Eiendommen Skog øvst i kommunen var dreve som eit småbruk eit par-tre tiår i første halvdel av 1900-talet. Så tok naturen over…
Gården Rølia hadde seterdrift i dette grasrike området under Olfjellet lengst aust mot svenskegrensa i Nord-Røsvatnet. Eit par grovtømra laer stod til oppbevaring av høy.
Ekteparet Anton og Ebba Larsen bygde seg ein heim der, og laene var i bruk til utpå 1950-talet. Ved fråflytting var husa tatt ned, så berre eit bur og ei lae stod att. Sakte voks kjerr og lauvskog innpå.
Som eitt av åtte turmål merkte orienteringsgruppa i Korgen stien fram til den no så kjente «Storfurua». I same høvet vart Skog «gjenoppdaga», og seinare tok gruppa kontakt med Statskog som grunneigar, om det let seg gjera å ta hand om denne siste laæ; som tok til å slitna.
Statskog gav ein mindre sum pengar til innkjøp av nødvendig materiell, men det varte og rakk før noko skjedde med dette klenodiet av eit bygg.
Ikkje motlaus
Meldingar frå folk som ferdast der varsla ille, så det vart til at o-gruppa fekk laus ein nytilflytta o-løpar, Svein Thomasli frå Trofors.
Han er ein drivar i det meste og ser ingenting motlaust. Med øks, sag, skruar og spiker i sekken, og ni meter grunnmurspapp under lokket, stega vi tosaman etter Nordlandsruta desse kilometrane frå fylkesvegen, og tok laæ i augesyn.
Her var berre eitt å gjera: Riva halve taket, skjera ned høveleg bjørk til understøtte, måta til og skru fast treverk og papp. Litt knapt med torv til avslutning, men laæ er no taktett og luftig i veggane, kanskje tåler ho eit par meter snø nokre vintrar til?
Er du ein av dei mange som finn vegen til «Storfurua», ta gjerne ein avstikkar etter ein umerka sti i den retninga skiltet Skog viser. Da finn du murane etter stue og fjøs på gården… og lengst nede: Ei samankrøpe, knelande tømring med nødreparert tak… gammellaæ på Skog. Om du bøyer deg godt ned og kikar inn, vil du sjå noko som vil overraska deg. Og det er ikkje taket…