Hos bonde Ketil Trong hadde ein sau grave fram ein skinnrull inst i Ivar Gudbrandsa-høla. Her var fullt av runetegn, og Ketil gjekk til redaksjonen i Avisa Hemnes med rullen. AH sette straks Per Jomar Hoel på saka, som einaste i mils omkrets med norrønlinja frå gymnaset.
I fylkingen til Paul Aspe var det ein flokk dei kalla Hå Te Æff. Dei bygde holer i fjella, reiste murar så folk kunne finne fram og gjorde det dei kunne for at unge møyer og sveinar skulle finne seg til rette i fjella.
Kjenshola
Så langt attende som at svenskane vart jaga attende til Svitjod, vart den første hola reist. Klemet Krok henta både molte og fisk der alt då, men no vart det fleire fjellfarande, og ein stad måtte dei bu. «Ved Kjenssjøen skal hola byggast. Der er landet tryggast,» kvad dei som styrde flokken. Slik vart det. Så godt lika vart hola at den vart bygd på mange gonger. Mennene til Adolf Bart bruka ho då dei herja i riket, men etter at dei var jaga attende til Germania, vart hola teke i bruk av fjellfolket og utvida endå meir. Mest kvart eit år kom det noko nytt der, til og med eit damparbad.
Vallabjørn, ein småhovding som hadde hovudsetet sitt på Tørkbakk, var særleg glad i Kjenshola og for dit så ofte han kunne. Ein dag kvad han: «Alle skal trivast i våre fjell. Kjenshola må lagast universell». Mange tykte vel om kvadet hans og ville støtte han for å få det til. Og med det starta det ei omvøling knapt nokon hadde sett der. Ny hole for varmt vatn og møkk, breiare opningar og god plass for farkostar med to store og to små hjul. Læresveinen hans, Erling Kopp, var ein ihuga træl og kunne mykje, ordhag var han og. Men ein heil flokk stilte opp saman med Vallabjørn. Dei bruka fleire somrar på oppgåva. Då det nærma seg slutten, kvad han: «Stolt eg er av Hå Te Æff. Dette blir ein innertreff. Ja, no kan alle om dei kryp eller spring, kome seg hit og rundt ikring». Han fekk mykje åtgaum både for det han gjorde og det han kvad.
Gresshola
Lenger aust, mest inntil Svitjod, vart det og bygd ei hole. Mange lika storfisken på Gressjøen og ville ha ei hole for det. Andre for dit for å sjå etter bær og vilt. Men hola vart først og fremst bygd for dei som kom gåande riket på langs. Dei måtte ha kvileplassar. «Langt det er langs Okstoppfjell, Gåsvollflata fin, når det blir kveld,» kvad dei som hadde styringa. Slik laga dei ei hole der. Denne vart godt lika. Mange søkte dit som ville høgare opp, og. «Å gå frå her til kjære Skolt, gjer hausen min utruleg stolt,» kvad mange som brukte dagen på å kome seg opp.
Håkon Finne, Reidar Bolle og Elin Ytre trivdes særleg godt i Gresshola. Der hogg dei ved og måla veggar, men ein ting lika dei dårleg. Dei fekk ikkje sjå Skolten når dei sat inne etter arbeidsøktene om kveldane. «Trist det er, lite å sjå. Heile hola må byggjast på,» kvad dei og for til bygds og kom med kvadet sitt. Der tykte alle vel om kvadet, og dei fekk ein arbeidssam flokk med seg. To somrar heldt dei på, og til slutt var Skolten synleg frå godstolane i hola. «Vakkert syn, verdig konge, godt for hola, godt for lunge,» kvad dei og var nøgde. Etter kvart som nyhola vart ferdig, fekk dei meir og meir åtgaum for tiltaket sitt.
Gråurhola
Peder Kå var ein ihuga mann i fjellet. Til dagleg stelte han med unge møyer og sveinar, men så snart han vart fri, drog han til fjella som han lika så godt. «Okstoppar vakre, finast av alle. Ei hole her vil i hugen falle. Ei hole ved isen, tenk så flott! Då rekk vi til toppane greit og godt,» kvad han og fekk med seg mange på tanken. Og tanken vart til hole. Som maurar åla dei seg oppover brattbakkane med tunge bører på ryggen. – Oksisen med toppane ikring vart opna. Mange gode ord og mange mjødkrus vart tømde når Peder Kå fekk ros for innsatsen sin. Arild Tagal som var ein storhovding inst i Brygge Sin Dal, passa på at hola vart halde ved like i mange år. Han sa lite, men gjorde mykje.
Brygge Svein, ein framifrå krigar som hadde røtene sine i Brygge Sin Dal, tykte etter kvart at det var noko trongt inne i Gråurhola. Han meinte at ei ny måtte til. Han kvad: «Eld han tarv som inn er komen og om kne kulsar. No er det så fullt at vi mjødkrusa skulsar,» kvad han. Han fekk med seg heile hæren frå Brygge Sin Dal, og disse krigarane var det ingen som greide å stogge. Fort gjekk det å få nyhola i bruk, og bruka vart ho. Så heitt gjekk det føre seg at isen kraup lenger og lenger oppover frå hola.
Steinhellaren
«Lite bu er betre enn inkje, ei hole av stein vil eg byggje,» kvad Peder Kå ein dag han var på veg til Oksisen. Han tykte det var langt utan ein kvileplass. «Her er det stein, tusenvis. musklar har eg heldigvis,» kvad han og gjekk laus. Snøgt oppdaga han at no vart han for liten. Han fekk med seg Paul og Kjell, to veltrena krigarar frå Vekthaugen. Dei kunne bruke både hamar og meisel. Mange fleire var og med, og etter kvart kunne ein søkje ly mellom steinane. Det vart slik Peder Kå ynskte. Men då snøvinteren kom, fauk alt ned og fjellet var like nakent som før. «Eg gjev meg ikkje for ver og vind. Med tårn på taket skal eg koma meg inn,» kvad han og fekk med seg Ole Los på dette. Etter dette kunne ein krype inn og få ly, men ikkje mange våga å bu der over natta.
Rabothola
Brygge Svein hadde mange store draumar. Han hadde gjort mykje både på Kjenshola og Gråurhola, men det var ikkje der han hadde draumane sine. Dei gjekk frå Steinhellaren og høgare opp. «Okstoppane kan lokke mange, kjærleik til fjellet kan dei mange fange,» kvad han og såg for seg ei stor hole med tausperra salar og store gluggar. Han gjekk til frilla si, Ann Karin, og fortalde henne om draumane sine. Ho vart fælen, men kvad: «Mykje rører seg i hausen din. Eg går med deg, draumen er fin». Då sette dei i gang og fekk fleire og fleire med seg. Ja, tankane vart så store at dei for sør i landet for å få Jar Munn til å teikne hola. Han var ein framifrå holerissar med griffelen sin, og det gjekk gjetord om holene han rissa. Dei tålte både vær og vind.
Augo vart store då dei viste leiinga i Hå Te Æff kor svært det vart. Ikkje hadde nokon sett noko slikt, og aldri hadde nokon tenkt noko så svært. «Dette kostar for mykje gull. Draumen din er berre tull,» var det nokre som kvad. «Hå Te Æff vil gå på rygg. Denne tanken er ikkje trygg,» var det andre som kvad, «det må koste mykje gull, kassa vår den står i null,» heldt dei fram. «Gode fjellfolk, høyr på meg,» kvad Svein, «gullsekkar mange må fyllast opp, eg veit om kjelder som er topp. Gull skal eg finne, Rabothola skal vinne». Etter kvart tykte fleire og fleire godt om kvada til Brygge Svein og stilte seg i flokken hans.
Dei gjekk laus. Det kom godt væpna krigarar frå Jarnsmiarstaden og tok mange tunge tak. Hå Te Æff sine folk var heller ikkje lett å stogge. Ja, så mykje vart det slarva om holebyggjinga at det valfarta folk opp for å sjå kva dette eigentleg kunne bli. Nokre jordtrælar i dalen tykte det vart vel mange som for etter Leirråket. Dei vart hefta når dei flytta dyra sine. Trefningar vart det, men såra vart ikkje djupare enn at dei grodde etter kvart.
Så stod hola der, glitrande med Okstoppane bak. Hola fekk slik åtgaum at folk frå heile Kringla Heimsins kom med lovord. Ingen hadde sett noko slikt. Brygge Svein kvad: «No står hola der og ventar på vitjing. God er ho i sol som kuling. Kvar og ein kan hola nytte, du kan hola til deg knytte». Ein ufred hadde han stått i, men med Ann Karin og mange hjelparar rundt seg fekk han siger. Han var ikkje snauare enn at han saman med dei andre reiste Klemet hola like ved to år etter.
Blomar til bry
Elisa Kulte heitte ei tiltaksam dros frå Korggryta. Til dagleg stelte ho med møyer og sveinar som ville bli lurblåsarar. Saman med Otto Yngling som passa fisk til dagleg, skipa dei sommarblot og mykje spas for dei som hadde holene sine omkring Korggryta. Ein dag kvad dei: «Korggryta er så trist og grå, blomar og fargar må den få».
Dei gjekk til Amundborga og sa meininga si til Amund og Paul Aspe. Øyra deira var nyvaska, så dei høyrde alt som vart sagt og tykte vel om tankane deira. Dei la hovuda sine saman og bad Magne Tekk finne ei løysing. «Ei ny råk som gjev fart. Her må gjerast noko smart,» kvad dei og fekk Magne sine menn til å slå hjelmane sine i hop.
Ikkje mange dagar gjekk før Tekk-mennene kom og fylte råket med vakre blomar i nysnekra kasser. Kvar ein hjuldoning måtte setje ned farten for ikkje å kveste blomane. Vakkert vart det. Elisa Kulte kvad: «Korggryta lyser opp. Tekk-jobben er heilt topp». Mange som køyrde hjuldoningar lika kvadet hennar heller dårleg. Dei var arge. Ikkje visste dei kven som kunne køyre først, og ikkje kom det fram kor fort dei kunne fara fram. Dei som gjekk til fots, våga knapt å krosse råket. Dei hadde livet sitt for kjært til det.
Mette Djerve på Mølnarhus heitte ei dros. Ho vart kalla Djerve etter ei farefull ferd mot enden av Nor. Ho fekk mykje åtgaum for ferda si. Mindre djerv vart ho ikkje etter ein holmgang mot Kjell Terre då trælane hadde tinget sitt på Finnistrond. Oppreist gjekk ho ut av striden og tok leiarskapet for tingmennene til træleflokken. Ho delte skinnfell med Helge John Langarm på Mølnarhus. No hadde dei flytta senghalmen sin til ei hole midt i Olderstad som Rune og Frank Sudlandsfararar hadde grave ut.
Frå den nye hola si såg dei alle hjuldoningane som for forbi, og det var ikkje få. Mette tykte dei for uvarleg fram i stor fart, så ho kvad: «Altfor fort dei i råket driv. Snart så skjer det. Her går liv. Råket må merkajast med kvite strek. Slik sikrar vi livet til dei som rek». Ho sende kvadet både til Store Fylke og Amundborga. Ingen lika kvadet hennar, så noko merkjing på råket var det ikkje.
Uroa voks og mange kvad: «Vanklok løysing, lite gagnleg». «Vakkert råk, fint og stasleg». Mange rasla med sverda sine, og spitorda sat laust. Motpartane hytta med nevane og skreik i øyro på kvarandre. Då natthimmelen vart svartare, skjedde det: I dølgsmål vart alle blomane sette til sides, ja, ei kassa vart tilmed flytta heilt til råket der Snorre Kjøk hadde setet sitt. «Her må merkjast og målast. Her må flyttast i all hast,» kvad Paul Aspe som lika blomane godt, men som var samd i at no var det så uklårt som det aldri hadde vore. Dette tok Tekk-mennene på alvor og greidde opp i alt som hadde laga vanskar.
No gjekk alt så godt. Hjuldoningane bytte på plassane sine, og alle kom fram, vinka til kvarandre og var i så god lune som Tekk-karane hadde vona. Det var slik dei ville ha det. Men slik var det ikkje for alle. Ei mørk natt, kanskje etter noko bloting med mjød og anna god drykk, vart nokre så sterke at dei velta kassene som stod der. Blomane vart øydelagte, og råket vart ille tilflidd av jord. «Ikkje godt for manneætt, vondt å sjå så lite vett. Hjarteløyse, muskelkraft vart for sterkt for stengelsaft,» kvad Tekk-mennene og viste kor skuffa dei var over medborgarane sine. Men dei raska i hop det som var att og sette alt slik det skulle vera.
Mange rundt om kom ut or holene sine og kvad: «Sterkare enn blomar kan kvar ein vera, undrar kva som er i hausen deira»? Mangt vart sagt då dei stusselege kvastane stod att og vitna om ein strid som vart mest vond.
Sola seig lågare og lågare på sørhimmelen. Tekk-mennene henta det som var att før snøen kom, og mange undra seg over kva som ville skje etter midtvinterblotet og våren kom med nytt ljos og nye blomar.