Soga II

I forbindelse med ei utflukt rundt Bleikvasslia fant Kåre Bør ei hittil ukjent hule. Der inne lå klemt skinnremser påført merkelige tegn. Hr. Bør brakte disse straks til Avisa Hemnes, som igjen benytta seg av fagkunnskapen til tidligere adjunkt Per Jomar Hoel, den eneste i nærheten som har norrønlinja i sin fagkrets. Avisa bringer her hans tolkninger.
Sottesengstriden
Det nye året kom. Ljosfaklane på himmelkvelvingen hadde knapt nådd bakken før Helsebent Høy fekk dei fyrste hærmenn frå Hålogaland på vitjing. Han hadde lova alle at han skulle kome att og seie siste ordet i striden. Kongen hadde sagt at det var oppgåva hans, og det hadde han tenkt å halde. Difor ville alle ha ei samråding med han på førehand, helst i løynd. Dette var ikkje lett, for alle skrivestovene hong som kleggar på kvar ein som hadde noko med sottesenger å gjera.
Storhovdingen, Feis Bukk, tykte vel om alle som gjekk for langt og sende spitord over Korgberget. Kva veg orda gjekk, brydde han seg lite om. Det var nok at nokon vart såra. Slik vart det kasta mørke skyer over både land og sjø. Mange treivst dårleg i ordstriden. Det stod på heilt til Helsebent sa når domen skulle falle. Då sette alle seg still og venta. Ikkje skulle det stridast, kampen var over.
Domedag
Så kom dagen. Helsebent kom frå hovdingesetet sitt, rak i ryggen og bratt i nakken. Skjegget hadde han stussa for ikkje å sjå altfor fæl ut. Alle i salen såg på han med redsle, og dei frå skrivestovene skalv med griffelen. Helsebent hadde lagt hjelmen frå seg og kvad:
«Mykje vatn i havet har runne. Mang ein strid og mykje vondt blod. No har eg svaret for alle funne. Ikkje ein sal, det skal bli to».
Så retta han seg meir opp og kvad: «Eg har sett kva Store Fylke og Lars Vore vil. Deira meining eg sluttar meg til».
Akslene datt ned på dei som var der. Våpna som dei hadde gøymd under brynjene, vart det ikkje bruk for. Det vart litt på alle. Dei som fekk minst, var Berit Hund og Løve Jann. Det seig ein os av gamal sveitte gjennom salen. Brynjene hadde vore så tettpakka rundt kroppane for å skjule våpna at då dei øvste hempene vart opna, kom eimen ut. Dei var både letta, glade og vonbrotne, utslegne som dei allereie var. Ingen vann. Berre Feis Bukk vreid seg, for no hadde han mista mykje av levegrunnlaget sitt.
Hovdingane
Geir Vågale kvad:
«Dårleg eg likar eit hovudsete å miste. Gjæve menn til Sandnes må fare. Skjønar ikkje at dette forliste. Helsebents ord kan eg ikkje forklare». «Glad eg er for det eg fekk, lite eg tykkjer om det som gjekk».
Han tenkte at dette måtte han få gjort opp att på ein eller annan måte. Med kamp kunne det ikkje bli, men med Loke sin list ville han lage ein plan.
I Kulstad låg skyene svært låge. Rett nok hadde dei sagt at Sandnes var greit, berre ikke noko kom til Jarnsmiarstaden. No høvde det seg slik at mykje kom dit likevel. Dei hadde satsa alt på ein hest, no vart det lite att. Løve Jann som hadde gått over på gamalmannsløn, kraup opp i trappa si og såg utover kaupangen. Aldri hadde han sett den vakrare, men såg at alt hadde gått gale for han.
«Vondt det riv i hjarterota. Det må eg berre godta,» stotra han, «kven kunne tru at det vart salar to, når Søttar bad meg ta det med ro?»
Ein kald gufs seig ned frå Tronget der han budde. Han fekk same kjensla som då Geir Vågale slo han i striden om dei flygande farkostane. Han såg mot nord, himmelkvelvingen låg mørk raud mot Geir. Mot han sjølv var den svart. Då vakna han til. Dei måtte slåss vidare om flater for flygande farkostar og sottesengsalar. Han for heim til Berit Hund.
Berit Hund var vonbroten, krimsjuk var ho og.
«Tungt å sjå kva andre får, men ikkje fekk eg banesår. Frå Sandnes må vi flytta salen. Dette var ikkje finalen,» kvad ho.
Løve Jann tykte godt om kvadet hennar og gav henne eggjande ord på vegen til den nye striden. Sjølv gøymde han seg i Trollskogen ved hovdingesetet sitt.
I Sandnes var det både hærrop, våpengny og ljosfaklar mot himmelen. Mjødkrusa vart fylte, og veitslestovene var sprengde. I gildehallane gjalla det under hjelmane, og i Langhuset kvad Peter Tale frå hovdingesetet sitt:
«Som Torolv ville, skal vi bli stor. Sandnes er alt storebror». Han fekk mykje åtgaum for kvadet sitt.
Alle hadde gløymd at han hadde lova Tovåsskogen til Berit Hund. Ikkje alle skyene på himmelen var like lovande. Det som skulle gjera slutt på sottesengstriden, vart berre ei byrjing på meir mishag, fleire mistankar og vondt blod.
Tarmgørr
Det høvde seg slik at medisinmenn frå både Sandnes og Jarnsmiarstaden hadde lov til å bruke kniven på dei med tarmvanskar. Dette for å få dei friske. Hulda frå Skaldøya var øvste leiaren for dei alle, og ho følgde godt med på kva dei gjorde. Jamt over var ho nøgd, men så skjedde det at fleire frå Sandnes strauk med av handsaminga dei fekk. Da kvad Hulda:
«Ille er det å sjå kva som skjer. Sandnes får ikkje skjera fler».
Det gjekk eit støkk i alle både sør og nord for fjellet. Peter Tale rasa og kvad:
«Dårleg eg likar Hulda-mor, at Jarnsmiarstaden blir for stor».
Berit Hund vreid seg i høgsetet sitt og kvad:
«Tarmar har eg greie på. Hulda gjev oss eit slag i ryggen. Utsegna hennar kan ikkje stå. Vi vil ikkje bu i skyggen».
Det vart slik leven at Tor med bukkane vart som ein snill svein til samanlikning. Ja, så ille vart det at Hulda gav etter og dei frå Sandnes fekk slipe knivane sine att. Stilla overtok, men alle skoda på kvarandre og passa på at ingen fekk noko meir enn andre.
Så vart det liv att. Tarmkjennarar frå Vika og Nidaros hadde sett kva som hadde skjedd. Dei tok Hulda for seg og sa at Sandnes måtte kuttas ut.
«Vågestykkje er det at Sandnes kan skjere. Modig er du om du let dei det gjere».
Hulda skvatt til og lydde på utsegnene. No vart ho redd. Ho retta opp ryggen og kvad:
«Eg seier det eg før sa: Alt tarmgørr til Jarnsmiarstad».
Hovdingane sør for Korgberget slo på skjolda sine og ville reise nidstong mot henne. Dei bråka så hardt at det høyrdest heilt til Tromsøyar. Der var det ei frille dei kalla Sesi Då. Ho var leiaren over Hulda og hadde teke over etter Lars Vore. Der vart dei skræmd over uroa og kvad:
«Ille det går med dei som vond tarm har. Alle skal sendast til Bodøyar».
Det skulle ho ikkje ha sagt, for då spratt Geir Vågale i veret.
«Då-frille langt i nord, kjenner ikkje vår jord. Du skal ikkje få det lett, som straffar dei som gjer rett,» kvad han og sende bod på Høiebent.
«No vil eg sjå deg i augo og vite kva som skal skje. Då-frilla byggjer oss ned,» kvad han og gjorde våpengny.
Råket i Landet Bak
Stenodd heitte ein jordtræl som hadde setet sitt ved Solstrond der i Landet Bak. Han var i træleflokken når han var på Tingvollen. I mange år hadde han prøvd å få Store Fylke til å skjøna at råket der han budde, ikkje lenger dugde.
«Humpar og dolper, farlege kantar. Her er det sikring og mykje som vantar,» kvad han.
Men Store Fylke berre snudde ryggen til han og let som ingenting. På Tingvollen slutta han alle utsegnene sine med:
«Bakråket – det er farleg. Ikkje nok å køyre varleg».
Alle langs råket trykte vel om kvadet til Stenodd og egga han til å halde fram.
Store Fylke
Paul Aspe som hadde høyrd på Stenodd mange gonger, kjende til at det Stenodd bar fram, var sanning. Difor bad han Store Fylke til gjestebod. Før dei gjekk til bords, tok han Store Fylke med seg rundt om i fylkingen for å vise fram råka slik dei var rundt om. Han heldt såpass fart at hjuldoningen hans spratt over dei verste humpane. Stor Fylke vart forfærda og heldt seg fast for å berge livet. Roleg kvad Paul:
«Kvar dag møyer og sveinar disse råka må fare. Er dette bra nok, må du forklare».
Knokane til Store Fylke var kvite, og han kvad:
«Ikkje bra det eg no ser, her det trengs at noko skjer».
Paul Aspe var nøgd med kvadet og dei gjekk til bords.
Stenodd var kjend med Stor Fylke sitt kvad, men han heldt fram med å vise kor dårleg Bakråket var. Han gjekk til prentestovene og sa sitt, og han fekk dei som for med både store og små hjuldoningar til å fortelje kor håplaust det var. «Folk vert sjuke, hjuldoningane ryk, alt med råket står til stryk,» kvad dei og viste kor misnøgde dei var.
Store Fylke merka seg alt som vart gjort for å vise kor farleg råket var. Han kalla difor mennene sine til seg, og dei la hovuda sine saman. Nokre gullpengar fann dei og for til fylkingen som Paul Aspe styrde. Der møtte dei Stenodd og flokken hans saman med Paul Aspe sine menn.
«Nok gull vi ikkje har, men noko har vi som er klar,» kvad Store Fylke,
«til solsnu tek vi Stenoddråket, så går vi laus på Leirådal. Skjønar godt alt dette ståket, dagen dykkar er brutal».
Det gjekk eit støkk i flokken som høyrde på. Dei slo på brynjene sine og tykte vel om kvadet. På Solstronda bydde dei på mjød og godsaker. Alle visste at alt vart ikkje slik dei ønskte, men det gjorde så godt at dei vart høyrd på.
Griffelstrid
Øystein Ratatunge hadde setet sitt på Berget, ytst i Ranfjorden. Han var ein ordhag mann både i røysta og med griffelen. Han hadde enno ikkje kome over at han mista plassen sin på Tingvollen, så det var godt om tid. At noko skjedde, lika han, så han leita etter noko å kjempa for.
Stig Sogemann hadde rissa ned soga om Klemet, ein finn som levde ved foten av Oksfjella. Det hadde vorte laga eit Spel om han, og folk strøymde til for å sjå. Spelet fekk mykje åtgaum for både kvada og det som vart sagt.
Det høvde seg slik at Ingvar Tverre og hadde rissa ned soga om same karen. Han fortalde meir om det som ikkje var bra med han og gav han mindre gode skussmål. Folk brydde seg lite om denne soga, og ikkje mange orda vart sagt om den.
Øystein Ratatunge
Øystein lika dårleg at frenden Ingvar fekk så lite åtgaum og at folk flokka seg om Stig Sogemann og hjelparane hans. Difor gjekk han laus på Spelet og slo det i filler med harde ord og truande utsagn.
«Usanne ord og store manglar. Utan Ingvar, så vidt det hanglar,» kvad han og gjorde våpengny.
«Soga er bygd opp på vitner som lyg. Den er rett sagt altfor dryg,» fortsette han. Han tykte vel om begge kvada sine.
Skog Jomar
Ein som ikkje var samd med han, var Skog Jomar, ein roleg gubbe på gamalmannsløn. No tykte han det gjekk for vidt. Han hadde gjeve råd til Stig Sogemann og hadde tala med fleire som kjende Klemet då han levde under hellaren sin.
«Stygg du er mot grepa folk, svak du er som Spelets tolk,» kvad han og slo griffelen hardt i bordplata.
«Ord for ord, lite innhald. Lite godt om Spelets skald,» kvad han og undra seg over haldninga til Øystein.
«Kva trur du om alle slik for. Dette er mitt siste ord,» slutta han og putta griffelen innom serken sin.
Dette skulle han ikkje ha gjort, for Øystein Ratatunge fauk fram og gjekk rett i strupen på Skog Jomar.
«Du trur du har sanninga – om du har tala med gamlinga,» freste han,
«ikkje slik det er. Urett mot soga du rett fram gjer,» kvad han og smurde på så griffelen rista. Øystein hadde vore i harde stridar då han kriga i Vika, så han vart ikkje redd om Skog Jomar la alt på med vekta si.
Dag Brygge
Dag Brygge, en sogemann frå Brygge sin dal, hadde nett rissa ned runer om både Ola frå Konungardal og Torfinn Veidemann som hadde setet sitt på Reinåflata. No følgde han med i striden. Sjølv hadde han gjeve ut rullar om Klemet han og, så han meinte han visste kva som var sanning eller ikkje. Mykje hadde han skaffa seg då han var i Svitjod og spurde folk som kjende til Klemet.
«Tomme ord, mange ord. Lite du fer med på Moder Jord,» kvad han, og sende spitord til Øystein.
Då vart Øystein i dårleg lune og kvad:
«Du ser ned på meg, det er ikkje godt. Du er det eg kallar ein fjott».
Dag hadde såra han, og vonbroten kvad han vidare:
«Meir skal til for å få meg i bakken, om du tør, så ta meg om nakken».
Dag hadde ikkje tenkt å bruke anna enn griffelen, så den gjekk han ikkje på. Då kvad han:
«Du svarar meg ikkje når eg spør, som sogemann er du ein amatør, utan meining å halda fram, det som har skjedd er ei skam».
Grid
Striden vart lagt ned. Folk rundt om i fylkingen gledde seg over det som skjedde. Det var ikkje fritt for at dei stridande også gjorde det.
«Friske ord lufta reinskar, usemje stor, mykje godt har,» var det fleire som kvad.
Mot midtvintersblot
Paul Aspe var noko undrande over alt som hadde skjedd i fylkingen hans dette året. Spent var han og på korleis det nye året skulle bli. Han var kjapp i skallen, det var jammen Kor Ona og, ja i snøggaste laget. Ikkje våga han å kalle tingmennene sine til Tingvollen. Han prøvde heller å nå dei gjennom tale i lufta. Han hadde mange flinke menn i Amundborga som kunne få dette til. Ein av dei heitte Digi Tal. Slik vart det.
Tingvollmøte
Første tingvollmøte med Digi Tal gjekk så ymse. Tingmennene sat i kvar sine holer og høyrde på kvarandre. Men det var ikkje alltid like lett. Fleire kauka frå haugen sin og gløymde heilt at dei måtte få lov til å seie meininga si. Ja, så mykje tala de over kvarandre at ingen høyrde nokon ting.
«Ingen får ordet før eg gjev det til deg. Slik som dette, ber det gale i veg,» kvad Paul og klaska sverdet i bordet sitt.
Tålmodet hans vart tøygd langt.
«Kanskje vi heller skal prøve med røyk og bruke Veten. Det kan betre stabiliteten,» var det ein som kvad.
Då vart det lått, og alle skjøna at under Digi Tal si leiing, måtte det brukast andre reglar enn på tingvollen. Alt gjekk seg til, og mange meinte at slik kunne dei halde fram om Kor Ona var borte.
«Det er nok best at vi kvarandre ser, vonar at dette snart skjer,» kvad Paul Aspe. Alle tykte vel om kvadet, men tykte at Digi Tal si løysing kunne brukast når dei måtte.
Lækjarflukt
Mykje vart det tala om i holene rundt ikring. Særleg mykje om lækjarane som for frå fylkingen. Ingen skjøna nokon ting. Mange gjekk til prentestovene og lura på kva Amund i borga si hadde gjort.
«Du kan ikkje sleppa slikt fagna folk, dei trengs i fylkingen,ja, i kvar ein bolk,» kvad mange og var lite nøgde.
Men ingen hadde tala med dei det gjaldt.
«Når bygdedyret jagar, vert det mange vonde dagar,» kvad mange som tykte alt gjekk vel langt.
Dei meinte at folk måtte få bu der dei ville. Paul Aspe skjøna at dette kunne han gjera lite med, så han heldt seg still i stolen sin, men undra seg gjorde han og. Noko usikker var han på korleis det ville bli etter solsnu når så få kunne lækja skavankane til folk.
«No må kvar vera streng, ikkje kan vi på sotteseng,» kvad han, og tok ein støyt av trana si.
Præsthavna
Ute på Berget sa Præstbrørne som hadde havna si ytst på Odden, at ville Paul Aspe og tingmennnene hans stelle med storhola deira derute, skulle han få kvar ein plankbit. Dei tok til å bli noko tilårskomne, så dei rådde ikkje med alt lenger.
«Soga er viktig for unge på vei, her kan den lagrast og vise kvar lei,» kvad dei og vona det kunne bli slik.
Sogerik var havna allereide. Dei dagane Adolf Bart var her, sokk ein storkogg rett ved land etter at angelsaksarane hadde handsama farkosten med kraftig skyts. Paul Aspe kjende til alt dette, men var noko tvilande. Fylkingen hans hadde teke til seg mange skøt og gamle holer. Det vistes på pengesekken til Harald Bresprekk når alle disse hadde fått det som var naudsynt. Han skjøna at etter solsnu måtte dette og handsamast. Tankane til Præstbrørne lika han godt.
Kvite Krist
Paul tenkte og på alle som var i Kvite Krist si teneste. Etter at Kor Ona hadde gjort sitt, fekk dei ikkje ha folk i gudehova sine, i alle fall ikkje så mange. Og for dei var det hugsamt å ha husa fulle. Orda fekk ikkje makt slik det vart. Men dei visste råd. Dei kjende til korleis Digi Tal ordna det for Paul Aspe og tingmennene. Slik ville dei og ha det. Det vart ordna saman med ein dei kalla Fo To, og slik fekk alle sjå alt frå holene sine. Ikkje trong dei vera i gudehovet. Kor Ona vart i dårleg lune då han oppdaga dette. Han hadde tenkt at Kvite Krist sine menn skulle han knekkje, men slik vart det ikkje. Ingen stad kom han forbi Paul sine murar. Paul tenkte at snart måtte utysket gje seg, i alle fall når sola kom høgare på sørhimmelen att.
Fjell-liv
Paul var nøgd med at mange passa på seg sjølv og var med på turar rundt om. Digi Tal hadde og kome med tankar her. No kunne dei som ville, få vite kvar dei kunne gå og berre trykkje på ein knapp. Mange lika dette og for rundt om.
«Helse i kvart eit trykk, mange steg i skog og mark. Formen gjer mange rykk, bratte bakkar blir som park,» kvad dei som gjorde mest ut av det.
Paul tykte vel om dette og tenkte at slik måtte det og bli når vårsnøen gav seg neste år. Kor Ona hadde han taket på her og. Ikkje kom han til på einslege vandrarar i frisk luft.
Holebygging
I Korggryta bruka mange timesvis av tida si på å bli så flink at dei kunne hjelpe andre. Storhovdingen Folke Hjelp stod bak dette. Dette året hadde dei reist i hole i Vestli under foten av Korgberget. Dei var lut lei av snømåking når dei måtte ut for å berge nokon som trong dei. No ville dei ha alt under tak og koma seg fortare ut til dei som låg hjelpeslaus i djupsnøen ein eller annan stad. Paul Aspe lika det dei gjorde og såg kor viktig det var.
Mykje åtgaum gav han og til dei som dreiv på Berget og stelte hole for møyer og sveinar som lika balleik. I hundre år hadde dei halde på. No kunne dei vaske seg i eige vatn og lata vatnet i eiga skål. Dei var nøgde med det som hadde skjedd. Kjell Terre som hadde vore leiar i fylkingen for ei tid sidan, hadde leia flokken på Berget. Alle var nøgde, og Paul Aspe såg fram til at vårsnøen kom bort, så dei fekk leika seg skikkeleg.
Han vart berre noko tankefull når han tenkte på Kor Ona. Ikkje ville han ha eit slikt år att.
«I året som kjem skal vi få bort smitten, vekk skal alt med kovid nitten. No skal vi leika, møtast og trivast. Sjå kvarandre som ei vanleg bufast,» kvad han.
Alle tykte vel om kvadet hans og såg mot sola i sør. Ho hadde ikkje snudd enno, men snart ville den gje meir ljos og gode voner.
Tanken til Sesi Då om at tok ho frå dei alt, ville dei nok kunne samlast og få til noko saman. Det vart berre meir blod same kva som skjedde. Då solskiva snudde under midtvintersblotet visste ingen korleis denne soga kunne ende.