No dette året er det 50 år sidan Helgeland historielag vart stifta. Det er da naturleg at mykje plass i årboka blir knytt til dette. Heile 85 av 220 sider har med historielaget si drift å gjera. Og det er ikkje småtterier som har gått føre seg. Årboka er komen i 51 utgaver; ellers ei mengd skrifter og bildesamlingar, det er halde kurs og seminar innan mange tema. Her kan lesarane dukka ned i den historiske brønnen og leska seg med friskt kildevatn.
Ein hovedartikkel handlar om Torvald Kibsgaard frå Dønna. Som ung sjømann hamna han i japansk fangenskap under krigen, slapp frå det med livet, kom etter kvart til heimtraktene og ytte mykje innan politikk og som samfunnsmenneske.
Interessant er også stykket om Torbjørn Vikdal, ein mangslungen kar som frå små kår utretta mykje, mellom anna som erstatningslærar heile 18 plassar på Helgeland i løpet av 25 år. Glimt frå dagboknotatane hans kan imponera.
Ein annan person med stor oppfinnsam verksemd var Hans Johan Døsen, handelsmann og fiskeforedlar ute på Åsværet for 80-90 år sidan.
Årboka inneheld ellers korte eller lengre artiklar om skogplanting, skjelgraving, sommarfjøsdrift, skattegraving, bureising – og korleis ein kan laga snøtruger på gammalmåten. Litt om prest og borgarmeister er det også, og korleis nynorsken ein gong vaks fram og så tapte seg igjen utover mot vår tid.
Årboka har mange fotografi av ulike slag, er velredigert og står fram i vakker trykk.
God lesnad!
Jan Gaute Buvik