Tolv ordførarar frå Telemark, Rogaland, Sogn og Fjordane og Nordland sendte den 14. november eit brev til næringsminister Vestre med eit krav om at sentraliseringa av personell i Statkraft må stoppe. Prosessen har skjedd ekstremt raskt og har blitt ferdigstilt på omlag 14 dagar. Statkraft har vedteke formelt å flytte 30-40 personar som arbeider med større investeringsprosjekt og innkjøp frå regionkontora til hovudkontoret i Oslo. Oppmøtestad for dei tilsette vil ikkje bli endra.
Denne omorganiseringa medfører at nye stillingar innanfor både prosjekt og innkjøp i framtida vil kunne bli lyst ut med alternative oppmøtestader som til dømes Oslo, Sogn, Ryfylke, Vest-Telemark, Narvik/Hemnes og Trondheim. Arbeidsmarknaden i Oslo og Trondheim er mykje større enn dei andre områda til saman. Det er difor sannsynleg at mange av nytilsette i Statkraft dei neste åra vil bu i Oslo/Trondheims-området, fordi tilgangen til søkarar vil vere større der. Når ein i tillegg får ansvar for å følgje opp prosjekt over heile landet, vil det sjølvsagt vere praktisk å bu i Oslo eller Trondheim, fordi kommunikasjonane til resten av landet er gode frå desse byane.
Med ei slik organisering vil ei og ei stilling bli borte, når folk går av med pensjon utan at det blir tilsett ein ny person lokalt. Det er ein elegant måte å sentralisere på, sidan det skjer i det stille og utan støy.
I staden for å sentralisere folk, kan truleg Statkraft klare å få til eit godt samarbeide på tvers i organisasjonen gjennom ein matrise-organisasjon. Det inneber at folk er tilsett lokalt, men i større eller mindre grad rapporterer til ein sentral person i tillegg til noko kontakt med sin lokale leiar. Då sikrar ein lokal forankring og samarbeid.
Ein kan også minne om at dei tre regionkontora til Statkraft har ansvaret for om lag 40 TWh produksjon til saman. Det er såleis «robuste» einingar som no blir slått saman.
Statkraft ved kommunikasjonsavdelinga, konserndirektør for Norden og direktør i region Sør-Noreg har uttalt i fleire media frå 16. til 18. november at Statkraft tvert imot styrker regionkontora med denne omorganiseringa. Selskapet hevdar at det legg til rette for å flytte oppgåver frå Oslo og ut i regionene, og at folk på regionkontora i større grad skal kunne søke stillingar ved hovudkontoret og samstundes halde på sin regionale oppmøtestad. Det blir også vist til at det skal investerast meir fram mot 2030, og at det difor trengst meir personell også lokalt. Det blir også vist til at leiaren for den nyoppretta nasjonale prosjektavdelinga, som er underlagt hovudkontoret, bur i Ryfylke.
Kva skjer over tid?
Statkraft har dei siste 10-15 åra i stor grad auka talet på tilsette ved hovudkontoret i Oslo, medan regionkontora ikkje har hatt nokon slik vekst.
Vi ordførarar har eit langsiktig perspektiv på Statkraft sine arbeidsplassar i våre område. Vi vonar difor at forsikringane til Statkraft er til å stole på, slik at det til dømes vil bu fleire tilsette i Statkraft i Ryfylke, Vest-Telemark, Sogn og Nordland enn i dag. Men vi fryktar at det motsette kjem til å skje.
Eit rettferdig grønt skifte
Vi skal dei neste tiåra gjennomføre ein overgang frå fossile til fornybare energikjelder. Dei fornybare energikjeldene til Statkraft vil også i framtida i stor grad ligge i Distrikts-Noreg. Då bør selskapet legge til rette for at mykje av verdiskapinga i form av arbeidsplassar skjer i desse områda. Folk rundt i landet bør ikkje få det inntrykket at det grøne skiftet for Statkraft sin del inneber fleire arbeidsplassar i Oslo/Trondheim, medan distrikta til slutt berre sit igjen med driftspersonell.
Statkraft har ei satsing på nye forretningsområde, blant anna hydrogensatsing som er lagt til Oslo. Selskapet har ein døgnbemanna kraftsentral i Oslo og døgnbemanna driftssentralar i dei tre regionane. Kan kraftsentralen og hydrogensatsinga leggast til eit regionkontor? I dag er Statkraft med og utvikle tre industriområde for stort kraftforbruk nær kysten til Vestfold og Telemark. Det er langt frå kraftverka i Telemark. Kan Statkraft i større grad utvikle slike industriområde nær sin kraftproduksjon? Då blir nett-tapet og trongen for nye kraftlinjer mindre og den lokale verdiskapinga større.
Slike spørsmål handlar om vilje i styret og konsernleiinga til lokal satsing.
Bør Statkraft delast?
Er Statkraft blitt så store at dei er i ferd med å gløyme kvar dei kjem i frå? Det er framleis kraftverka i Noreg som er viktige for overskotet til Statkraft.
Vil ei deling av selskapet, eit selskap for Norden/Nord-Europa og eit selskap for resten av verda, kunne føre til meir satsing på regionane?
Regjeringa la i oktober fram Eigarskapsmeldinga der Statkraft er eit viktig selskap. Meldinga skal handsamast i Stortinget våren 2023. Stortingsrepresentant Willfred Nordlund frå Senterpartiet er sakaordførar for saka. Vi set vår lit til at Nordlund saman med Statsråd Jan Christian Vestre frå Arbeidarpartiet kan legge føringar i eigarskapsmeldinga for å sikre verdiskaping i form av arbeidsplassar nær kraftverka.
Jarand Felland
Ordførar (Sp) Tokke kommune