I forbindelse med ei utflukt rundt Bleikvasslia fant Kåre Bør ei hittil ukjent hule. Der inne lå klemt skinnremser påført merkelige tegn. Hr. Bør brakte disse straks til Avisa Hemnes, som igjen benytta seg av fagkunnskapen til tidligere adjunkt Per Jomar Hoel, den eneste i nærheten som har norrønlinja i sin fagkrets. Avisa bringer her hans tolkninger.
Paul Aspe og kampen om hovdingesetet
No har to år gått, og Paul har vorte varm i serken. Han hugsar godt den hausten då tingmannavalet gjorde han til brukar av Brisingamenet og han flytta inn i Amundborga. Han kan minnast alt som skjedde. No kjem den soga:
Før sola rakk å snu på himmelkvelvingen, greide Paul Aspe å bli den nye hovdingen i fylkingen. Tingmannavalet var over, og mange av tingmennene låg att på valplassen. Det vart ein hard strid.
I tida før dei skulle møtast på valplassen, for alle som ville på tinget rundt og lova mykje godt. Det var ikkje måte på kor gjævt det skulle bli. Dei rissa runer, ropa hærrop og metta dei som kom til bua deira med kamkake og mjølbollar. «I fylkingen vår blir det fryd og gaman. Viktig er det at vi held saman,» kvad mange og rosa alle som vitja dei. Alle var reine og nygreidde og lukta godt. Alle var blide, men spenninga var der. Snart skulle slaget stå, og ingen visste kven som kom usåra frå det.
Djerve krigarar
Christine stod der van med blåflokken sin. Dette hadde ho gjort mange gonger. Aksel Raude prøvde dette for første gongen. Vivian Horse vona alle ville hjelpa henne, Mjød Bjørn hadde så god ein lått at han lokka mange til seg, Mette Djerve hadde kome seg etter Finnistriden og var klar for nye tak, Per Øyve meinte han var den likaste på raudsida, Øystein Ratatunge var noko spakare no enn før, Heimebent rissa runer og dreiv i skrivestovene og trudde på det, Yks Petter i vingleflokken var noko sjeldnare å høyre og sjå, medan Paul Aspe var å sjå mange stader, men ståka lite der han for. Snart skulle dagen kome,- haustblotet som mange både gruva og gledde seg til.
Tingmannavaldagen
Så rann dagen opp då alt skulle avgjerast. Tingmennene var spente, for dette var einaste striden dei var i der dei ikkje fekk hogge med sverda sine. No skulle bumenn, trælar, møyer og sveinar få hogge,- og hogg gjorde dei. Både tussar og troll kom ut or holene sine, skamfor mange og skrytte av andre. Så sette dei opp ein geip, slo våpna sine saman, laga våpengny og hærrop. Så lo dei, -og borte var dei.
Valplassen og dei som var att
Christine som stilte med nypussa sverd og reinvaska hærklede, stakk sverdet sitt i slira. Valplassen var røyklagd, og blodeimen reiv i nasen. Noko skamfaren vart ho. Ho hadde mista fleire av sine, ja, så mange at ho såg at ved neste solsnu var ho nok i gamalsetet sitt i Navheim. «Ikkje hadde eg venta slik ein takk. Mange blåmenn ifrå oss stakk,» kvad ho og meinte Jarn Erna og Siv i Vika hadde ordna mangt imot henne. Men ingen visste enno korleis dagane ville bli. Ho rista støvet av hærkleda sine og gjekk mot Amundborga.
Mjød Bjørn vart ille tilreidd. Han var den einaste att i flokken hans. Dei andre låg strødd ikring på valplassen. Sverre Herdebrei som hadde kome fram frå kamkakhuset til frilla si for å styrkje flokken til Mjød Bjørn, måtte berre åle seg heim att, rufsut og skamslegen. «Vond dag, tunge slag. Såra lag, framtid vag,» kvad Mjød Bjørn og tenkte at no måtte han gjera seg lekker for andre, så liten som han vart.
Mette Djerve på Mølnarhus fekk med seg ein bra flokk. Ho såg nok at hovdingesetet vart lenger unna enn ho vona, men ho ville prøva. Træleflokken hennar hadde vist at dei ville ha henne, men ho tenkte og at om alle trælane hadde halde i hop, ville ho ha nådd målet sitt. «Ille det vart etter Finnislaga. På rygg vi ligg, både plaga og jaga,» kvad ho, men korkje Per Øyve, Øystein Ratatunge eller Heimebent tykte synd i henne. «Eit rottereir har du laga. Greina du satt på, har du sjølv saga,» kvad dei.
Per Øyve som hadde samla ein liten flokk kring seg, skjøna at maktlaus vart han, men med litt kløkt kunne han få sitje ved hovdingebordet. Særleg godt lika han at han hadde fått med seg Kåre Kabel som var ein gamal krigar frå den tida då Kjell Terre var hovding i fylkingen. «Ikkje mange, men spreke er vi. Sår vi fekk, men vi er blid,» kvad han og fekk mange fagna ord om kvadet sitt av Vidar Vasskraft som hadde kome attende etter tunge dagar i Lia.
Øystein Ratatunge, Heimebemt og Yks Petter kom seg skamfarne heim til sitt. Flokkane deira låg att. Svært få ville ha dei. «Tingmannasalen var målet vårt. Tungt det er å kome til kort,» kvad dei og var uvisse om korleis dei neste dagane skulle bli.
I betre lune var Vivian Horse. Ho var van med å vera åleine, men no fekk ho ein til i flokken sin, Kenneth Sårstellar. Han var ein framifrå svein som ville alle godt. Alle tala vel om han. «Lite makt, men grøne tankar. For alt det gode vårt hjarte bankar,» kvad Vivian og gledde seg.
Aksel Raude var og nøgd. Uvant som han var med harde slag, var han glad hjartet slo og hjelmen sat der den skulle. «Gjævt det var med ope strid. Godt det var at det vart grid,» kvad han, fredsæl som han var. Han var den einaste frå raudeflokken som kom seg til den nye tingvollen. Noko meir hadde dei ikkje venta heller, nye som dei var.
Paul Aspe vart heilt brydd av all hjelpa han fekk i striden. Rett nok hadde landsleiaren hans, Trygve Slagsmål, rydda ein del av vegen for han. Trygve var ein uredd krigar som aldri la noko mellom når han kom i strid. Dette lika folk og vona alle i flokken hans var som han. Paul såg seg om på valplassen. Han var noko herja, men ikkje verre enn at han stod på føtene sjølv, og enno heldt han sverdet fast i nevane sine.
Rundt han låg det tingmannalik. Røyken på valplassen låg enno tung, men han såg at alle frå flokken hans stod staute att. Dagen vart slik han hadde vona. Litt få drøser hadde han kring seg, men det kunne han greie ut seinare. No kunne han bli hovding og breie Brisingamenet om halsen sin. Han ville kalla venene sine til seg og gje dei mykje godt. Då ville dei støtte han, og han kunne setje seg i hovdingesetet. Tankane hans om å gå over på gamalmannsløn fauk ut av hjelmen. No skulle han heller rette seg opp og gå for alle i fylkingen. Han skulle vise at alle i fylkingen skulle få det godt. «Godt det er at striden er over. No skal vi fylle alle klover,» kvad han og tassa mot Amundborga.
Hovdingesetet
Det var litt rart å ta seg inn i den nye hola. Stor var ho, ljos var ho. Paul kjende på einsemda då han sette seg i hovdingesetet. Tankane hans for heilt til Rauddalen der han voks opp, alle vegane han hadde gått og alt han hadde vore gjennom. Alle stridane han hadde kjempa og hadde gjort han til den han var,- og no sat han her. –Hovding over fylkingen. Takksam var han til alle. «Kronglut har vegen vore, men alltid har eg halde meg på sporet,» tenkte han for seg sjølv.
Brått vakna han frå tankane og draumane sine. «Lite blir gjort når på baken eg sit. Eg må løyse knutar, bit for bit,» kvad han og reiste seg frå hovdingesetet. Han ville byrje med Amund Rådlaus og Harald Bresprekk, for begge hadde sagt at gullsekken deira var snart tom. Korleis skulle han få gull i den att? Sverdet var gjort klart for nye stridar. Ja, stridar skulle det bli mot både store og små.
Fylkingen til Paul Aspe
Det gjekk mot eit nytt haustblot. Paul undra seg over året som hadde gått. Han hadde rekna med at stridane som måtte kjempast, var mot Kjell Terre og dei andre på tingvollen hans. Slik vart det ikkje. No hadde det kome inn ein farleg hovding frå austlanda dei kalla Kor Ona. Han stjal mykje av tida hans, og det same gjaldt for dei som ikkje var i flokken til Paul. Det vart full semje om at alle måtte stå saman mot dette utyet som prøvde å ete seg inn i fylkingen. Difor vart dette eit år som ingen hadde tenkt skulle bli slik.
«Kor Ona må bankast i nakken, saman skal vi slå han i bakken,» kvad dei i kor.
Berget
Same kor vanskeleg det var, gjekk dagane på eit vis rundt om i fylkingen. På Berget dreiv dei for fullt med sitt. Trond Røsse – no på gamalmannsløn – og mennene hans hadde store tankar om Storlapphellaren. Dei var leie av å langa på stolar så snart det kom ein strengeleikar til Hellaren. Dei ville ha det som Odin hadde det i Valhall. Alt skulle stå klart når nokon ville gjera eit spel. Tenkje Tank rissa opp ei skisse til dei, og no hadde dei fått nok gullpengar for å få det til.
Dei var og stolte over at krigaren, Morten Hestnes, var komen heimatt og slege seg ned der. «Borte bra, heime best,» kvad han. Dette fekk slik åtgaum at Te Ve, ein storhovding frå Vika, sende fleire av mennene sine og laga soga om han. Den kom inn i holene til dei som hadde store glas på veggen.
Glad var dei og i Sigrid Brenne som hadde slik røyst at alle lika henne. No song ho om dagar som ho vil hugse. Bønder som trælar tykte vel om kvedinga hennar.
Annanita heitte ei ung frille. Ho tok heile riket med storm med songen sin. Alt ned i Vika for ho. Storhovdingen, Te Ve, tok ho til seg og gav henne god plass. Ikkje mange var framfor henne i striden om å ha finaste røysta i riket.
Verre gjekk det hjå Grete Kokar og Jørn Smiar som tok imot dei som kom på gjesting til Berget. Kor Ona hadde visst jaga alle vekk. Hola deira stod tom, og etter kvart måtte dei berre setje slåa for døra og skaffa seg gullpengar på anna vis.
Pengesekken til Sandra Havfru vart heller ikkje fylt opp. Ho hadde akkurat teke over kaffestova til Merete Brosje og vona på mange fine dagar når sola kom høgare på himmelkvelvingen. Slik vart det ikkje. Kor Ona hadde skræmd Jarn Erna og Helsebent Høy så kraftig at de sa at ingen fekk halde dørene til holene sine opne i heile riket. Dette vart hardt for Sandra, men ho heldt ut og opna veitslestova si så snart ho fekk løyve til det. Ho heldt seg i live, men trongt vart det.
Buarane på Berget kunne og sitje ute i haustsola og hyggje seg i Eldringen dei hadde fått laga. Jan Holme og mennene hans i Korggryta hadde nagla ihop eit underleg byggverk dei kunne sitje i. Tenkje Tank tenkte mange tankar, og Eldringen var ein av dei.
«Eld let tankar fara vidt. Godt for hugen å stogga litt,» kvad dei, og gjekk laus på eit storverk i Jarnsmiarstaden. Sjølvaste Frøya som skulle ha det.
Finnistrond
På Finnistrond var dei enno så nøgde med båtstøa si på nordsida av eidet og at hjuldoningar måtte fare varleg fram på sørsida. Meir fart vart det heller ikkje etter at møyer og sveinar måtte halde seg i holene sine heile seks halvmånar før dei fekk kome til leikarplassane sine att.
Nokre gullpengar hadde dei og samla inn for å kunne starte hjartet til dei som ikkje fekk det til å banke lenger. Det var godt samhald på staden, så dette greidde dei lett.
Glad var dei og for at tiltaksame karar ville få skikk på stranda deira med byggjing av båtholer og anna som godt var for sjølivet. Mange hadde og høyrd at storreiarar villle ha riggane sine i Finnifjorden til dei fekk meir gull for det dei gjorde der Midtgardsormen rådde. Ingen visste korleis dette skulle gå.
Noko undrande var dei og der en morgon då snøen var gulfarga. Så mykje i blæra kunne neppe nokon av gudane ha. Det viste seg at det var sand frå sudlanda, ja, heilt frå eit karrig landskap dei kalla Sa Hara.
Undrande var også jordtrælen Kenneth Svale nokre gonger når råket til garden hans vart stengd. Ikkje vart han kvitt mjølka, ikkje fekk han handla. I einsemda måtte han leve med frilla si.
«I bratte lier rasa går, farleg er det når vatnet rår,» kvad dei som stengde råket. Ikkje våga dei å seie at råket var trygt.
Bjerkastrond
På Bjerkastrond var det stor stas då Camilla Marte starta skjenkestova Elvbris. No var det ikkje berre Kro-Glenn som kunne gje dei mjød. Det gjekk ikkje så glatt som ho vona, for Kor Ona øydela også for henne. Det skjøna ho. Mindre skjøna ho da ho kom til hola si ein morgon. Då hadde vandalar gjort meinverk på glas og veggar.
«Tid har eg bruka for trivnad å lage. For nokon er visst dette ei plage,» kvad ho. Men Camilla var ei frille med vilje, så ho beit tennene saman, rydda opp og gjekk vidare.
Glad var bjerkabøndene for at hovdingen He Bo hadde reist tre holer som det kunne buast i. Dette var meint for å få fleire til å slå seg ned der.
«Eit lite bu er betre enn inkje, heime er kvar mann herre,» kvad He Bo og sa at no ville han til Korggryta og gjera det same, men der ville han reise seks.
Undrande vart dei som kom til Bjørktunet, der dei lagra gammalt skrot og gamle bygningar. Dei ville sjå på det gamle, men vart omringa av gåsungar som kakla og ville ha mat. Sissel Småbjørk hadde avla dei fram og meinte at det ville lure mange, i alle fall ungar, til å kome dit.
«Det som er gamalt, er lågmælt og roleg. Gås på tunet, er betre enn kveg,» kvad ho og gakka på gåsungane sine.
Gakking var det ikkje då Tor med Hammaren sende Susande Sally rundt om i fylkingen. Trea låg flate, vatnet fossa og raserte vegane. Ingen stad slapp unna. Men gåsungane til Sissel Småbjørk gjømde seg og levde vidare etterpå.
Korggryta
Rune og Frank Sudlandsfararar hadde tidlegare bygd fleire bustader for folk. No hadde dei starta på eit nytt i Aspbakkane. Dei likte å leggje til rette for folk.
«Folk blir når dei bur godt. Viktig at bygda har det flott,» kvad dei og gjekk laus med hjuldoningane sine og flata ut bakkane. Olderstad var i endring, og slik hadde det vore sidan Kvede Ørnulf hadde styringa i fylkingen.
Snorre Kjøk hadde kome seg på føtene att etter at han vart lagt på rygg hausten før. No kom folk til veitslestova hans, og dei tykte vel om det han bydde fram. Det same tykte dei som vitja Ingrid Kop og handla varer hjå henne. Jarn Erna hadde sagt at ingen fekk dra til Sudlanda, for der herja Kor Ona endå verre enn i heimlandet hennar. Folk frå Vika for difor mot nord. Dette var godt for alle som dreiv handel og stader der tjald kunne stå for natta.
«Ikkje så gale med covid nitten, den berga oss lagleg frå fallitten,» kvad fleire. Vikafolket hadde gullpengar i sekken, og ikkje var dei redde for å bruke dei heller.
Spennande var det at Aina Krølle fekk så mykje åtgaum. Ho var lei av å krulle opp håret på møyene slik ho alltid hadde gjort, så ho laga noko nytt som mange undra seg over at dei ikkje hadde tenkt på før.
«Hardt for ryggen, kløe i nasen, skinnutslett og klaset hår. No blir alt berre stasen, vanskane borte, det blir som ein vår,» kvad ho og fekk omsett krølltengene sine langt ut over grensa til Erna sitt rike.
Godt vart det og for dei som henta sjuke og starta hjarta på dei som ikkje fekk det til å banka lenger. Dei hadde tidlegare hatt setet sitt inst på Markusflata. No flytta dei til fremst på Aspflata. Der kunne dei sette den gule hjuldoningen sin i stor fart med ein gong, og for dei var tida viktig.
Ikring Olderstad skjedde det og mykje. Asgeir Godlått som hadde setet sitt på Korgberget, reiste seks holer som kunne leigast for dei som ville sova i fjelluft. Der vart det og laga ein gangveg som ukjente kunne ta seg fram etter. Der hadde møyer og sveinar laga dyr som stod langs vegen.
«Opplev fjellet, trekk god luft inn. Det gjer godt for kropp og sinn,» kvad Asgeir, og godlåtten høyrdest over heile Korgberget.
Dette kvadet lika Jan Fugleven særleg godt. Han hadde heile året streva med å få råket til toppen reinska for snø, så folk kunne køyre heilt opp. Det gjekk som han ville.
Storhovdingen Stat Kraft hadde gjort seg ferdig i Korgberget. No gjekk han laus med graving i Finnlia. Han bruka mange gullmyntar for å få vatnet slik han ville.
Men det vart ikkje berre nytt. Jan Gautatyr for rundt i lendet og leita fram der andre har budd for lenge sidan. Han leita og opp navnet på stadene. Det var sogeskriving med kultur i botnen.
«Ingen finn fram om dei ikkje veit kvar dei kjem ifrå,» kvad han og grov vekk mosen på gamle tufter som ingen hadde sett på lange tider.
I skog og mark treivst også ungfrilla Fjellbeth Mål. Ho lika veiding, fisking og turar. Så rissa ho ned det ho opplevde og let andre sjå det. Mange følgde med henne og gav henne mykje åtgaum. Ja, ho for heilt til Kapp på veiding. Dette lika mange at ho skreiv kvad om. No ville ho ha setet sitt i Bakkane i Bjørkdal. Da kom ho enda nærare der dyr levde.
Solveig Gullstrupe fekk og mykje å ta tak i. Ho vart med eit lag og song over heile landet. Det såg lovande ut, men så kom Kor Ona og stogga alt. Ingen våga seg ut for å lye på henne, og ikkje våga dei å treffe så mange. Dei var og redde for at Kor Ona skulle nå dei. Det vart å stelle med fisk hjå Ingrid Kop i staden, og nøgd var ho med det.
I Brygge sin Dal rissa Dag runer så griffelen lyna. Han fekk fortald om Svart Ola i Konungardalen og Torfinn Veidar på Reinåflata. Desse sogene vart godt omtykt.
I Dal Indre bydde dei til gjestebod og viste fra kverna si. Mjøl hadde dei nok av, men aldri hadde dei steikt brød av eige korn. Nyfikne frå mange stader kom for å bisna. Song og leik vart det. Synnøve Gode som hadde leiinga, fekk hugsame ord for ein fin dag.
Lia
I Lia såg alle fram til dagane med Belte Skut og Aina Krølle. Kor Ona øydela alt. Ingen fekk kome dit, for dei ville ikkje gje Kor Ona eit høve til å slå seg ned. Alle hadde ordna seg på laget til Anti Bakk, men det vart ingenting. Livet i Lia vart noko stusseleg, for ikkje kunne dei baka kamkake til neste gjestebod heller.
Likare vart det heller ikkje etter at snøen raska med seg ei bu og øydela fleire i Skardåsen. Storæsene Tor og Odin hadde vore i dårleg lune og pøsa på med snø og regn. Det vart så tungt etter kvart at fjellsida rakna, og snøen dreiv til dals. Det som var i vegen, vart feia med i raset. Ingen tykte godt om det som hende.
Då vart dei i betre lune då Kjel-Hallvard kom på kok og song nye songar for dei. Dette gav Liabuarane nytt mot.
Leven og lått vart det og då unge møyer og sveinar fekk kome til Haugkarihola og ha det gildt ei hel veke der. Kåre Bør gjekk i bresjen for det.
Mykje hadde stogga dette året. Likevel var hovdingen Paul Aspe på eitt vis nøgd med tilstanden i sin fylking. Det kunne vori så mykje verre.
Då Kor Ona og Anti Bakk rauk i hop
Kor Ona
Langt aust, ja så langt at ein kjem heilt til riket der Djengis Khan herja, rådde ein storhovding dei kalla Kor Ona. Stor var han ikkje, men han hadde så stor ein hær at han kunne slå vilt der han for fram. Så farleg var han at folk gøymde seg. Han og mennene hans kraup under serkane og åt på kroppane til møyer og sveinar heilt til dei ikkje greidde meir og stupa daud om.
Anti Bakk
Den einaste som kunne ta opp kampen mot Kor Ona, var Anti Bakk. Dei som var saman med han, smurde seg inn på hendene. Då mista Kor Ona fotfeste og vart ufarleg. Dette lærte folk og bruka Anti Bakk meir og meir. Dei fann og ut at om dei heldt seg godt frå kvarandre, nådde ikkje Kor Ona fram med styrken sin. Slik vart han makteslaus.
Boris Jonsa og Don Trump
Då Kor Ona skjøna dette, vart han i dårleg lune og for til andre land. Der herja han vilt heilt til folk fekk Anti Bakk med seg. Slik spreidde han krigarane sine over heile Kringla Heimsins. Folk som fekk Kor- Ona- krigarane i kroppen, vart tungpusta og døydde. Kor Ona lika dette. Han var herskesjuk og gjekk laus på store og små, ja, Boris Jonsa, hovdingen for angelsaksarane, vart så ille medfaren at ingen trudde han kunne styre landet sitt meir. Men han drog seg til slutt til, og då kalla han sonen sin opp etter han som berga livet hans.
Likare gjekk det heller ikkje med Don Trump som var hovding i det store riket som Leiv den Hepne ein gong fann. Han var kalla Trump av de han trumpa gjennom alt han ville. Og viljen sin fekk han. Han gjorde seg råsterk då Kor Ona kom og ville ta han, men havna til slutt på sottesenga han og. Som med Boris kom han seg på føtene og var hard i orda då han vart talefør. Men lite hjalp det, Kor Ona for vidare og brydde seg lite om truslane til Don. Berre Jo Bid, ein storhovding frå Vinland, greidde å stogge Don. Trumpen fekk mykje juling, men heilt still låg han ikkje.
Paul Aspe
Noko undrande vart Kor Ona då han ville over Korgberget og leggje fylkingen til Paul Aspe under seg. Ved hola til Asgeir Godlått stilte han seg opp brynjekledd og med skjoldet framfor seg.
«Kor Ona, hald deg unna fylkingen min. Her får du juling med stryknin,» kvad Paul og slo med sverdet mot skjoldet.
Kor Ona vart noko handfallen over handsaminga han fekk, men manna seg opp og kvad:
«Lite eg tykkjer om kvadet ditt, eg kjem over og held på mitt».
Då skjøna Paul at no var det hardare motstand enn under tingmannavalet. Det gneistra or augene hans då han kvad:
«Siste ordet mitt er sagt. Kom deg vekk, eller bli til slakt».
Då vart Kor Ona redd og drog austover og gjekk heller laus på Umebuarane som heldt til der. Paul Aspe sende ein flokk med Anti Bakk sine menn etter han, og fart fekk han. Kor Ona gjorde fleire åtak seinare, men Paul Aspe stod imot og jaga han vekk.