• Hopp til primær menyen
  • Hopp til hovedinnhold
  • Hopp til bunntekst
Avisa-Hemnes-logo

Storkjefta, utfordrende og omtenksom!

  • Nyheter
  • Fritid
  • Debatt
  • Tips oss
Meny
  • Nyheter
  • Samfunn
  • Næring
  • Debatt
  • Hemnesfolk
  • Fritid
  • Minneord
  • E-avis
  • Kryssord
  • Gratulasjoner
    • Send inn gratulasjon
    • Se gratulasjoner
  • Avisa Hemnes Appen
Logg inn
  • Bli abonnent
  • Min side
  • Tips oss
  • Om Avisa Hemnes
  • Annonsere?
  • Personvern
NYHETER
3 minutter lesetid

Brefrontane fortset å smelte tilbake i Nordland

Austre Okstindbreen i Hemnes er ein nord-austleg utløpar frå Okstindbreen. Brefronten har smelta tilbake 35 meter i år og 320 meter dei siste 10 åra.
Knut Martinsen
Ansvarlig redaktør
Publisert: 07 desember, 2022 19:16
Oppdatert: 07 desember, 2022 19:16
Artikkelen er mer enn ett år gammel.

NVE sine bremålingar i 2022 viser at 33 av 34 målte brefrontar har trekt seg tilbake. I Nordland har fire brefrontar i gjennomsnitt trekt seg tilbake 22 meter i år, der Austre Okstindbreen hadde den største tilbakegangen med 35 meter.

Den størst tilbakegang i år hadde Storjuvbrean i Jotunheimen (-94 meter), Tuftebreen på austsida av Jostedalsbreen (-65 meter) og Langfjordjøkelen i Vest-Finnmark (-61 meter). Dei 34 breane har i gjennomsnitt smelta tilbake 25 meter. Det fortel NVE i eit presseskriv.

I Sør-Norge var det i vinter store forskjellar i snømengde på breane. På Vestlandet fekk mange brear meir snø enn normalt, medan breane lengre aust fekk relativt lite snø. Bresmeltinga gjennom sommaren var litt under det normale på breane i Sør-Noreg, Resultatet for 2022 vart underskot for mange brear, men i områder som fekk mykje snø vart underskotet mindre enn normalt. Nokre brear har også vore i balanse eller har hatt eit overskot.

I Nord-Noreg fekk breane stort sett meir snø enn normalt. Men bresmeltinga gjennom sommaren var over det normale slik at resultatet for 2022 vart underskot for dei fleste breane. I områder som fekk mykje snø har nokre brear likevel vore i balanse.

– Alle breane vi følgjer med på har trekt seg tilbake dei siste 20 åra, seier glasiolog i NVE Hallgeir Elvehøy. Brefrontane trekk seg tilbake fordi det over tid har smelta meir snø og is om sommaren enn det snør om vinteren. Vi sei at massebalansen har vore negativ.

Negativ massebalanse i lengre tid

Breane i Noreg har minka mykje både i lengde, areal og tjukkleik sidan år 2000. Dei siste 20 åra har 27 brear med samanhengande målingar gått tilbake 409 meter i gjennomsnitt.

Artikkelen fortsetter under annonsen

– Årsaka til at brefrontane trekk seg tilbake er at massebalansen har vore negativ i lengre tid. Dei ti breane der NVE måler massebalanse har minka opp til 30 meter i tjukkleik sidan år 2000, forklarar Hallgeir Elvehøy.

Breane i Noreg har den same utviklinga som dei aller fleste breane i resten av verden.

Nordland

I Nordland har fire brefrontar i gjennomsnitt trekt seg tilbake 22 meter i år. Austre Okstindbreen i Hemnes hadde den største tilbakegangen med 35 meter. Dei siste 10 åra har breen trekt seg tilbake 320 meter.

Massebalansemålingane på Engabreen, ein nordleg utløpar frå Svartisen, viste at breen var om lag i balanse i år. Det kom meir snø enn normalt i vinter men smeltinga i sommar var også større enn normalt. Resultatet for dei siste 20 åra har vore eit underskot på 6 meter vassekvivalentar som tilsvarar at heile breen har vorte om lag 7 meter tynnare. Fronten til Engabreen har trekt seg tilbake 28 meter det siste året, og 398 meter tilbake i løpet av dei siste 20 åra.

 

Du vil kanskje også lese

Ingen relaterte artikler.

Kontakt

Adresse:
Korgsjøen 5B, 8646 Korgen

Tips:
tips@avisahemnes.no

om Avisa Hemnes
Knut Martinsen
Ansvarlig redaktør
Send epost
977 97 333‬

Ellen Rabliås
Journalist
Send epost
907 29 849‬

Rune Furuhatt
Redaksjonssjef
Send epost
412 99 615

Edel Annie Tverberg
Journalist
Send epost
976 60 449‬

Avisa Hemnes er en partipolitisk uavhengig ukesavis som skal formidle nyheter i Hemnes kommune.

Personvernerklæring
Avisa Hemnes arbeider etter Vær varsom-plakatens regler for god presseskikk. Avisa Hemnes har ikke ansvar for innhold på eksterne nettsider som det lenkes til. Alt innhold er opphavsrettslig beskyttet.
Avisa Hemnes logo
Avisa Hemnes © 2025 · Løsningen er designet og utviklet av Dyplink - dyplink.no