10. klasse ved Korgen sentralskole har nyleg gjennomført tentamen i nynorsk. Ein av oppgåvene var å skrive en sakprega tekst til ein skrivekonkurranse for ungdom, der føremålet var å motivere ungdom til å vere nøgde med seg sjølv. Maja Standal (15) sin tekst om å vere god nok, kan vere fin for alle lesarane å ta med seg inn i advent og jul.
Kjensla, kjensla av å vere god nok
Forventingane ein har til seg sjølv om å vere god nok
Forventingane ein har til å prestere bra nok
Sjå god nok ut
Vere god nok
Hår, hud, kropp til og med klede
Dette er ting vi ser etter når vi skal vere «god nok»
Du må vere flink nok, tøff nok, normal nok
Du kan ikkje skilje deg ut, for da vert du støytt ut frå samfunnet
Det er det ein tenkjer, men det er ikkje nødvendigvis slik
Men kva tyder det å vere god nok?
Kven laga oppskrifta?
Og kor finn eg den?
Svaret er at det fins ingen oppskrift
Fordi det er vi som har laga denne vrangførestillinga om det å vere bra nok
Viss du er som alle andre, ser ut som alle andre, gjer som alle andre
Tykkje du da at du er god nok?
Svaret vil mest sannsynleg vere nei
Uansett kva du gjer vil du alltids sjå på nokon andre og tenkje, slik vil eg vere
Slik må eg sjå ut
Dette må ta slutt
Du samanliknar deg med andre, mens andre samanliknar seg med deg
Slik kan det ikkje vere
Denne frykta for å ikkje vere god nok
Har ikkje vi vorte lært at vi må stå i mot frykta vår for å kome over dei?
Denne frykta er så innarbeidd i tankane våre
Kjensla vår
Vi plagar oss sjølv med desse forventingane som vi sjølv konstruerer
Men ingen av oss kan lage ein liste på «korleis verte god nok»
Det er fordi alle har eit variert syn på det
Sjølv om vi får føredrag ein til to gonger i året som handlar om det å føle seg bra nok
Dagens nyheit som handlar om det
Aviser som skriv om det
Bloggare som tener pengar på å skriv om det
Så hjelper det ikkje
Vi kan få så mykje hjelp frå andre rundt oss
Som kjem til å hjelpe deg 10% kanskje
Resten må du hjelpe deg sjølv med
Det er du som stiller krava til deg sjølv
Så det er du som må slette dei krava
Slette dei frå tankane dine, frå kjenslene dine, frå synet ditt
Denne jobben er ikkje enkel
Slik som alt anna i verda
Du må jobbe for å oppnå måla dine
Eg kan seie at eg har denne vrangførestillinga
Eg slit enno med meg sjølv
Fordi eg samanliknar meg med andre
Og eg innser det ikkje før no at alt dette er i hjernen min
Det er ingen andre som styrer over dette
Nettavisa har skriven eit innlegg om psykologi kor dei skreiv om det å vere bra nok
«Nok en gang vil jeg peke på psykoterapi som en god metode for å gjøre noe med slike problemstillinger». Stod det.
Når dei skriv slikt peikar dei på at problem må løysast med terapi
For å seie det på godt norsk, det er berre bullshit
Terapeuten kan hjelpe deg med noko, ja
Men kan aldri hjelpe deg til å vert kvitt desse krava
Ein lærar kan ikkje gjere deg god i matte ved å gjere matteoppgåvene sjølv
Akkurat som at ein terapeut ikkje kan slette krava du har til deg sjølv
Du er faktisk god nok
Sjølv om du ikkje tenkjer det sjølv
Du er god nok i mine auge og alle andres auge
Berre ikkje dine eigne auge
Det fins berre ein versjon av deg
Som tyder at du er eineståande
Du er akkurat den personen du var meint til å vere
Du er god nok!