Samefolket har hatt tilhald i området frå århundre tilbake. No er det tid for å visa fram litt av kulturspora.
Okstindan natur- og kulturpark (ONK) har dette emnet som del av Besøksforvaltninga i Okstindan, der eitt av måla er å ta vare på den lokale kulturarven, herunder dei samiske interessane.
Dag Brygfjeld har over lengre tid samla og sett seg grundig inn i saka, og på eit møte i Korgen nylig, der ressurspersonar i området var invitert, la han fram ei reise i Okstindan med tekstar, kart og bilde.
Ny kunnskap
Brygfjeld har sjøl vore mykje ute i terrenget, ofte med kjentfolk, og slik sett dokumentert funn av ymse slag: køtaplassar, melkeplassar, reinhagar, matgjømmer og mulige hellige plassar. Han har dessutan funne ei omfattande slektsoversikt for samefamiliar som i si tid kom til noverande Hemnes, og som framleis bur her, og er reindrivarar.
I tillegg har han med stor innsikt kobla saman reindriftsamane sitt levevis med deres samkvem med dei bufaste i distriktet, først og fremst i Leirskardalen, Brygfjelldalen og Bleikvassliområdet. Her er ordninga med sytingsrein – der bønder eigde rein som samane dreiv i lag med sine – og det faktum at mange i bondebygdene vart fadder for samebarn ved dåpen, viktige uttrykk for slikt samkvem. Ellers hadde mange gårdar bustadrom der samar heldt til ved besøk i bygda, gjerne knytt til samlingar ved marknadsplassar, eller kan henda ved sesongarbeid.
Kva gjer ein no?
I vår moderne tid, med til dels stor interesse for ferdsel i fjell og vidder, er Okstindan blitt etterspurt, og der så vel turistforeninga som kommunen har ført området ut i turistmarknaden. Auka ferdsel kan no føra til vanskar for reindriftsnæringa, og dessutan kanskje også uhøvelig tråkk i det som etter eldre tradisjon er rekna som hellige plassar.
Diskusjonen etter Brygfjeld si utgreiing munna ut i at det er grunn til å visa måtehald med kva ein vil visa fram, kva ein skal ha av merking og opplysningar, og korleis ein bør gå ut i marknaden med dette. Helge Anti, Tom og Stig Lifjell frå reindriftsnæringa målbar klare tilrådingar her. Siv Bårdsen, ledar i Hemnes turistforening, fann disse heilt rimelige, og Inger Lise Pettersen i ONK gav lovnad om at det i det vidare arbeidet skal takast omsyn til slike meiningar.
Dag Brygfjeld vil samla alt av innspell som måtte koma, og setta saman ein forslag til kva for kulturspor som kan visat fram og korleis det skal gjerast.