Lengst nord på Osmo-odden er det ei lita vik som kunne egna seg som landingsplass for ein småbåt. Vika vart brukt av folk på Osmoen når dei skulle over fjorden i noko ærend. Det kunne henda at varer måtte lagrast der i vika, og til det bruk vart det graven ut ein liten jordkjellar. Informant Harald Johansen fortalte at det ofte vart lagt potet og andre matvarer der, som så vart frakta vidare ved eit høve.
Lokalmiljøene er fulle av lokale stedsnavn med spennende historier bak. Det er registrert 7-8.000 bare i Hemnes, og i denne spalten vil vi presentere noen av dem.