Trusselbiletet er i rask endring og alvoret aukar. Ny langtidsplan for forsvaret er no avgitt frå forsvars og utanrikskomiteen på Stortinget og Senterpartiet er skuffa over at Høgre og Framstegspartiet framleis vel å skyve kritiske investeringar langt ut i uvisse. Planen er milevis frå forsvarssjefen si anbefaling. Senterpartiet kan ikkje gje legitimitet til ein langtidsplan for forsvaret som ikkje i større grad set det nasjonale forsvaret stand til å møte utfordringane Noreg står ovanfor.
Forsvar av Noreg er statens viktigaste oppgåve. Me er eit lite land, men ligg strategisk viktig plassert her i nord. Invasjonen av Krim i 2014 markerte ei ny tryggleikspolitisk tid. Russland nytta militær makt mot eit naboland i Europa for å nå politiske mål. Våre nærområde er i aukande grad ein arena for stormaktsrivalisering, og risikoen for konflikt er den største sidan slutten på den kalde krigen, skriv regjeringa i sin langtidsplan.
I samtalane om Langtidsplanen sette Senterpartiet fram krav om at denne situasjonen må møtast med å tilsetje fleire soldatar enn regjeringa har lagt opp til, samt investeringar i stridsvogner og i Sjøforsvaret i første fireårsperiode. Me planlegg for helikopter for Hæren, eit større Heimevern, etablere ein Brigade Sør og behalde overvakingsflya på Andøya flystasjon. H, FRP og AP har rett nok lagt inn ei auke på 300 soldatar dei to første åra i planperioden, men det hjelper svært lite når dei same partia reduserer med 300 att dei to neste åra, slik at ein i 2024 kjem ut med same tal soldatar som regjeringa har foreslått. Etter at regjeringa, FrP og Ap er samde vert det likevel ikkje fleire soldatar i komande fireårsperiode enn dei 550 som låg i det originale forslaget, som ein samla opposisjon sendte i retur til regjeringa før sommaren.
Senterpartiet vil ha fleire soldatar frå 2021. Både Luftforsvaret, Hæren, Sjøforsvaret og Heimevernet treng meir personell for å kunne maksimere den operative evna, trene og øve meir samt oppfylle styrkekrava til NATO. I dag er belastinga på personell svært stor mange stader, og Forsvaret slit med å halde på folk. Det svekker forsvarsevna. Senterpartiet meiner det er kritisk å auke styrkestrukturen i heile Forsvaret og med vårt forslag vil bemanninga auke med 1100 fleire soldatar og mannskap fram mot 2024.
Me meiner at å prioritere nye stridsvogner og helikopter til Hæren er langt på overtid. Med den nye langtidsplanen skyv regjeringa nok ein gong investeringar i nye stridsvogner til Hæren ut i uvisse. Hæren vart lova nye stridsvogner gjennom stortingsvedtak i 2012 og ventar enno.
Helikopter til Hæren må ein truleg også sjå langt etter på 2020-talet. I pressemeldinga Høgre sende ut fredag 20.11. går det fram at, sjølv etter forhandlingane med FRP og AP, har ikkje langtidsplanen fått ei krone meir enn det som regjeringa foreslo, og i proposisjonen frå regjeringa låg ikkje nye helikopter til Hæren inne.
Senterpartiet vil og planlegge for oppbygging av ein Brigade Sør. Me ville også auke Heimevernet til minimum 45 000 soldatar.
Senterpartiet kjempar for å bevare Andøya flystasjon som base for våre maritime overvakingsfly. Me meiner H, AP og FRP gjer eit historisk feilgrep med å leggje ned Andøya flystasjon. Senterpartiet fryktar at raseringa av det maritime overvakingsmiljøet på Andøya samt den lange lista av uløyste utfordringar på Evenes vil føre til at Noregs sin kapasitet på maritim overvaking av nordområda vil svekkast dei neste åra.
Så kva er konsekvensen av regjeringa og støttepartiet FRP sin langtidsplan for dei neste fire åra? Ingen fleire soldatar enn det som låg i planen som vart sendt i retur, ingen stridsvogner til Hæren, ingen helikopter til Hæren, ikkje eit større Heimevern, ikkje ein Brigade Sør, ikkje nye fartøy til Sjøforsvaret (ei heller avklaring på når det kjem), ingen langtrekkande luftvern og ingen ny vurdering av Andøya flystasjon.
Senterpartiet kan ikkje røyste for ein plan der ein ikkje vil oppfylle NATO sine krav til Noreg før midt på 2030-talet. Auka forsvarsevne er naudsynt for å behalde eit solid nasjonalt handlingsrom og trygge våre verdiar. Det kan me ikkje sjå at denne planen set forsvaret vårt i stand til dei komande fire åra – og deretter kjem ein ny plan i 2024, og verda rundt oss kan då ha endra seg like mykje som den har gjort dei fire åra me har lagt bak oss.
Liv Signe Navarsete og Emilie Enger Mehl
Stortingsrepresentantar (Sp) og medlemmer av utanriks- og forsvarskomiteen