Norsk kontroll og eigarskap i nordområda våre vert avgjerande viktig i tida som kjem. Me ser i stadig aukande grad at våre nærområde vert arena for stormaktsrivalisering og at fleire statar ynsker å posisjonere seg for framtida. Senterpartiet meiner at Noreg må vere på vakt og ta naudsynte avgjerder for å sikre norske interesser både i dag og i tida som kjem.
Senterpartiet er svært nøgd med at ein samla opposisjon støttar forslaget vårt i nordområdemeldinga om å sikre norsk eigarskap til kritisk viktig infrastruktur, eigedom og naturressursar i nordområda. Senterpartiet meiner dette vil vere eit svært viktig bidrag for å sikre norske interesser i tida som kjem.
I februar la etterretningstenesta, Politiets sikkerheitsteneste og Nasjonal sikkerheitsmyndigheit fram ny trusselvurdering for 2021, kor dei åtvarar mot spesielt kinesisk og russisk oppkjøp av viktige, strategiske norske bedrifter, naturressursar, eigedomar og selskap.
Strategiar og prosessar knytt til nordområda vert framheva av PST som eit av dei mest utsette etterretningsmåla. Vidare vert det peika på at fleire land har vedvarande ambisjonar om å styrke påverknaden sin samt sikre næringsinteresser i nordområda. Utanlandske etterretningstenester arbeidar difor aktivt med å innhente informasjon og påverke norske prosessar for framtidig utvikling i nord.
PST skriv i trusselvurderinga at dei forventar at russiske etterretningstenester vil halde fram kartlegginga av sivil og militær infrastruktur i regionen. Likeeins at Kina og kinesiske aktørar vil halde fram prioritere si langsiktige posisjonering i nordområda, mellom anna for framtidig ressursutvinning. PST forventar at begge statane vil prøve å kjøpe eller etablere verksemd på strategisk plassert eigedom i nord.
Senterpartiet meiner at Noreg må vere på vakt når PST er så tydelege i talen. Å leggje til rette for at ein stat som Kina, som omtalar seg sjølv som «ein nær arktisk stat», skal få fotfeste i våre nærområde er ikkje i Noregs interesser. Difor stenger Senterpartiet døra. Me meiner at å sikre norsk eigarskap til kritisk viktig infrastruktur og eigedom i nordområda er ein effektiv måte å sikre norsk kontroll samt hindre utanlandske statar å posisjonere seg.
Senterpartiet har lenge kritisert Høgre-regjeringa for fråverande interesse i høve å sikre norsk eigarskap til kritisk viktig infrastruktur, eigedom og naturressursar. Salet av Bergen Engines til eit russisk selskap er det siste døme på nettopp dette. Då saka vart kjend i media var regjeringas første reaksjon at dette var eit sal mellom to private aktørar som regjeringa verken skulle eller burde legge seg opp i. Det er Senterpartiet svært usamd i. Sjølvsagt er det regjeringa si oppgåve å sikre at norsk forsvarsteknologi ikkje hamner i henda på det russiske regimet.
Gjennom heile regjeringsperioden har Høgre-regjeringa jobba for å selje norske evigvarande naturressursar og norske nøkkelbedrifter som Telenor, Mesta, Statkraft og Kongsberggruppen. Desse bedriftene eig anten forsvarsteknologi eller infrastruktur som er avgjerande for å sikre eit trygt Noreg med like moglegheiter.
At Høgre-regjeringa ikkje støttar Senterpartiets forslag om norsk eigarskap er difor ikkje overraskande. Konsekvensen av regjeringa sin politikk på dette området er svært urovekkjande. For Høgre-regjeringa går kapitalinteressene alltid føre norsk kontroll og tryggleik. Konsekvensen av denne politikken kan vere at utanlandske statar får fotfeste i våre nordområde. Dette seier Senterpartiet klart nei til, og saman med fleire opposisjonsparti sikrar me norsk kontroll i vårt viktigaste område.
Liv Signe Navarsete, Stortingsrepresentant SP
Sandra Borch, Stortingsrepresentant SP