Valla er av dei eldste gardane i Hemnes, sikkert frå middelaldertida, kanskje eldre også. Namnet kan koma av vellir, som er norrønt for voll.
Garden er nemnt i dokument frå 1567, og som folketalt vaks, vart den delt opp og seinare frådelt i mindre bruk også. Eigedommen tilhøyrde kirkegodset til brukarane fekk kjøpa seg til sjøleigarar, midt på 1800-talet.
Dyrking av nytt land var nødvendig for å skaffa beite og fôr. På bildet frå tidleg 1930-talet ser vi korleis det gjekk føre seg den gongen, med mannemakt og hestar. Dei driv dyrking av Grannesteigen, no like vest for E6 ved Vallakrysset.
Informant er dagens «kårkaill» på Oppigar’n, Nils Valla, som er eldste sønn av Leif. Hans sønn Torgeir er drivar i dag.