Hos bonde Ketil Trong hadde ein sau grave fram ein skinnrull inst i Ivar Gudbrandsa-høla. Her var fullt av runetegn, og Ketil gjekk til redaksjonen i Avisa Hemnes med rullen. AH sette straks Per Jomar Hoel på saka, som einaste i mils omkrets med norrønlinja frå gymnaset.
I Åsgard heldt gudane ting. Dei var lite nøgde med at alt gjekk så smått i Jarnsmiarstaden. «Trått det går i byen med malmen. Lite dei duger i sengehalmen,» kvad Odin. Han såg på Frøy med auget sitt og sa at han måtte ta Skibbladner, og segla til Jarnsmiarstaden for å byggja ei ny smie der. Fleire trælar ville da kome dit, og då ville det nok bli meir småfolk og. Frøy fekk god bør, og det tok ikkje lang tid før han segla inn Ranfjorden og møtte hovdingen der, Geir Vågale. Noko stuss var Geir, men han var snar til å sette sverdet sitt vekk då han fekk høyre kva slags ærend Frøy var i.
«Smier vil vi laga. Med Tor si kraft og gneistrande lyn. Trælar mange vil hit draga. Smiene vil bli eit vakkert syn,» kvad han.
Geir Vågale og Ulrik Arve
Geir tykte vel om kvadet og såg for seg alle som ville kome til staden hans og alle sveinane som ville vekse opp der. Sørhimmelen lyste opp, og alt såg vel ut. Geir kvad:
«Godt er ditt kvad, din vilje er god. Byggje vil vi, – mange reir. Smiene dine skal kallast Freyr». Geir tykte vel om kvadet sitt og drog saman med Frøy rett til Ulrik Arve, ein skikkeleg storhovding som rådde over alle smiene i staden. Han gnidde seg i hausen, der det skulle ha vore hår, såg ut over alle smiene han hadde og kvad: «Gull blir det av Frøy sine tankar. Rom har eg til dei som med han vankar. Store blir vi, og godt er det. Er glad for alle som blir med». Han hadde drøymd mange draumar, men denne gjekk over alle. Mjødkrusa kom fram og Frøy vart heidra.
Berit Hund, Løve Jann og Peter Tale
Då det vart kjend rundt om at Geir kunne får over tusen nye trælar til staden sin, gjekk det kalde gufs etter ryggen til Berit Hund. Ho hadde styringa i Kulstadfylkingen og likte heller dårleg at Geir Vågale fekk god bør i det han prøvde å få til. Men så hadde ho stelt så dårleg med møyene og sveinane si leikestove i Elsvika at ho våga ikke seie det ho meinte. Ho hadde det ille nok med ilske medbuarar. Gamalhovdingen, Løve Jann, var helle ikkje å høyre. Han gøymde seg i Trollskogen sin etter at Geir vann striden om landingsstad for flygande farkostar. Ikkje var han å sjå etter dette. Peter Tale sat i langhuset sitt på Sandnes då meldinga om nyhendinga i Jarnsmiarstad kom. «Av Geir sin framgang er eg lei, men tarmskjæring får han ei,» kvad han og freste over langbordet ved hovdingesetet sitt.
Paul Aspe
Paul Aspe tykte vel om vitjinga til Frøy. Han skjøna at kom det mange til Jarnsmiarstaden, ville mange vitje han og. «Stutt veg til fylkingen vår. Rein luft og gode kår,» kvad han og viste gullsekken som han ville gje til dei som kom. Geir Vågale visste at Paul lokka med gull, men sa lite om kor bra det var i fylkingen til Paul. Han ville helst ha dei heime hjå seg sjøl. Paul trudde ikkje heilt på lovnadene til Frøy. For han høyrdest tusen mann mykje ut. «Smiene no er robotstyrt, mange mann blir for dyrt,» kvad han. Han såg likevel at regna det på Geir, ville det drype på han. «Salar skal byggjast, fagrar enn sol, gjevt blir det, kvart eit bol,» kvad han og samla alle tingmennene kring seg. Dei la hjelmane sine saman og undra seg over korleis dei skulle greie å få mange til fylkingen sin. Men fort gjekk det ikkje.
I godt lune
Menn frå heile Kringla Heimsins drog til Jarnsmiarstaden. Mange drog frå flokken sin og ville bli på Frøy sitt lag. No var det lønt og få det grønt. Ulrik Arve stråla, og når han var i godt lune, skjøna alle at dei hadde havna i rette flokken. Han rosa alle som kvesste sverda sine for grøne tankar. No skulle alle få kome til Jarnsmiarstad og sjå kva dei kunne få til.
«Gjennom stengde veggar skal vi ganga, gjennom ukjend land vegen finna. Nye tankar skal vi fanga, den grøne kampen skal vi vinna,» kvad han og spytta på sverdet sitt og slo seg vidare.
Birgit Skjeft, ei tiltaksam dros frå Korggryta, tykte vel om kvadet hans, kasta mattene sine og slo seg saman med Frøyflokken. Ho vart kalla Skjeft av det ho var snar til å ta sverdet sitt ut av skjeftet og slåss for det ho meinte var rett. Ho ville samle trælar frå landa rundt om og gjera flokken til den største og beste. «Med elkraft skal farkostar flyttast, lydlaust og eimfritt. Vasskrafta vår skal nyttast, rein luft eit viktig skritt,» kvad ho og heldt fast i sverdskaftet. At ho gjekk på ei stor oppgåve, visste ho, men uredd som ho var, gjekk ho rett fram.
Usams om sottesenger
Då Helsebent Høy slo fast at det skulle bli to salar med sottesenger, ein i Jarnsmiarstaden og ein ved Sandnes, trudde mange at no vart det endeleg fred mellom stadene og at våpna vart lagt ned. Men det skulle dei ikkje ha trudd. No vart det usemje om kva som skulle vera i salane, og dei sør for Korgberget vart usamde om kva han meinte med ved Sandnes. Luringen, Peter Tale, hadde reint gløymd at han hadde lova bort Tovåsen til Berit Hund. No jubla han over at Sandnes var rette staden. Her måtte kjennarar frå Vika sjå på saka, og det tok tid. «Sandnes er best, Tovåsen dårleg. Det er vår test og svar alvorleg,» kvad dei og lura seg vekk. Dette lika mange så dårleg at det skrall i Øyberget då Berit Hund kom med meininga si. I Tromsøyar vart dei så redde at dei kvad: «Gode Berit, lag no fred, sjølvsagt blir Tovåsen enno med».
Slik vart det i byrjinga, men mange grua seg til det endelege svaret kom. Alle skjøna at Berit hadde vorte lura og at i Tovåsen kom dei ikkje til å grava ei grøft eingong. Hulda frå Skaldøya var ei rettvis frille som ville alle godt. Ho hadde vondt i seg når ho heldt Berit Hund i god tru. Til slutt kvad ho: «Tovåsen er vakker, greit terreng, fin for turar, men ikkje for seng». Berit fauk i veret då dette kvadet kom, og ho svara: «No har du gjeve oss mange arr. Fylkingen min er heldt for narr! Styringa di er lite tess, det minste vi treng er eit De Em Ess». Det gjekk ein eld gjennom kroppen hennar, og hadde det ikkje vore for at Kor Ona tvang henne til å halde seg heime, hadde ho teke sverdet og drege i hærferd. Slik kjensle i kroppen hadde ho aldri hatt før. Peter Tale i Sandnes sa lite, men flira lurt frå hovdingesetet i Langhuset sitt. No gjekk det sikkert slik han vona. Men enno var det langt fram til avgjerda vart teke.
Tarmar til bry
Meir uro vart det om tarmskjæringsusemja. Her kvesste dei våpna sine og bruka dei. Sesi Då, dronninga ved Tromsøyar, hadde teke knivane frå alle både på Sandnes og i Jarnsmiarstaden. Bodøyar fekk alt. Dette lika dei heller dårleg, så dei skulda på kvarandre, sende hærpilar over Korgberget og ville slåss, utslegne som dei var.
Ja, så redde var dei sør for Korgberget at dei laga ein eigen hovdingeflokk for å bli sterkare. Geir Vågale og dei som sokna til han, skulle knekkjast. Han skulle ikkje få nokon ting. Ikkje skulle gørret frå ein einaste tarm tømast i Ranfjorden. Peter Tale gjorde våpengny og kvad: «Geir Vågale har skuld i dette. Jarnsmiarstaden vil eg utslette». At Geir voks og han stod still fekk fram harmen i han.
I Jarmsmiarstaden var dei svært lite nøgd med hovdingeflokken si framferd. Det var i Sandnes at trælane døydde etter skjæringa, ikkje hos dei. «Som fluger stupa dei under Sandneskniven. Mange der vart frå jorda riven,» kvad dei og sa vidare: «Hjå oss var alt fryd og gaman. Friske vart dei alle saman». Hovdingeflokken gremtest over kvadet og sa at dette skulle Helsebent Høy få høyra, likeså Hulda frå Skaldøya. Striden var hardare no enn då dei sloss om landingsjorde for flygande farkostar.
Sesi Då såg kor ille det var og kvad: «For alle er usemja eit veldig tap. Mellom dei er det eit Ginnungagap». Ikkje våga ho seie meir, og Hulda frå Skaldøya fekk råd om å halde seg så lågt som råd var. Dei fekk berre vente til fleire frå Vika sa kva dei meinte. Ho vona å kunne skjule seg bak dei.
Flygande farkostar
Striden om å lage flater til flygande farkostar heldt fram på eit vis. Geir Vågale hadde fått inn mange støyt, ja, så mange at Løve Jann i Kulstadfylkingen ikkje lenger våga å slåss. Han gøymde seg i Trollskogen sin og let Berit Hund ta styringa. «Sliten er eg av denne krigen, kroppen er herja og ganske sigen,» kvad han. Peter Tale i Sandnes var heller ikkje så glad i denne striden lenger. Alle såg at Geir ville vinne.
«Flygande farkostar er viktig for alle. Både Kulstad og Sandnes kan la basunene gjalle. Godt det er med gull til ei flate, no må vi heller saman prate,» kvad Geir Vågale og viste at han og hadde eit varmt hjarte. I Jarnsmiarstaden fekk han mange godord for kvadet sitt. Mange var lei av at hovdingane sloss mot kvarandre når det var så mykje dei burde ha stått saman om. «Slikt kan ein sigerherre seie og taparen løfta. Vondt det er å havne i grøfta,» kvad dei som heldt til i holene sør for Korgberget. Såra etter striden hadde vondt for å gro, og svevnen om natta var uroleg og vond.
Geir Vågale heldt fram med å skaffe meir gull til flata si. Etter kvart fekk han sekkar fra både Bodøyar og Vika. Etter at Jarnerna hadde vore der og spadd i jorda på flata, var han viss på at no skulle alt gå bra. Både trælar og rikingar meinte at ei slik flate måtte kome så fort som mogleg.
Hanne Bank
Ein dag kom Hanne Bank og meiningsfellane hennar med ein stor gullsekk og gav til flata. Gullet hennar kom frå alle mellom Torgar og Jarnsmiarstaden. «No har striden lagt seg, saman vi står. Frå no av er det semje og samhald som rår,» kvad ho. Ho var stolt av kvadet sitt og glad for at ho kunne gå fremst i ein samla flokk.
Det ho ikkje visste, var at såra etter gamalstriden blødde i veldig mange enno. Dei vart rasande. På kort tid fjerna dei alt gullet sitt frå sekken hennar og kvad: « Ikkje eit støvgrann frå gullet mitt, skal over fjellet og bli til dritt! Alt eg har i eigen pung, skal setjast inn og bli i Grong». Noko slikt hadde ingen sett. Flokkvis strøymde dei til Grongsekken og vende ryggen til Hanne. Ikkje ein tanke på alt ho hadde gjort for dei tidlegare, kom fram. Ho var ein svikar som skulle straffast. «Åleine du blir som fer slik fram. Åtferda di er ei skam,» kvad dei og brydde seg heller lite om at dei og sette banesår på trælane som gjorde teneste hos Hanne i Kulstadfylkingen.
Hanne vart heilt handfallen. «Ikkje eg trudde at slik det var, at venene mine var så hard,» kvad ho og skalv slik at ho hadde vanskar med å treffe slira til sverdet sitt. Ho trudde at ein gong måtte usemja ta slutt, men der tok ho feil.
Dei som fekk gåva, var svært takksame. «Same kva dei andre gjer, godt vil vi der alle fer;» kvad dei, men var og noko skræmde over handsaminga Hanne Bank og meiningsfellane hennar fekk.
Korleis det gjekk vidare, seier ikkje soga noko om enno, men skrivestova inst i Ranfjorden spara ikkje på griffelsverta om kor gjevt det skulle bli. Noko meir sparsam var stovene i Kulstad og Sandnes.