Hos bonde Ketil Trong hadde ein sau grave fram ein skinnrull inst i Ivar Gudbrandsa-høla. Her var fullt av runetegn, og Ketil gjekk til redaksjonen i Avisa Hemnes med rullen. AH sette straks Per Jomar Hoel på saka, som einaste i mils omkrets med norrønlinja frå gymnaset.
Kvart fjerde år slo det til at storhovdingane i riket rauk i hop. Den som vart sterkast, fekk kome til Kongen sitt bord og vera saman med han. Det var så gjevt at dei ofra alt for å få den heideren. Mange stygge slag og spark vart gjort i kampane, og mykje vondt vart sagt. Mennene i riket vart redde og heldt seg unna. Ja, så ilske kunne dei bli at uskuldige som ikkje ville til Kongen, kunne bli skamfert utan grunn.
Jarnerna
Jarnerna som ho vart kalla, hadde hatt kontroll over riket i mest eit tiår med flokken sin, så ho var viss på at ho kunne halde fram som ho hadde gjort. Blåmannaflokken hennar hadde kvasse våpen og visste korleis dei skulle treffe. Mange rundt om i riket låg att etter at dei hadde vore der. Dette var det berre Blåmannaflokken som likte. «Ho likar dei med gullsekk stor, for riket er ho ei dårleg mor,» kvad dei som ikkje lika henne. Men Erna hadde svar: «Uklok er han som ikkje gullet passar, uklok er han som berre i søla vassar». Ho meinte at alle måtte yte for å kunne nyte.
Guri Mjølbø
Guri var av ladeætt, men hadde hovudsetet sitt i Vika. Ho støtta Erna i eitt og alt. Flokken hennar var så liten at utan å kunne gjømme seg bak skjoldet til Erna, var ho både kraftlaus og evnelaus for å få noko til. Dei kalla flokken hennar Vingleflokken slik dei for fram. Dei hadde gjømt seg bak andre før utan å få meir makt. Erna hadde fått ho til å stelle med unge møyer og sveinar og få dei fram. Dette lika ho godt. «Møyer og sveinar må stellast godt om riket vårt skal bli flott,» kvad ho og slo mange slag i lufta for å vise at ho lika det Erna gjorde.
Kjell Rope
Kjell Rope styrde Kvite Krist sin flokk. Han arbeidde saman med Erna. Dette skjedde etter at han og hjelparane hans hadde sendt gamalhovdingen Hare Arild heim. Han ville slutte seg til flokken som Jonas Styre leia, medan Kjell Rope heldt best av Jarnerna. Flokken til Kvite Krist sprakk etter dette og kom seg aldri skikkeleg på føtene att. «Sterkast blir vi med Erna ved roret. Trufast er vi mot Krist og ordet,» kvad han og hiva seg med Blåmannaflokken før det store slaget starta. Ikkje mange visste at han i løynd hadde fylt gull i sekken sin frå storsekken dei hadde saman. Etter at slaget var over, vart dette kjend, og han måtte gje frå seg alt og tusle attende til mor si.
Sylva Listig
Blåare enn alle var Sylva Listig. Ho var ei frille som hadde tekje over styringa til flokken som Siv i Vika hadde. Siv hadde fått nok og ville heller berge dei som datt i havet framover. Ho hadde skamfert mange nok, tykte ho. Sylva var ordhag som få og slo hardt på brynja si så snart ho såg at nokon kunne bli redde. Ho lika å sjå korleis dei kraup i hop når ho gjekk på. Og rett på gjekk ho, uredd som ho var. «Ingen kan stogge blåflokken min, likar å sjå når andre grin,» kvad ho og var viss på at ho skulle bli endå sterkare enn Siv var. Ho hadde reint gløymd at flokken hennar hadde minka kraftig etter at ho tok leiinga og at ho ikkje ville høyre på pipa til Jarnerna lenger.
Jonas Styre
Han som leia den største træleflokken, kalla dei Jonas Styre. Han hadde ei spiss tunge og bruka den sikkert. Styring ville han ha på det meste, og alle lytta når han tala, men alle hugsa og kor dårleg det gjekk med han sist dei sloss om å få kome til Kongen sitt bord. Dei greide liksom ikkje å tru på han. Jonas stod jamt på, og han merka at flokken hans voks, og at han vart sterkare. «Jarnerna skal vi bli kvitt, hovdingesetet skal bli mitt,» kvad han og sette kvasse auge på alle som tvila på han.
Audun Ljose
Audun Ljose styrde ein mindre flokk på sida av Jonas. Han var klar i strilerøysta si, og han ville meir enn gjerne stø Jonas om han prøvde å sette sverdet under serken på Erna. «Uklok har Erna vore mot oss, difor vil trælane mot ho slåss,» kvad han og viste at under brynja hans var det både musklar og vilje. Audun fekk mykje ros for kvada sine mot Erna.
Bjørnar Raude
Bjørnar Raude hadde i fleire år vore heilt åleine. Han lika det, men tykte det ville vore godt med fleire attmed seg. Same kor hardt han slo, vart det liksom ikkje noko ut av det. «I otta du rise vil du rikdom taka, og vil folk fella,» kvad han og hamra laus på vanstyringa til Jarnerna. Han ville ikkje gje seg om det gjekk smått fram. Blåmannaflokken måtte leggjast til bakken når slaget starta.
BastUne
BastUne kalla dei ei frille som styrde i Vika. Ho var arg på alle som ikkje lika vargen og som blota med dyrekjøt. «Elvar veks, fyller krokar. Varm blir bakken, jorda kokar,» kvad ho og meinte at alle måtte leve som henne. «Vit han tarv som vidt skal fara, Kringla Heimsins må vi vara,» heldt ho fram. Det lyste av iver or augene hennar når ho sloss for alt som var grønt.
Trygve Knegg
Ein godsleg krigar frå flate Raumariket vart kalla Trygve Knegg. Han hadde så god ein lått at alle vart med han når lattergluggen vart opna. Han dreiv hardt for jordtrælane og dei som ikkje ville klumpa seg saman i tettstadar. Difor kom han ofte i småslag med Jarnerna. Han meinte at ho dreiv slik at snart kunne ingen ta vare på det som vart laga rundt om i riket. «Jarnerna tyner dei små rundt om. Fjern er ho, gjer bygda tom,» kvad han og rasla med sverdet sitt. «Ikkje skal ho få halde på makta. Alle må på henne jakta,» heldt han fram. Det var alvor bak låtten hans. Mange tykte vel om kvada hans og kalla han Slagsmål.
Storslaget
Så kom dagen. Hovdingane stod klare på vollen. Våpna var slipa, hærkleda vaska og håret greidd. Ikkje skulle dei berre slåss mot kvarandre. Dei skulle og lure kvar ein rundt om i riket til å kome til sin flokk. Då måtte dei sjå både venlege og sterke ut.
Bumenn, trælar, møyer og sveinar kom ut or holene sine og hogg mot dei som var minst lika. Kraft bruka dei, skamfor mange og skrytte av andre. Så sette dei opp ein geip, slo våpna sine saman og laga hærrop. Så lo dei, -og borte var dei».
«No skal Erna si makt bli lita, no skal ho tapet i seg bita,» kvad Bjørnar Raude og hogg etter henne så hårtufsene hennar fauk i lufta. Nordhimmelen var raud og varsla at no måtte Erna ta seg i akt. Kjell Rope prøvde å hjelpe henne, men såg at han var meir åleine enn han nokon gong hadde vore. Han styrde unna dei ilske slaga, men greide ikkje å gje noko att. Han vart ille tilreidd. Det såg dårleg ut for han. Han heldt på å få banesår. «Kvite Krist, hjelp oss i nauda. Flokken vår held på og dauda,» kvad han på eit klynkande mål som berre sørlendingar skjøna.
Mjølbøfrilla greide seg betre, men såg at var ho uvøren, ville det gå ille med henne og. Ho let difor Erna slåss åleine. Ho hadde meir enn nok med seg sjølv. «Slag har vi gjeve, sår har vi fått. Ingen skjønar at vi vil alle godt,» kvad ho og tørka skit og søle av hærkleda sine. Ho lika seg berre passeleg etter kvart som slaget utvikla seg.
Mørke skyer la seg over valplassen, røyk frå bål og eim av blod berre hissa opp Sylvi Listig. Ho sloss berre for seg sjølv og brydde seg lite om dei andre. Ikkje såg ho at ho hadde langt færre med seg enn ho var klar over. «Same korleis dette endar, får vi siger mot usle fiendar,» kvad ho og slo alle veiar. Berre ho råka nokon, var ho nøgd.
Dansande inn kom Unebast. Ho hadde aldri vore i slike stridar før, så ho var viss på at alle ville høyre på henne og gje ho klapp på aksla. Så stor tru på seg sjølv hadde ho. Slik gjekk det ikkje. Sylvi Listig gav ho inn så det lukta svidd. Dei grøne hærkleda hennar skifta farge til raudt tidleg i slaget. Ho prøvde å tørke seg rein, men lite det nytta. Fleire og fleire rispa i henne, og mindre og mindre gangfør vart ho. Med tårer i augo kvad ho: «Kva hjelp det å berge jorda, når ingen vil høyre på dei orda». Ho såg at ho vart for stutt og at ho framleis måtte halde seg i lag med dei ho kjende frå før.
Jonas Styre heldt seg roleg i striden. Han slo når han måtte, og treffsikker var han. Han råka dei han ville og skjøna at det var lurt å ikkje lage for mykje blod. Han såg at Jarnerna var gått på kne og at dei som stødde henne var meir liggjande enn kjempande. Hovdingesetet var på tur til å bli hans. No måtte han ikkje bite seg ut med fleire enn han måtte. «Vegen til siger ser eg no, best å halde båten i ro,» kvad han roleg til seg sjølv. Han såg at sørhimmelen ljosna og at sigeren var hans.
Verre var det med Audun Ljose. Han var viss på at alle raude ville stø flokken hans, men slik gjekk det ikkje. Bjørnar tok fleire og fleire frå han, så dit kunne han ikkje slå. Ikkje kunne han slå mot Jonas Styre heller. Det ville straffa seg. Han hadde berre ein att. Det var Trygve Knegg. Audun gjekk laus på han, men Trygve hadde slik medhald over alt at han gav berre ein lått frå seg og let Audun slå. Lite det verka. Han mista mange etter kvart.
Trygve sloss ivrig mot Jarnerna og såg at ho gjekk i kne. Lett var det ikkje å gje henne banesår, for ho kom fort opp att same kor herja ho var. «No må du gje deg, Ernamor, flokken mot deg er for stor,» kvad Trygve og flerra i brynja hennar. «I sola har du vore, no blir det kaldt. Til skuggeheimen skal du, takk for alt,» heldt han fram. Han var klar på at om Jonas retta våpna sine rett vei no, skulle dei bli sterke saman, og han visste at ingen hadde fått så mange med seg som han. Ernaveldet var over.
Valplassen var fylt med røyk, mannelika låg strødd rundt om, og eimen frå opne sår og ropa frå taparane høyrdest langt. Då kom det frå Jarnerna: «Striden er over, eg kastar inn våpna. Jonas får hovdingesetet opna».
Jonas retta på hjelmen sin, tørka sveitten og kvad: «Eit skifte treng vi, rett og slett. Godt det er for manneætt». Dei som hadde krefter att, slo på skjolda sine.
Det var stilt over heile valplassen. Lyden frå kråker og ravnar på matjakt kunne høyrast att. Riket var på tur ut i ei ny tid. Hovdingane som greide seg, pakka saman våpna sine, rista søla av hærkleda sine og for heim kvar til sitt. No var det opp til Jonas.
Etter slaget
Så snart dei svarte skyene over valplassen hadde sige vekk og Jonas fekk sjå sola att, gjekk han vidare. Han reinska sverdet sitt og sette det i slira. No ville han bruka ord. Han fekk med seg Audun Ljose og Trygve Knegg til Hurdar, ei sveit godt gøymd i skogane ikkje langt frå Vika. Han meinte at kakka dei seg på lag, ville dei bli så sterke at ingen kunne stogge dei. Tryge lika heller dårleg at Audun skulle bli med på laget, men han godtok Jonas Styre sine tankar. I løynd tinga dei om kva dei kunne få til.
Midgardsormen
Det Jonas ikkje visste, var at Bjørnar Raude hadde skræmd Audun med Midgardsormen ute i havet. Han hadde lenge sagt at alle skulle halde seg unna Noreg sitt hav og slutte å hente meir svart gull der. Kringla Heimsins vart berre heit av det, og det ville ta livet av både dyr og plantar. Til Audun kvad han: «Fer du dit og tek opp svart gull, kjem Ormen og tek deg, og du blir eit null». Bjørnar hadde fare heilt til Korggryta for å finne Stine Hjerpe. Ho gav han slik kraft at han var heilt uredd for Audun. Det som var ljost på Audun, vart mørkt og svart etter dette kvadet. Han vart redd. Midgardsormen kjende han litt til. Han visste at frå han spruta det både gneistar og eld. Kanskje han aldri fekk sjå Bjørgvin og veslesonen att om han for dit saman med Jonas og Trygve.
Etter nokre dagar og søvnlause netter, kvad han til dei: «Ikkje vågar eg å stå i denne stormen. Vi går under for Midgardsormen. Tryggast er det at eg går ut, farleg er det med Ormen sin sprut». Jonas Styre kvakk til av kvadet til Audun. Draumen hans rasa i hop og hovdingesetet han hadde slik hug på, vart som i skodda. Makta hans minka, medan Trygve si vart sterkare. Det var slik Trygve ville ha det. «Vondt å høyra kvadet ditt, men eg må slåss for laget mitt,» kvad han og sende skarpaugene sine mot Audun. Bjørnar Raude humra i skjegget sitt over det som hadde hendt. No ville Raudeflokken bli større, og ein makteslaus Audun var det likaste som kunne skje. Då ville det ry over med krigarar til flokken hans.
«Det blir som du sa, vi to skal bli bra,» kvad Jonas til Trygve. Han skjøna at skulle han få hovdingesetet, måtte han gå vegen Trygve hadde staka opp. I løynd drog dei til skogs att for å finne løysingar. Det gjekk ikkje mange dagane før dei kom fram att. Alle såg at nevane hadde vorte bruka, men ikkje våpen, heiderskarar som dei var. «Vi er samde om mangt, så vi har kome langt. Noko har vi gjeve, noko har vi fått. No skal landet vårt få det godt,» kvad dei då dei kom fram.
Så tok dei til å samla menn og møyer til å hjelpa seg. På Nesnastrond kauka alle i lurane sine, for dei vart lova å få lærestaden sin attende. Noko tausare vart dei på Andøyar, for dei fekk ikkje det Trygve hadde lova dei. I staden fekk dei storhovdingen sin, Roger Odd, til Kongen sitt bord. Han skulle passe på krigarane og alle våpna Kongen hadde, og det var ikkje lite. Nøgd var og Bjørnar Fiskskjærar som var ætta frå Berget, ytst i Sørfjorden. Han skulle ta vare på all fisken Kongen rådde over.
Himmelen var som ein ljos eld ,og flokken til Jonas og Trygve skein som sola då dei viste seg fram ved Kongen sin bustad første gongen.