Hos bonde Ketil Trong hadde ein sau grave fram ein skinnrull inst i Ivar Gudbrandsa-høla. Her var fullt av runetegn, og Ketil gjekk til redaksjonen i Avisa Hemnes med rullen. AH sette straks Per Jomar Hoel på saka, som einaste i mils omkrets med norrønlinja frå gymnaset.
Det vart eit hardt år for Paul Aspe i hovdingesetet sitt. Striden mellom Kor Ona og Anti Bakk heldt fram. Den gjekk over heile Kringla Heimsins, og Paul kjempa djervt for å halde Kor Ona unna. Over alt hadde han med seg Anti Bakk sine trolldomsolje, og så snart Kor Ona prøvde å ta seg inn i fylkingen hans, slo Paul med sverdet og banka på skjoldet. Kor Ona var såpass redd han at han trekte seg så snart Paul snøste i nasen og brøla. «Kom deg vekk din bavian. Dra attende til Djengis Khan,» kvad han. Dette gjorde han så skræmande at Kor Ona aldri kom seg inn i fylkingen. Kor Ona skifta hærklede slik at ingen skulle kjenne han att, men lite hjalp det. Ja, så hardt stod Paul Aspe på at vomma og isteret som var lagra rundt på kroppen, krympa kraftig. Lettare til beins vart han og etter kvart.
Likevel var striden mellom Kor Ona og Anti Bakk eit stort hinder for det som gjekk føre seg i fylkingen. Ikkje våga tingmennene å møtast, ikkje fekk lurblåsarar treffast, og ikkje fekk dei som kvad saman, høve til å kveda i lag. Då måtte dei stå så langt frå kvarandre at det var uråd å få røystene til å hengje saman.
Gullsekkslaget
Særleg ille var det for Paul og tingmennene då dei i midtvinterblotstida skulle avgjere kor mykje gull som kunne brukast i året som kom. Ikkje kunne dei møtast og slåss slik dei var vane med, ikkje kunne dei drikke mjøden etter tungtaka, og ikkje fekk dei riva kjeft når våpna var lagt ned. Dei måtte sitje heime i kvar sine holer og tala og høyre i ei tavle alle hadde. Paul fekk eit svare strev med å få mange til å halde kjeft medan andre hadde ordet. Endå verre vart det for Amund Rådlaus som skulle tyde det som var sagt og finne ut kva dei var samde om. Det vart mange rare slag, men eitt vart dei einige om etter kvart: Slik kunne dei ikkje ha det neste gong. Då kunne gullsekken til Harald Bresprekk bli tom utan at dei var klar over det. «Når vi talar om bruk av gull, kan det ikkje bli berre tull,» kvad Paul og var lite nøgd då han for heim til frilla si utpå kveldskanten etter slaget. Han såg fram til å treffe dei han sloss mot på same valplassen.
Sotteborga
Mindre rådvill vart han ikkje då fleire av dei som stelte med menn og møyer i sottesenga, ville reisa frå fylkingen. Kva skulle han gjera med dei som trong hjelp? «I hjarterota vondt det gjer, når gjeve folk ifrå oss fer,»kvad han og skjøna lite kvifor. Etter kvart gjekk det seg til, men på Berget, ytst i Sørfjorden, var dei livredde for at salen dei fekk hjelp i, skulle fjernast. Dei sa at slik hola var, var det ikkje rart at gjeve folk rømde vekk. Tiltaksame møyer la difor ein sekk full av gull på bordet til Paul og kvad: «Flyttar du salen og lagar ein ny, er gullet ditt, og du får godt ry». Paul og dei i Amundborga kvakk, for det var ikkje lite gull dei hadde samla saman. Ikkje hadde dei tenkt på ei slik løysing, og ikkje hadde dei nok gull til noko nytt. Då kvad dei: «Kan gullet brukast på gamalhola, skal vi pusse den opp så den skin som sola». Dei var nøgd med kvadet sitt, og det var møyene og. Dei slo venleg på skjolda til kvarandre.
Då Amund sine menn tok til å sjå på sotteborga, såg dei fort at her var det ikkje berre menn og møyer som var på sotteseng. Heile salen var av same slaget. Mykje måtte gjerast. Paul samla mennene til tings, og dei vart samde om at det kosta mykje gull, men no var det ingen vegar attende. Dei som ville ha nytt, kvad: «Som å gjere i broka for å halde varmen. Eit dårleg svar for å stogge harmen». Men slik vart det. Sotteborga vart stengd, og det ville gå lang tid før den vart opna att. Om den skulle bli som ny, var det mange som lika dette heller dårleg.
Leirråket og Bakråket
Paul Aspe fekk Store Fylke til å betre råka både i Leirådal og Landet Bak. Heilt nøgd vart han ikkje, for Store Fylke tok ikkje alt. «Mykje godt, men store manglar. Svingar mange, mykje som skranglar,» kvad han og lyfta knyttneven. Store Fylke skjøna kva han meinte, men ville ikkje ha meir strid. Difor kvad han: «Møyer og sveinar skal og bli trygg. Marka Svarte er enno stygg. Meir skal gjerast, men sekken er tom. Når meir kjem, blir vegen grom». Paul tykte vel om kvadet hans, men han rasla med sverdet og kvad: «Store Fylke, dårleg tid du har. Gjer det du har sagt, men ver snar».
Ikkje våga Paul å sende småkarar ut i råket, så han fekk eigne hjuldoningar til å hente desse når dei skulle til leikarstaden sin.
Lia
I Lia gjekk dei enno og let ille over alt gullet som vart vaska bort for eit kvart århundre sidan. Ikkje visste dei kor mykje dei hadde mista, og ikkje visste dei kvar gullet var. Skjerpar-Gulle som fann gullet først, kom med dette kvadet då dei starta å drive det ut: «Noregs fjell skal betale Noregs gjeld». Alle tykte vel om kvadet hans og hadde lagt det på minnet sitt. Mange var overtydd om at mykje låg att då vatnet kom og fylte gangane der dei dreiv gullet ut. No ville dei leite på nytt. Paul Aspe sa ja til det, men hadde lite i gullsekken sin for å hjelpe dei. «Berre leit, men få andre med. Skjer det noko, blir det fred,» kvad han. Særleg tru på dei hadde han ikkje, for dei hadde masa lenge om å få løyve.
Då tykte Paul at det var meir spennande då det kom karar som ville løyne skrotet sitt i fjellgangane i Lia. Tidlegare hadde dei grave det ned ved Jarnsmiarstaden, men no var det snart fullt, og meir og meir skrot vart det, og ein plass måtte det levnast. «Skrot blir det, meir og meir. Gjømmast må det i ein leir. Ikkje kan det sendast i kloakken. I Lia kan det leggjast under bakken,» kvad dei og var spente på kva Paul meinte.
«Kva trur du, Frode Vandre. Er fjella så tandre? Toler dei litt skrot under mosen. Er dei sterk nok for denne dosen?» Han kvad dette for Frode Vandre på Solbakke som var ein ihuga krigar mot alle som bruka makta si mot jord og blomar. Frode kvad: «Ikkje lett å gje eit råd, men eg har ein sikker tråd. Det som blir til frukbar jord, kan leggjast slik at graset gror». Paul var nøgd med svaret og kvad: «Godt å høyre Frode Vandre. Kvadet ditt kan eg ikkje klandre. Vi får sjå kva skrotet er. Varsamt går vi der vi fer».
Fimbulvinter
Ytst i Sørfjorden ligg Berget. Der er det fint å leggja til med koggane. Det gjorde mange. Dei fleste la til hos Mar Ina, ein godseigar som hadde lagt til rette for koggane. «I smul sjø er koggane trygge, ei sikker havn let eg byggje,» kvad han og tok vel imot alle som ville ha plass. Det gjekk gjetord om kor gjev Mar Ina var, og mange sloss om å få kome dit. Ja, han let vatnet bobla når isen ville ta over. Slik var koggane trygge. «Is og frost jagar vi lett, brukar berre folkevett,» kvad han og var kry av kvadet sitt.
Dette kvadet skulle han ikkje ha kome med. Gudane i Åsgard høyrde alt som vart sagt, og når nokon gjorde seg sterkare enn dei, vart dei i dårleg lune. «Kva er det han trur denne Ina Mar, ein pusling ved fjorden gjer seg til kar? Han skal få sjå kven som har makta, og bøye av for det som er fakta,» kvad gudane og sende avgarde kalde gufsar som laga islag på alt som var. Og Fimbulvinteren heldt fram. Mar Ina skjøna lite og vart heilt makteslaus. Isen berre voks, koggar sokk og mykje vart sundbroten av frosten. Isen la seg ikkje berre hos Mar Ina, men over alt vatn, salt eller ferskt. Noko slikt hadde ingen sett før. Etter kvart skjøna gudane at det vart i meste laget for båtfolket, og at dei hadde lært. Då kvad dei: «Å yppa seg mot gudane, dårleg det høver. No skal det ordnast med varme og tøver». Slik vart det. Koggane tina fram, og Mar Ina skjøna at han hadde misgjort seg. Likevel gjekk han å grunda på at med kraftigare bobler, kunne han kanskje ta kampen opp att.
Eigarskifte
Erna og Hallvard Entre heitte eit par som lika å få ting til å skje i fylkingen til Paul Aspe. Til dagleg fekk dei tak i gullet sitt med å grava i skiten til andre. Når det stoppa opp og vatn og skit kom attende i holene, var dei snøgge til å by seg fram. «Når møkka hengjer seg opp og blir, kjem vi og reinskar så alt glir,» kvad dei. Bumennene rundt om sette stor pris på hjelpa dei ytte. Dei hadde våpna og mennene sine på Bjerkastrond.
No høvde det seg slik at Store Stat som hadde ei av holene sine på Bjerkastrond, ville kvitte seg med hola. «Ingen kjem og tek oss der. Difor sel vi vårt kvarter,» kvad han og bydde alt fram. Erna og Hallvard vart kjend med desse tankane og kvad: «Vi treng ikkje nokon leir. Kvifor ikkje lage meir». Dei tok opp gullsekken sin og tømde den på bordet til Store Stat. Han vart nøgd, og hola fekk ny eigar.
På Bjerkastrond var alle spente på kva dei ville finne på. Mangt vart sagt, men Erna og Hallvard Entre heldt tankane sine heilt for seg sjølve. No ville dei tenkje seg godt om, for no gjekk dei laus på noko som krevde meir enn å grave i skit. Dei ville at Bjerkastrond skulle stå fram og skine.
På Finnistrond hadde Bjerk Planke seld saga si og gått over på gamalmannsløn. Skrotleif Orsa, ein drivande krigar frå Vikaområdet, såg at om han vart eigar her, kunne han få alle draumane sine oppfylde. I alle år hadde han samla på alt andre ville bli kvitt. No mangla han plass for å kunne samle meir. Bjerk Planke kunne løyse alle vanskane hans. Skrotleif drog i norveg og ausa gull or sekken sin. Bjerk lika det han såg, ja, så ivrig vart han då han såg at gulldungen var stor nok at han kvad: «Godgut er du, rik og blid. Nok åt meg, saga er di». Slik vart det, og alle Nyholmarholene vart fylde opp med skrammel og doningar. Bumenn og trælar strøymde til og skaffa seg det dei hadde hug på. Skrotleif, som han var kalla, hadde det meste. Saga var taus, men lyden frå tingingar og bod høyrdest langt utover Sørfjorden.
Slik gjekk livet i fylkingen til Paul Aspe. Alle var som maurar og heldt på med sitt. Små stridar var det, men Paul var nøgd. I fylkingane rundt han sloss dei som iltre lemen, og i Vika bruka dei tunge slag mot kvarandre. «Døyr fe, døyr frendar; døyr sjølv det same. Men ordet om deg aldri døyr, vinn du eit gjetord gjevt,» kvad han og heldt seg roleg. Det var best slik.