Bente Lund Jacobsen.
Eldreombod. Bente Lund Jacobsen. FOTO: Eldreombodet

Styrk eldreomsorga no

Stortinget må gi kommunane meir pengar, og kommunane må prioritere å styrke eldreomsorga. Det må til for å gi verdig omsorg til alle eldre som treng det.

Lokalt og nasjonalt blir det no snikra 2022-budsjett som er avgjerande for kvaliteten på eldreomsorga. Det er uakseptabelt at eldreomsorga fleire stader er utsett for kutt – og mange stader ikkje blir satsa på.

Stort tidspress blant tilsette er ei oppskrift på uverdig eldreomsorg. Det er heilt nødvendig at kommunane aukar bemanninga av helsepersonell med rett kompetanse. Grunnbemanninga må opp.

Kommunane må ha kompetanse til å løyse stadig fleire spesialiserte oppgåver. For eksempel: Ut frå det Helsedirektoratet tidlegare har anbefalt, burde det vere over 500 ernæringsfysiologar i kommunane. I dag er talet rundt 50.

Vi i Eldreombodet ber Stortinget om å auke inntektene til kommunane vesentleg meir enn det som budsjettforslaget frå den avgåtte regjeringa la opp til. Og kommunane må bruke inntektene til å satse på helse- og omsorgstenestene.

Mange av meldingane vi får frå eldre og deira pårørande, dreier seg om at desse tenestene ikkje strekker til. Vi får også bekymringsmeldingar om nedlegging av institusjonsplassar.

Det er nødvendig å minne om åtvaringa frå Statistisk sentralbyrå (SSB): «Stadig fleire eldre over 80 år vil innebere stadig fleire med stort bistandsbehov i befolkninga, uavhengig av om helsetilstanden blant dei eldste stadig blir betre.»

SSB spør også om talet på sjukeheimsplassar og bustader med fast tilknytt personell vil dekke behovet i framtida. Det er urovekkande.

Dei folkevalde har vedtatt høge ambisjonar om verdig og framtidsretta eldreomsorg. Då må dei også sørge for god kapasitet, rett kompetanse og god bemanning.

For kvaliteten må opp på mange frontar: Sørg for god ernæring på sjukeheimar og i heimetenestene. Få slutt på vald, overgrep og forsømming. Gi opplevingar som styrker livskvaliteten og den psykiske helsa. Auk den fysiske aktiviteten for å fremje helse og førebygge sjukdom. Ta i bruk velferdsteknologi.

Forslaget til statsbudsjett frå den avgåtte regjeringa vil ifølge arbeidstakarorganisasjonen Unio gi kommunesektoren eit mindre økonomisk handlingsrom – fordi utgiftene stig.

Og kommuneorganisasjonen KS peikar på at auken i frie inntekter til kommunane i budsjettforslaget er plassert lengst nede i det spennet som var varsla på førehand.

Det gir grunn til å frykte for oppfølginga av intensjonane om kompetanseløft, demensplan, involvering av pårørande og lindrande behandling.

Derfor må Stortinget no sørge for ein vesentleg auke i inntektene til kommunane.

Bente Lund Jacobsen,
eldreombod