Avisa Hemnes
5 minutter lesetid

Stiller krav til Statkraft

Obs! Artikkelen er mer enn ett år gammel.

Minstevassføring og vårflaum er blant tiltaka NVE tilrår å pålegge Statkraft når Røssågavassdragets konsesjonsvilkår revideras.

Dei tre kommunane Hemnes, Hattfjelldal og Grane, har gått saman om samla krav til miljøforbetrande tiltak i vatn og vassdrag som blir påverka av reguleringane i Røssågavassdraget. På grunnlag av desse krava, har NVE gjennomført ei revisjon av konsesjonsvilkåra for desse reguleringane. Dette kjem fram i ei pressemelding frå NVE.

NVE har sendt ei tilråding til Olje- og energidepartementet, der ein rår generelt til at dei gamle vilkåra blir erstatta av moderne konsesjonsvilkår for reguleringane. Dette gir moglegheit til å pålegge ulike miljøforbetrande tiltak, utanom vassføring og vasstand, i heile konsesjonstida.

Miljøforbetrande tiltak for fisk og fugleliv

Reglar for mellom anna vassføring og vasstand i magasin, blir fastsett i revisjonssaka. Statkraft Energi AS er konsesjonær og har allereie lenge praktisert ei minstevassføring i Nedre Røssåga på 30 m3/s. Dei har òg praktisert reglar for drifta av Nedre Røssåga kraftverk, som gjer at vasstanden i elva ikkje endrar seg for raskt, av omsyn til laks og sjøaure. NVE meiner at denne praksisen har vært god, og viktig for å avgrense negative miljøverknader av kraftverksdrifta. For å sikra at denne praksisen føljast vidare, rår NVE til at desse reglane blir tatt inn i manøvreringsreglementet.

Det vert òg tilrådd at det sleppast samanhengande høg vassføring over tre døgn i mai/juni av omsyn til smoltutvandringa. For Stormyrbassenget rår vi til at vasstanden skal haldast stabilt høg i hekkeperioden til fugl, som hekker i strandsona.

Fond for fisk, vilt og friluftsliv

Reguleringane, med tilhøyrande kraftverk, er viktige for kraftsystemet i regionen, og anbefalinga om nye restriksjonar er vurdert i lys av det. For Røssvatnet sin del, vil restriksjonar for manøvreringa gå ut over reguleringsmoglegheitene, som er viktige for forsyningssikkerheit i regionen. Derfor tilrår NVE ikkje krav til sommarvasstand eller andre magasinrestriksjonar i Røssvatn.

For eit reguleringsmagasin som Røssvatn er det vanskeleg å finne gode tiltak for å betre miljøforholda. Derfor rår NVE til at Statkraft påleggast å betale 150.000 kr årleg til eit fond, som kan brukast til gode tiltak for fisk, vilt og friluftsliv i kommunane.

Olje- og energidepartementet vil stå for den vidare oppfølginga av saka.

Fornøgd med resultatet

Det tok 13 år med saksbehandling, men dei lokale representantane er nøgd med å ha fått mange gjennomslag.

Frode Solbakken er leiar i Naturvernforbundet i Rana og omegn. Han sat tidlegare i kommunestyret i Hemnes som representant for Venstre, og blei brukt av kommunen som frivillig interessert fagmann for å utarbeide innspel i revisjonsprosessen.

Han har så vidt fått sett på den 96 siders lange dokumentet før avisa kontaktar ham.

– Det har tatt sjukt lang tid, krava blei utforma i 2005-06 og innsendt i 2007. Fyrst no kjem innstillinga frå NVE til OED, det er 13 år med saksbehandling. I etterpåklokskapens namn burde kommunen brukt meir midlar på lokal saksbehandling, men NVE sa dei skulle hjelpe, fortel Solbakken.

– Vi var kanskje naiv i starten, men så lang saksbehandling har gjort at vi har fått lese oss opp og forstått meir. Kommunen ønska å få behandla Røssåga og Bjerka kraftverk som kjem ut i Leirelva som eit vassdrag, noko fylkesmannen også meinte, men NVE ser to vassdrag.

Dermed blir Leirelva ein del av revisjonen av Bjerka/Plura, ein prosess som bere så vidt har kommen i gang.

Solbakken er fornøgd med det han har sett så langt i innstillinga frå NVE.

– Eg synes vi har fått gjennomslag for mykje, det blir nok ein hardare kamp når vi kjem til Bjerka/Plura. Vi får formalisert eit dobla krav til minstevassføring, noko Statkraft tidlegare har avvist. Det stilles også krav om forsiktigheit i hastigheita når dei endrar vassmengda i elva. Dette er ting som Statkraft har gjennomført frivillig dei siste åra, men no blir det pålegg.

Noko som er heilt nytt er ein kunstig vårflaum med minst 100 kubikkmeter vatn i sekundet i minst tre døgn.

– Det gjer at smolten som skal ut i havet får betre vilkår for å overleve. Den er sårbar, og det er mange predatorar. Med ein flaum går dei ut i stim, og beskyttar seg betre. I den same perioden kjem storlaksen inn, og med meir vatn i elva stig sjansen for at den finn fram.

Solbakken trekk til slutt fram pålegget om å holde jamt nivå på Stormyrbassenget i hekkesesongen.

– Dette er veldig bra for det rike fuglelivet der, og noko som mange lokalt har kjempa for. Det er ein viktig lokalitet, og også være noko Statkraft som framstill seg som eit grønt selskap bør være opptatt av.