Ei solid utgave frå Helgeland historielag også dette året. I løpet av nærmare 200 sider er det lagt fram 16 velskrevne artiklar, rikt illustrert med fotografi og teikningar av god kvalitet.
Ein legg merke til at fleire forfattarar er nøye med å utheva direkte kildesitat i tekstane sine.
Innhaldsmessig er det, som tilfelle tidlegare år også, mykje frå «ytre strok». Her er det meste frå kystområda; øyfolk og fjordbygg, der mykje går føre seg så og seia på kjøl. Det er fleire fortellingar om hendingar under siste krig, mange lesarar vil finna mykje nytt i detaljform her. Her er også fortalt om såvel jordmorskyss som tragiske forlis.
Ei reise utanom det vanlege er utgreiinga om korleis Petter Dass i si tid var både protestdiktar og ein slags humørfylt reiselos, frå Bindal til Tromsø.
Som seg hør og bør er det tatt inn detalrike slektsframstillingar, der storfolk med framande namn har gitt ettertida såvel Tanche som Tønder i det norske folkeregisteret.
Nær sagt i andre enden av levestadskalaen er det to-tre artiklar der bureising og det daglege strev på gardar langt frå allfarveg er tema, og ei interessant oversikt der det er vist korleis folkehelsa bedra seg som følge av sjølstendetida etter dansk/svenskeperioden, den gong union og epidemi heldt godt følge.
Einaste artikkel frå indre og nordlege Helgeland er denne gongen Leif Elsvatn si framstilling, nesten i ei slag spørreform, der han undrar seg over kor få fastbuande av samisk ætt som er tatt med i bygdeboka «Hemnes Gård og slekt». Elsvatn har samanlikna med folketellingane på 18/1900-talet og finn lite samsvar her.
Med ønske om god og givande lesnad
Jan Gaute Buvik