Fjellgården Vekthaugkråa vart tatt opp på 1760-talet. Veglaust og langt frå anna folk.
Sjølberginga medførte mykje myrslått, og løer vart bygd til å ha foret i. Like vest for gården ligg fleire myrtarmar, og ein av dei har namnet Kamkakenge. Dette har vi skriftlig frå eit brev der godseigar Coldevin på 1860-talet tar for seg korleis tilhøvet mellom Abraham i Kråen (Vekthaugkråa) og nærmaste nabo Dave i Lien (David Ånonli) skulle vera, da det hadde oppstått usemje mellom dei to om bruk og kjørerettar i området.
Løa i Kamkakenge vart oppført av grovt grantømmer, sikkert i første halvdel av 1800-talet, og ho greidde seg bra til kanskje år 2000. Men fleire vintrar med svære snømengder har knekt ho saman.