Ungane som gjette krøtter i utmarka hadde eit krevande «yrke», men dei visste å nytta fritida også.
Utmarksgården Ånonlia i Bjerkadalen vart rydda rundt 1780, og har vori dreve av ein familie omtrent heile tida sia. Karin og Per Ånonli tok over rundt 1970, og kort tid etter fekk dei arbeidd veg opp bratta til gården. Men ellers var bruket tungdreve, så da helsa hans Per svikta kring 1990, avslutta dei gårdsdrifta og har seinare sete «på kåret».
Gjetarane
Per Ånonli er som eit lokalt leksikon, og det var derfor naturleg at han vart informant omkring alt av kulturspor og historier frå dette området. Han har dessutan tatt vare på mange gamle og interessante dokument.
Ved kontroll av alle stedsnamna rundt om, frå Bjerkalia og austover mot Målvatnet, er det at Per ser på kladden av kartet, nikkar no og da, men så seier han:
– Her er ikkje avmerkt noko om Steinkjerringan, ser eg.
– Javel … Steinkjerringan??
Så kjem fortellinga om da hans onkel Kåre, og ein kamerat av han, som unge gutar kring 1920 gjette kyr langt oppe i fjellskogen i retning Vekthåjen. Dei for tidleg morgon og var der heile dagen til kveldsmelkinga skulle foregå.
– Så da hadde dei fristunder, og fann på forskjellige gjeremål. Mellom anna bygde dei mange steinkjerringar.
Gutane leita opp høvelege steinheller, drog dei i hop og reiste det som vi kallar vardar, eller murar lokalt, men som her fekk namnet Steinkjerring.
Hemnesberget??
Ein kan vel undra seg på kvifor det vart «kjerring» i namnet, men når vi no skal sjå nærmare på dei, er det som ein tanke bak det. Kanskje.
Derfor måtte det ein befaringsrunde til der oppe i bergpallane, etter anvisning frå Per, som med ein ikkje heilt stødig finger, men med sikker forklaring, kunne fortella kor ein del av desse «kjerringane» stod.
– Du går bratta opp til Nordmyran, under linja, opp Skugglia til Ørnstolen, så må du sjå deg omkring. Og heilt nært der ligg forresten «Hemnesberge».
– Å ja? Enda eit hemnesberg?
– Ja, desse to gutane «tømra» ei mengd små leikehus av bjørkekvist, dei laga som ein liten by under ei skrent, der bekken rann stilt like ved. Og da dei berre kjente til ein slik tettstad, gav namnet seg sjøl: Hemnesberget.
Steinkjerringan
Det vart ein sveitt tur opp brattlendet, ein solskinsdag med nærmare tredve graders varme. Mykje gress og gode beitetilhøve både i myrkantar og dalsøkk. Ein kan skjøna det var eit høveleg område for kyr å finna mat i dei tider. Kyrne av i dag ville ikkje kome seg hit, mens små og lettbeinte nordlandsfe den gongen smatt greitt av gårde.
Vel oppe ved utsiktsplassen Ørnstolen, med fluesvermen tjukk rundt kroppen, og kleggen som ein ulveflokk i angrep, måtte det no kikast hit og dit. Og sanneleg, rett i aust står det ein mørk skapnad i den grønne småbjørkskogen. Første oppmura varde står på Blåhåjen.
Og jammen liknar den ikkje så lite på ei «kjerring»: Litt kraftig, skjørtebrei nederst, og denne har dessutan ei kledeleg lue, pynta med gulfarga lav. Og ved foten ein solid steinkoffert.
Funnet blir feira med brødskive og termoskaffe, mens retninga mot dei neste blir tatt ut frå kart og anvisninga hans Per:
– Videre opp ser du dei langsgående Kåreberga, der skal det finnast fleire.
Kort veg videre opp, og det stemmer på ein prikk. Her er varde nummer to. Ei «kjerring» det også, ho er kortare og meir lut i ryggen. Snøtyngdt og vind har nok tært på. Men ho står!
Ein liten sving lenger aust og rett nok, her finnst neste: Men ho er meir alderssliten, nesten så ho har sett seg ned i lyngen. Steinane har sige ut. Ho er i ferd med å gå til full kvile.
No går leitinga meir vest mot Risaksla, men ikkje ei «kjerring» å sjå. Før brått ein kan skimta ein steindunge, spreidd ut i lyngen på ein låg rabb. Ho har lagt seg for godt, den fjerde og siste av Steinkjerringan.
Slik let dei etter seg sine minnesmerke, gjetargutane for hundre år sia. Gjetarane, med alle sine gleder og sorger, er borte no. Men Steinkjerringane finst, og vil finnast enno i mannsaldrar.
Men småhusa på leikeplassen «Hemnesberge»?
Nei, dei fanst ikkje meir.