var at dei kunne leigast berre nokre solsnuar. Så kunne andre få leige som ikkje hadde bygd sjølv. Han fekk Terje Mjølsekk til å styre med dette. Navnet sitt hadde Terje fått av di han sende mjøl og dyrefor ut til jordtrælar rundt om. Han var ei vettug mann som kunne halde styr på alt, for lett var det ikkje. Terje hadde fleire rådgjevarar med seg. Paul Aspe hadde handplukka dei.
Så høvde det seg slik at det kom litt lite gull inn i sekken til Terje. Utan gull greide han ikkje å stelle med jordholene slik han ville. Han måtte få inn meir. Det vart heller ikkje greit at nokre slapp å leige for lite gull, medan andre måtte grave djupt i sekken sin for dekkje opp skylda si. Urettferda var stor, men slik hadde det vore, og ingen gjorde noko med det. Terje-flokken tok dette opp og ville ha endring. «Urett er det at nokre snyltar og gullet sitt i lomma syltar. Rettvis leige må vi ha, like dyrt, så blir det bra,» kvad dei.
Ole Pætt heitte ein av dei som leigde ei jordhole av Terje. Til dagleg for han rundt på ein raud hjuldoning og gav helleristingar og smålappar av pergament til husmennene som budde i fylkingen. Dette lika han godt og var vel nøgd med kvardagen sin. Så kom helsinga frå Terje og mennene hans. Dei måtte ha meir gull frå kvar ein for å halde jordholene i god stand.
Ole Pætt samla mange av jordholebuarane rundt seg. Fleire hadde teke skade av kravet frå Terje og Hå Be Æss som lutlaget hans vart kalla. «Ikkje vi finn oss i slik ei klåing, krava hans er drepande flåing,» kvad dei og sette skarpaugo sine på Terje og mennene hans. «Lovseiemenn må døma rett. Ei slik handsaming er verkleg slett,» kvad dei og sende alt til Jarnsmiarstaden for å høyre kva dei lovkunnige meinte der.
Knut Skrivar og flokken hans i Skrivarstova fekk nysn i at det gjekk hærpilar i saka. Dei spurde både Paul Aspe og Terje Mjølsekk om kva som gjekk føre seg. Dei var tause som i grava. «Når lovseiemenn er tilkjent saka, kan eg ikkje seie om eg er skaka,» kvad Paul, la hendene på ryggen og tusla rundt i Amundborga. Knut Skrivar sat att med griffelen i handa og fekk gjort lite.
Etter kvart kom lovseiemennene med sitt. «Krav frå Hå Be Æss altfor harde. Bruk av bytal, alt for gale. Leigemenn har gjeve for mykje gull, noko anna er berre tull,» høyrdest kvadet. Ole Pætt og mennene hans lika dette, gledde seg over avgjerda og fylte mjødkrusa sine. «Med harde hælar skal ingen trø. Då er det trakkaren som får blø,» kvad dei, og såg fram til at gullsekken deira kunne fyllast litt.
Hå Be Æss-flokken la hjelmane sine saman og var samd i at lovseiemennene ikkje kunne ha dømd rett. «Til Kongen vi går for å få vår vilje. Urett skal fjernast, men også vrang vilje,» kvad dei og anka alt lovseiemennene hadde sagt. Mange av jordholebuarane vart då sterkt uroa, men ikkje Ole Pætt. Han spytta i nevane og kvad: «Eg har rett, ingen tvil. Eg står i striden i min stil». Kampviljen hans var stor då han for rundt i rauddoningen med pergamentlappane sine.
Etter kvart kom det eit svar: «Ole gjev mindre, men ikkje dei andre. Deira sak kan vi ikkje forandre». Då var det som Tor med Bukkane kom over Korgberget. Det ramla i kvar ei jordhole, spitord vart sendt ut av gluggane og sverda vart slipa.
Hilde Bok heitte ei som leigde ei av jordholene. Ho vart rasande. Krøllene på hovudet reiste seg og glasaugo svartna. «No kjem uretten skikkeleg fram. Slikt stell med folk er ei ovstor skam,» kvad ho og sa at no kunne ho tenkje seg å gå i holmgang mot kven som helst i Terje-flokken. Kriga hadde ho aldri gjort før, men no fekk det ikkje hjelpe. For henne vart det eit Ragnarok, og då kunne ho like gjerne bli liggjande att på valen.
No skjøna Paul Aspe at han måtte leggje seg opp i striden. Etter fleire rådslagningar med Amund Rådlaus gjekk han til Terje Mjølsekk og flokken hans og lurte på om dei ville halde fram med leiinga av Hå Be Æss. «Eg brukar mi tid for å gjere godt, så tek dei mot meg som ein fjott. Eg endar gjerne mi håbeæss-tid, om det gjev slutten på denne strid,» kvad Terje og bad Paul finne nye folk for å løyse jordholestriden.
Paul samla alle flokkane på tinget rundt seg og sa korleis striden såg ut. Han var livredd for at Knut Skrivar og hjelparane hans skulle ta over styringa av saka. Det vart beiske ord og mykje banking på skjolda, men etter kvart peika dei ut tre som hadde sagt meir enn nok i striden tidlegare. Det var Otto Yngling, Mette Djerve og Ole Pætt. Amund Rådlaus skulle og peike ut sine, men det ville han bruke tid på.
Korleis Jordholestriden endar, er enno uvisst, men endringar blir det nok. Mange lika dårleg at Otto Yngling og Ole Pætt skulle styre. Ingen hadde bruka så harde ord mot Hå Be Æss som dei, og no skulle dei styre og ta reie på heile lutlaget. «Vanstelt son blir sjeldan rik. Vanæra fostrar oftast svik,» høyrdet kvadet, og folk i fylkingen venta spente på korleis dette skulle gå.
Leiravråket
Leiravråket var eit heimlaga råk som ingen ville eige. Det var så langt attende at leiarane før storhovdingen Stat Kraft slo gangar i fjella og temde vatnet og gav det nye vegar. Dei laga ljos til holer og smier. Svært mange var nøgde med det dei fekk. Men ikkje alle rosa det som skjedde.
Kjukkelflata
På flata der åa laga kjukkellydar bruka dei båt for å kome over Storelva. Det gjekk ikkje lenger. Åa vart tørr og uframkomeleg. På Kjukkelflata budde det fleire jordtrælar som krossa åa jamleg kvar dag. Dei kom seg til Liaråket som gjekk frå Lia til Korggryta. Det råket bruka dei når varene deira vart selde. Slik hadde det vore, og slik trudde dei det skulle bli. Brått vart det ikkje slik. Stat Kraft som hadde øydelagt sjøvegen deira, kvad: «Betre på veg enn på vatn å fara. Ein støypt veg over åa vil vara». Dette hadde han prøvd før, så han var nøgd med kvadet sitt. Nøgde vart jordtrælane og, – heilt til vatnet kom fossande over vegen og i så stri ein straum at dei ikkje kom over.
Leiravråket
Då var det eit klårt hovud som kom på at det kunne brytast eit råk frå Kjukkelflata heilt til Vestlia. Jordtrælane slo seg saman og braut seg fram gjennom skogen. Ikkje brydde dei seg om at råket kom på storhovdingen, Stat Skog, sitt land fleire stader. Han var ein storhovding som åtte det meste i heile fylkingen. Ikkje brydde han seg om at det kom eit råk gjennom skogen hans heller. Det kunne han nytte sjølv og når den tida kom. Slik vart det. Råket vart bygd og var til nytte for alle, ikkje minst Stat Kraft som fekk ein snarveg til smia si i Vestli når han kom frå Avasjøen eller Lia.
Åra krev
Åra gjekk og lite strid om råket var det. Men så kom dagen at råket måtte vølast om og gjerast betre. Hjuldoningane hadde vorte større, og jordtrælane hadde vorte travlare. Leiravråket måtte stellast. Då vakna dei som bruka råket og kvad saman: «Ikkje vi eig av råket ein alen. Gull frå meg var ikkje avtalen. No må fylkingen opna sekken, Kjukkeltrælane tek snart skrekken». Hovdingen i fylkingen visste godt at det var oppgåva hans at alle skulle ha det godt, så han mjukna til og let mange grushaugar flytte dit og jamna utover. «Blødande sår skal stellast, mot trælar er eg trufast,» kvad hovdingen, og med det var og fylkingen ein del av Leiravråket.
Slik gjekk åra. Små stridar som fekk ei slags løysing, ein grushaug der, ein der. Aldri vart råket så godt at det gagna jordtrælane på Kjukkelflate skikkeleg. Nøgde var dei ikkje, men dei tok til å bli slitne av å klaga og syta. Eigentleg lika dei det dårleg, dei ville stelle jorda og dyra dei hadde.
Morten Kylle
Morten var ei frisk krigar som lika fart på hjuldoningar. Han hadde teke sete på Kjukkelflata i ei av holene til forfedrane sine. Der ville han bli. Kvar dag måtte han til Korggryta for å tene det gullet han måtte for å få vera der. Han stelte med hjuldoningar kvar dag, så dette hadde han greie på. Etter kvart såg han seg lei på holene og dumpane han måtte slite seg forbi kvar dag morgon og kveld. Han tenkte på ungane sine, som måtte gjennom det same kvar gong dei skulle til ein ven eller til leikarstova som og var i Korggryta. «No er eg luta lei kvart eit hol og pytt. No krev eg at det skjer noko nytt,» kvad han og meinte at Kjukkelbuarane og er folk som skal ha det like bra som alle andre. Mange tykte vel om kvadet hans, og det rasla i sverd og skjold fleire stader i fylkingen. «Å få eige er vanleg grunn for strid. Kvifor ikkje her? Vi krev at det blir grid og at nokon med dette gjer,» kvad Morten og var ilsk i røysta. Han tala for kvar ein jordtræl som hadde setet sitt på Kjukkelflata.
Inga løysing
Det vart meir og meir regn, Stat Kraft sende meir og meir vatn etter åa, – ikkje i gangane han hadde i fjella. Kjukkelbuarane vart tvinga til å humpa seg fram etter einaste råket dei hadde. Då tok mange til å tenkje: «Kva om Surt kjem og tenner på? Kva skjer då når åa renn og husa brenn?» Andre kvad: «Kan nokon på sotteseng hentast etter råket? Vi difor skrik og lagar bråket!».
Marianne Finne som var Stat Kraft sin våpenberar, skalv i knea berre ved tanken på alt som kunne skje. I røynda var det Stat Kraft si skuld at jordtrælane måtte krongle seg gjennom skogen for å kome fram. Ho visste det, men gjorde seg hard i maska.
Stat Skog visste at han hadde sagt ja til at råket kunne gå der det gjekk. Den som eig, skal passe på godset sitt. Det hadde han lært av hovdingar som hadde rådd før han. Han var viss på det, men gjorde seg og hard i maska.
Paul Aspe som no var hovding, skjøna kvart eit kvad. Han måtte sjå til at alle hadde det godt, og no var det ikkje slik. Likevel satt han roleg og heldt maska.
Ingen visste korleis dette kunne gå. Ein raud, ilsk ljoskje over Vesterfjella viste at Midgardsormen gjorde seg klar ute i havet. I Gnipahellaren midt i Klubb-berget rasla Fenrisulven med lenkene han var bunde i, og frå Brygge sin Dal kom ein isande vind sigande frå Okstoppane. Alt varsla strid, men ingen våga å starte, og ingen visste når den kom.