Lokalmiljøene er fulle av lokale stedsnavn med spennende historier bak. Det er registrert 7-8.000 bare i Hemnes, og i denne spalten vil vi presentere noen av dem.
Ferdselvegen frå øvst i Leirskardalen til fjellvatna – og Sverige – gjekk frå gamalt opp den bratte Tverålia, gjennom Tveråskaret og vidare enten Nord- eller Sørskaret til Kjensvatnet. Bekken renn slakt i Yttersannan, og her ligg fleire digre steinar.
Ferdafolk, gjerne dei som skulle til vatna og fiska, tok kvile her. Nokon hadde vel med seg ei flaske med blankt, der dei tok ein støyt sjøl, og spanderte ein skvett på ein stein, som eit lite «offer» til fangstguden. Det var til Brennvinssteinen.
Ved Innersannan ligg ei samling steinar og lagar to tronge gangar. Det er JakobHåksa-reva, som har namn etter plassmannen Jakob H. som heldt til i Innerenget. Han sa det slik: – Tar du til høgre her, kjem du til Sørskaret, og tar du til venstre så blir det stien til Nordskaret.
Og det stemmer, den dag i dag.
Kilder: Elsa Hoel og Ingvar Tverå