Avisa Hemnes
2 minutter lesetid

Stedsnamn: Norum

Obs! Artikkelen er mer enn ett år gammel.

Like sør for den seinare gruvebyen i Bleikvasslia vart det på 1930-talet rydda ein heim, Norum.

Bruket vart skilt ut frå gården Bleikvassforsen, og paret Laura frå denne gården, og Trygve Olsen frå Rapliåsen, tok fatt på det langslitande arbeidet å skapa ein heim med jord og husdyr, samtidig med at barneflokken voks. Dei kalla staden Norum, «heimen i nord», og søkte seinare statsmakta om å få ta dette til etternamn, og slik vart det frå ca. 1950.

Laura var eit drivande menneske; mor, husmor og gårdkjerring, i tillegg til at ho var sydame med sans for klede som følgde moten.

Trygve var ein altmuligmann, snekkar og seinare gruvearbeidar, i tillegg til bonde som i ledige stunder fekk opp ei kvern, eit lysverk og ei sag ved elva like ved.

Bonden Trygve var interessert i forbedringar ved gårdsdrifta, og eitt år vart det god vekst i timoteienga.(sjå bildet, frå familiealbum, arkiv ved Egon Stubbli)

Artikkelen fortsetter under annonsen

Da ingen av barna såg seg tjent med å ta over eit så lite bruk, vart det seld ut, og seinare sjølve  hustomta skilt frå til bustad for nye folk.

Dette, og meir til, er gitt oss av Thorleif Norum, i si tid eldstebarnet på bruket Norum.