• Hopp til primær menyen
  • Hopp til hovedinnhold
  • Hopp til bunntekst
Avisa-Hemnes-logo

Storkjefta, utfordrende og omtenksom!

  • Nyheter
  • Fritid
  • Debatt
  • Tips oss
Meny
  • Nyheter
  • Samfunn
  • Næring
  • Debatt
  • Hemnesfolk
  • Fritid
  • Minneord
  • E-avis
  • Kryssord
  • Gratulasjoner
    • Send inn gratulasjon
    • Se gratulasjoner
  • Avisa Hemnes Appen
Logg inn
  • Bli abonnent
  • Min side
  • Tips oss
  • Om Avisa Hemnes
  • Annonsere?
  • Personvern
NYHETER
15 minutter lesetid

Mot midtvinterblot

FOTO:
Knut Martinsen
Ansvarlig redaktør
Publisert: 20 desember, 2021 11:19
Oppdatert: 20 desember, 2021 11:19
Artikkelen er mer enn ett år gammel.

Hos bonde Ketil Trong hadde ein sau grave fram ein skinnrull inst i Ivar Gudbrandsa-høla. Her var fullt av runetegn, og Ketil gjekk til redaksjonen i Avisa Hemnes med rullen. AH sette straks Per Jomar Hoel på saka, som einaste i mils omkrets med norrønlinja frå gymnaset.

Paul Aspe gjekk rundt i Amundborga og undra seg over alt som hadde skjedd i året som hadde gått. Han lika godt at Frøy hadde vore i Jarnsmiarstaden. «Freir gjev meir,» kvad han for seg sjølv. Likevel var han noko uviss på om det var tufter nok til dei som ville kome til han. Han var glad for holene som Frank og Rune Sudlandsfararar hadde stelt i stand i Korggryta, men det såg ut for at fylkingen trong endå fleire. Han lika dårleg at tuftene på Aspflata vart for gullkrevjande. Der såg han at mange kunne få bu. «Aspflata blir for dyr. Du set gullet vårt over styr,» kvad dei som sat på gullsekken. Paul våga ikkje å trasse dei, sjølv om mange tykte dårleg om avgjerda. Han måtte finne andre stader.

I Liabu

Særleg nøgd var han over det dei hadde fått til i Sørfjellet. Der hadde dei fått til både eldstader med sete og tak over. «Eld han tarv som til gards er komen, Liabuarane kan å seia velkomen,» kvad han. Dei hadde fått til ein blotarstad som vekte åtgaum langt utover.

Om det var dette tunet eller Kor Ona som hadde jaga buarane heim til holene sine, visste ikkje han, men det vart fødd møyer og sveinar som aldri før i Lia. «Godt at folk under fellen står på. Vi treng fleire, vi er for få,» kvad han. Glad var han og for at geithola til dei minste tok til å bli ferdig. Lite lika han at Kor Ona øydela for Aina Krølle då ho ville ha Belte Skut sine menn på vitjing. Det var ikkje mykje ho fekk gjort, men litt spas for dei yngre vart det.

Brygge Sin Dal

I Brygge Sin Dal hadde Helsedag Brygge borga si. Etter at han gjekk over på gamalmannsløn tok han til å rissa runer. Dette året hadde han vore særs arbeidssam. Fyrst kakka han seg på lag med Skog Jomar som hadde lova Ingrid Kop å rissa ned soga til Kopen sidan den starta rett etter at Adolf Bart sine menn vart jaga til Germania. Mykje vart gjort kjend der, og dei fekk mykje åtgaum for det dei hadde funne ut.

Seinare slo han seg i lag med heidersmannen, Harald Meie. Han hadde fått Kongen sitt gull og var høgt akta over heile riket. Dei tok til å grave i soga til alle koggbyggarane i fylkingen. Det var ikkje lite dei fann ut. «Koggar dei bygde på kvar ein gard, gjæve menn med vilje hard,» kvad dei etter kvart som det kom fram at fylkingen deira var den likaste i heile nordområdet.

Ikkje slo dei seg til ro med å risse om koggar. Dei tok Leirråket fatt og vitja storhovdingen Eivind Jamte. Han hadde setet sitt på Jamtflata, midt i dalen. Soga til dei som hadde levd på garden før han, vart Harald og Dag nyfikne på. Dei rissa alt ned, så det kunne bli kjend for alle. Mange tykte vel om det dei fekk gjort. «Gamal soge viser veg. Hjelper unge mange steg,» kvad dei og for vidare for å finna meir nytt. Og det fann dei.

I Brygge Sin Dal hadde og Arvid Lurblåsar hovudsetet sitt. Han for mykje rundt om med strengeleikarar og andre lurblåsarar. Arvid rissa ned kvadtonar med griffelen sin og let mange spela det han fann på. Likeså prøvde han å få unge møyer og sveinar til å prøva seg. Mange lika det han gjorde. Ja, så mykje åtgaum fekk han for det han gjorde at Kongen fekk høyra om han. «Gjeve tonar Arvid har. Ein pris får han, den er klar,» kvad Kongen og bad Paul Aspe om å gje han heidersteiknet sitt og by han på vitjing i borga si i Vika. Paul gjorde som Kongen sa og nytta høvet i gudehovet på Berget, ytst i Sørfjorden, då Arvid saman med Anita Skorge og mange andre bydde på ein kveld i ord og tonar. «Kveda kan du, blåsa og rissa. Kongen sitt gull til deg eg gjev. Ikkje lenger du står i uvissa. Her eg gjev deg Kongen sitt brev,» kvad Paul og var ikkje lite kry av kvadet sitt. Dei som var i gudehovet, gjorde våpengny og ropa gode ord til Arvid. Alle tykte vel om det dei hadde vore med på.

Reinåflata

Ikkje langt frå Brygge Sin Dal flata lendet seg ut. Der stelte dei med dyr og odla jorda. Fruktbart var det, for det var ein gamal havbotn. Frå Jarnsmiarstaden kom Lise Doff og John Øyk. Dei hadde stelt med dei på sotteseng i lang tid inne i Jarnsmiarstaden, men no ynskte dei å stelle med dyr. «På Reinåflata kan gampar springa. Her kan det ridast og i bjøller klinga,» kvad dei. Dei vølte om dyreholene som var og let mange få rom til hestane sine hjå dei. Ja, dei let byggja ein heilt ny sal som folk og dyr kunne leika seg i. «Er du halt kan du rida, handlaus gjeta, er du dauv kan du duga i strid. I salen vår kan du rida og strida. Om været er dårleg, blir du blid,» kvad dei og opna portane til storsalen. Der fekk møyer og sveinar lære å rida, sko hestar og øve seg på køyring. Lise Doff var av dei beste i heile riket, så ho hadde mykje å lære bort.

Korgberget

Oppe på Korgberget heldt Asgeir Godlått fram med sitt. No hadde han fått bygd fleire holer som folk kunne bruke når dei ville. «Å vakne med Okstoppane rett i aust, gjer kroppen din både varm og traust,» kvad han og lo så det høyrdest heilt til Lukttoppen. Venene til Korgberget hadde og fått reist steinar og måla deilder som viste trygge vegar på Korgberget. Dette fekk mykje åtgaum, og mange for dit berre for ein bergtur utan å bli redd for å gå seg i einstelle. «Etter ein tur er det godt med mat, hjå meg er det alltid fulle fat,» kvad Asgeir og lika godt alle som kom til han. Ja, så glad var han for å bli vitja at han skaffa seg ein beltehjuldoning som hadde plass for mange. Når råket vart stengt av vinterstormane, bruka han denne.

Lenger ned i Korgberget hadde Folke Hjelp sine menn reist ei hole. Dei stilte alltid opp når nokon hadde skamfert føtene sine eller rota seg bort i skog eller fjell. Alt dei trong av våpen og farkostar når dei skulle ut, hadde dei samla der. «Hjartelause stormar stoggar ikkje oss,» kvad Rune Olde som leia reisinga av hola deira. «Vi skal hjelpa dei som treng. Folke Hjelp har ein god gjeng,» heldt han fram. Alle tykte vel om kvadet hans og gledde seg til neste beinbrot.

Korggryta

I Korggryta hadde Hanne Bank stengd alle lukene i salen sin. Skulle nokon ha gull, måtte det trykkjast på knappar i gangen, og då valt gullet ut til dei som bad om det. Ho ville bli større, så ho kakka seg på lag med med rikmannen, Bank En. Mykje gull hadde dei til saman, men berre dei som kunne trykkje på knappar, fekk sjå gullet deira. Særleg dei eldre krigarane likte dette dårleg. «Gullsekken min vil eg sjå. Ikkje nok å trykkje På,» kvad fleire og flytta sekken sin til Ingrid Kop som tok vel imot dei.

I skrivestova til Knut Skrivar kom Rune Furu og Edel Tverre. Dei var framifrå runerissarar og fekk mykje fram om det som skjedde i fylkingen. «Godt for meg at vi blir meir enn to. No kan nyhendingar rundt om berre gro,» kvad han. Likevel var han noko arg på fleire i Amundborga når dei gøymde griffelnotene om fleire stridar under brynja si. Makt kunne han ikkje bruke korkje når det gjaldt tuftesaker eller gullkrav til dei som leigde holer frå fylkingen. «Ille det er for manneætt at ingen får vite kva som er rett,» kvad han og lyfta sverdet sitt mot Amundborga.

Meir fredsæl var Steinar Knarrbyggjar som let byggja ein knarr rett ut for gudehovet i Korggryta. Ikkje bruka han tre eingong. Han mura den i hop av stein og sand. Meininga var heller ikkje at knarren skulle på fjorden. Den skulle stå der med bumerka til dei som hadde fare til Helheim og vart brende etterpå. «Døyr fe, døyr frendar, døyr sjølv det same. Men ordet om deg aldri døyr, vinn du eit gjetord gjevt,» kvad Steinar og hamra på knarren sin.

Bjerkastrond

På Bjerkastrond var det ikkje hundeglam, men grisegrynt. Jordtrælane, Trine og Sindre Galte, som hadde hovudsetet sitt på Valla, let alle grisane sine gå fritt ute på marka. Ikkje trong dei å gå inn, visst dei ikkje ville. «God svor i frisk luft, dyrestell med fornuft,» kvad dei og let alle som ville, få kome og sjå på svina sine. Til eit vellukka midtvinterblot var kravet godt flesk. Det skulle dei få til.

Artikkelen fortsetter under annonsen

Markus Thon som voks opp på Bjerkastronda, hadde flytta til Bodøyar og gjorde teneste der for Ænn Ærr Kå. Dette året kakka han seg på lag med Henrik Bjørke, ein joikar og spelar som hadde vokse opp i Lia. Dei var begge av finneætt og meinte at både joik og tonar frå forfedrane deira vart skuva vekk. Dei passa ikkje for buarane slik dei var. Dette tykte dei lite om. Difor laga dei nye tonar som var i slekt med dei gamle og førte dei fram. Dei fekk mykje åtgaum for det. «Gamalt skal leva, bli som nytt. Kom til oss, lytt og lytt,» kvad dei og stod på dag og natt. Ja, Henrik sloss og for å få eit sete ved Kongen sitt bord i langt nord i Karas. Og det fekk han.

På Bjerkastrond var dei og krye av Martin Taklar. Han hadde leika seg med ball heile livet, og han ville ha stridar med den i staden for sverd. Han for rundt til mange leikarvollar med idrotten sin. No hadde han fare heilt til Mørejarlen og kome i lag med dei som var som han der. Godt gjorde han det, og han var av dei beste i riket. «Kanon i foten, hard i hausen. Det må til for å leia før pausen,» kvad Martin og skræmde mange vekk når dei sloss på leikarvollane.

Finnistrond

Livet der hadde vore roleg heile året. Dei som ville lagra langskipa sine der når dei ikkje var i bruk, hadde ikkje kome, så fjorden var like fin og full av fisk som den hadde vore. Likeså var det stillt frå dei som ville byggje holer for folk og koggar i sjøkanten. «Store planar, lite har skjedd. Lite å sjå ved fjorden sin bredd,» kvad mange som var spente på kva dette kunne bli. Kanskje ville dei kome attende og gjera som dei hadde sagt.

Karl Oppsmart heitte ein hovding som hadde setet sitt mot sola på Finnistrond. Han dreiv med mangt og fekk gull ut av det meste han var borti. Han dreiv og skog, noko han lika godt. Ein dag han vakna, såg han at skogen hadde vorte skamfert. Fleire tre var raserte. Ikkje var det elg som hadde vore der, ikkje nokon på fire føter. «Vanklok mann, avundsjuk og iskald. Frendlaus med sjela i forfall,» kvad Karl og gremtest over det han såg. Ikkje kunne noko gjerast oppatt. Mange tre hadde fått banesår. Mange stødde Karl då han måtte sjå på alt han hadde mista.

På Tuvflata budde det mange. Det var ikkje så greit å kome seg dit, for råket var for smalt. Fleire ropa på mennene i Amundborga. «Råket er farleg, snart går det liv. No må det kome ein skikkeleg giv. Paul på flata, trygg og farbar, tenk på oss som i bakkane klatrar,» kvad dei og vona at det ville bli som dei ynskte.

Berget

Ute på Berget, ytst i Sørfjorden, dreiv dei med sitt, og det var ikkje lite. Trond Røsse og flokken hans dreiv for fullt med Storlapphellaren. No var dei lut lei av å flytte benkar att og fram så snart dei dei skulle ha gjestar på vitjing. Dei ville ha ei eiga hole for strengeleikarane. Det var ikkje lite av arbeid og gull dei la ned i dette, så dei var ikkje lite kry då dei endeleg tok den i bruk. «Gjev sal, velkomen gjest. Her skal det blotast, her blir det fest,» kvad dei.

Ikkje langt frå der Mar Ina hadde setet sitt hadde dei og fått i stand kvilebenkar for å kunne sitje og sjå utover fjorden. Frå før hadde dei Eldringen der. Der kunne dei og fyre bål og drøyme seg heilt bort. «Rolege bølgjer, vakre fjell, godt for hugen dag og kveld,» kvad dei. Mange rosa Tenke Tank for alt han hadde funne på i vasskanten på Berget.

Noko undrande var mange då dei spadde opp bakken ved Jarnhola. Det vart ein grushaug som ikkje likna på nokon ting. Så reiste dei stenger over. Ja, alt såg noko underleg ut. Mange lika dårleg det dei såg. Men Tenke Tank tok det heilt roleg. «Vakkert blir det når alt er ferdig. Dette skal bli Berget verdig,» kvad han og såg noko lur ut. Tenke Tank hadde fleire trælar i smia si, og det var ikkje lite dei fann på rundt om.

Mållaus vart Torbjørn Skjær då han fekk med seg ein storkogg for å leite under vassflata etter langskipet til Adolf Bart. Det sokk då mennene hans sloss for å ta Berget og resten av landet. Han fekk med seg Ina Plure til dette. Ho var framifrå under vatn og hadde god greie på kva dei kunne greie. Og langskipet fann dei. Torbjørn jubla og kvad: «Nord-Noreg er funne, på botnen den ligg. Klokke og reiskap, mesta full rigg!» Dette fekk mykje åtgaum, og skrivestovene rundt om rissa runer og rosa Torbjørn og Ina for det dei hadde funne. Torbjørn lova at når Kor Ona var jaga vekk, skulle han by på gjestebod så alle fekk sjå kva dei hadde opplevd.

Ein annan tone var det der Bu Li hadde skogen sin. Han ville få trea vekk og odla jorda. Dette lika dei som stelte med dei minste der dårleg. Dei bruka skogen som leikestove. No var dei redde for at leiken kunne ta slutt. «Lite vi gjer utan skog. Vi treng trea, ikkje plog,» kvad dei.

Meir jubel var det hjå storhovdingen Frik. Same flokken hadde halde saman i snart to mannsaldrer og spela leikar for andre. «Av tonar får vi aldri nok. Alle treng vi ekte rokk,» kvad dei og heldt fram. Gamle vart dei visst aldri. Mindre jubel var det heller ikkje på leikarvollen øvst på Berget. Der hadde dei stelt i stand ballflata tidlegare, og no skulle dei ta i bruk ei hole så dei kunne vaske seg etter leiken. Flokken som heldt til der, vart dobbelt så gamal som Frik. Leiaren deira, Kjell Terre, var ikkje lite kry då dei ba til gjestebod. «Mykje har vi gjort for unge og gamle. Her kan vi møtast og alle samle,» kvad han og meinte at ei ny tid hadde starta. Tore Teiknar hadde rissa ned runer og samla flokken si soge mellom to permar. Mange var takksame for det han hadde gjort.

Mot solsnu

Paul Aspe var glad i alle som budde i fylkingen hans. Han tenkte over alt det mange gjorde for trivnad og trøysemd. Han tykte at gullsekken hans skulle ha vore mykje større, så han kunne ha støtta fleire, men slik var det ikkje. Han tok Brisingamenet frå nakken sin, såg på kamkakene som heldt alt saman. Merete Brosje hadde laga det slik. Alt hong i hop. Paul såg alt dette før kvart midtvinterblot når han sette seg ned og tenkte over året som hadde gått.

Sola i sør var borte, men snart kom ho att. Raudskjæret over Kjerringtoppane vitna om det. Da ville det bli nye stridar, meir lått og nye tårar. Sverdet hans var lett å reinske i år. Det hadde vore uvanleg fredfullt. Han visste at Kor Ona hadde mykje skuld i dette. Kanskje var han litt bakoverbøygd sjølv og. «Ikkje nokon neisa deg kan for du tidleg vil kvila om kveld,» kvad han for seg sjølv. Det høvde liksom ikkje for han å ta fram sverdet fyrst. Han var nøgd med stoda slik den var. No skulle han heim til frilla si, smake på mjøden og kjenne på fridomen han fortente nokre dagar.

 

 

Du vil kanskje også lese

Ingen relaterte artikler.

Kontakt

Adresse:
Korgsjøen 5B, 8646 Korgen

Tips:
tips@avisahemnes.no

om Avisa Hemnes
Knut Martinsen
Ansvarlig redaktør
Send epost
977 97 333‬

Ellen Rabliås
Journalist
Send epost
907 29 849‬

Rune Furuhatt
Redaksjonssjef
Send epost
412 99 615

Edel Annie Tverberg
Journalist
Send epost
976 60 449‬

Avisa Hemnes er en partipolitisk uavhengig ukesavis som skal formidle nyheter i Hemnes kommune.

Personvernerklæring
Avisa Hemnes arbeider etter Vær varsom-plakatens regler for god presseskikk. Avisa Hemnes har ikke ansvar for innhold på eksterne nettsider som det lenkes til. Alt innhold er opphavsrettslig beskyttet.
Avisa Hemnes logo
Avisa Hemnes © 2025 · Løsningen er designet og utviklet av Dyplink - dyplink.no