«Det var ikkje trygt for oss ungane å ferdast ved dette huset», fortalte Oskar Inderdal ved åpninga av den nyrestaurerte kverna i gårdsbekken.
Alt er på stell når Inderdalen gård inviterer til samkome. Slik også denne søndagen i Villmarksvegveka 2020, der åpning av gammelkverna var hovedsaka.
Første møte er parkeringsvakter som viser tilrette, så er det blomster og fin pynt i og ved husa, det luktar av grill og inne i hovedstua skal det bli servering.
Kulturlandskapsprisen 2019
Først var det likevel eit blikk bakover, der ledar av landbrukskontoret i kommunen, Øystein Dyrlie, gjorde kjent grunnane for at Inderdalen Gård vart tildelt Nordland fylkes Kulturlandskapspris for 2019.
– Her er gjort eit så grundig arbeid, og kvart skjema var så fullstendig fylt ut, at ingen i tildelingsnemnda var i tvil. Inderdalen Gård har ein historisk samanheng og ei så velfylt framstilling av si fortid at det gler oss no i samtida, fortalte Dyrlie.
I sin tale gav han også ein del opplysningar om det omstendelige arbeidet som låg bak prosjektet med restaurering av gammelkverna på gården. Dette vart så seinare utdypa ved samlinga nede i bekkedalen.
Kverna som mol i krig og fred
Opp mot 200 frammøtte kunne noko seinare samlast ved den vesle tømra bygninga som ligg heller gjømt nede ved bekken.
Oskar Inderdal, den yngste av to hovedpersonar på mannssida i Inderdalen Gård, heldt eit nokså personleg innlegg før han løsna snora og symbolsk åpna for vatn i renna:
– Gamlingan på gården sa til oss ungane at sjølvaste Nøkken budde der nede i kvernhuset. Og dette ferskvasstrollet hadde vi djup respekt for. Men da vi no plukka ned tømringa stokk for stokk i 2015, skjøna eg at Nøkken for lengst måtte ha flytta: Det var golvkaldt, trekkfullt og takdråpe nedover ryggen.
Oskar meiner det var tippoldefaren som reiste kverna for meir enn 150 år sia. Johan Arnt Andersen stemmer bra med bokstavane som er skorne inn i eitt av dørborda. Kverna tjente sitt føremål og skaffa mjøl til brødmat i nærmare hundre år.
– Siste mølna gjekk var hausten 1944. Det hadde seg jo slik at tyskerokkupantane ville ha kontroll med alt, også det som gjaldt matvarer. Kornmengda skulle vera kjent, derfor hadde lensmannen påbud om å plombera gårdskvernene. Slik også her i Inderdalen. Men så høvde det seg slik at i denne bekken var det to kverner. Dermed dreiv han Ola Inderdal ulovleg malning her, men det var da sjølsagt kjent mellom bygdefolket. Lensmannen hadde også utpeika ein mann lenger nede i bygda som kontrollør av lagerrom og kjellarlokale. Så kom han ein haustkveld forbi her og høyrde det banka. Det var Ola som heldt på og flikka på steinane. Hm…, enn om han kunne mala noko korn for kontrolløren også? Jau, det skulle la seg gjera! Og betalinga? I korn, helst! Men… ein kan ikkje berre fara etter vegen her med ein kornsekk, du veit tyskerpatrulje… Du, vi møtest nede ved elva der og der, så hentar eg! Dermed henta han «Liss-Ola», som var stor og sterk, femti kilo korn i ei tremeis han hadde på ryggen og gjekk skogleies opp dalen til kverna.
Gammalt blir som nytt
Arild Inderdal, den eldre av gårdkarane, stod spent ved bekkekverna, med eit spann korn klart for malning. Det strøyma på med folk, sikkert over 200, som kransa kring bekkefaret. Men det som strøymde for lite, var vatnet.
– Jauda, eg var klar over dette. Bekken er for tørr no. Det vesle som kom var akkurat nok til å snurra kvernkallen så steinane gnaura litt, men det var alt. Her må ei demning til lenger oppe, så vi kan sleppa på meir når det trengs. Det finst forresten restar av ei slik.
Og gnaura litt har dette prosjektet gjort også. Det vil seia: Ting tar tid.
– Av dei mange ideane vi hadde for denne gamle gården, var oppbygging av kverna av dei første vi skreiv ned. Med god hjelp frå landbrukskontoret vart det tilsagn om midlar frå Kulturminnefondet.
– Men ikkje hadde vi to karane her kunnskapen om kva som skulle gjerast, og korleis; og i tillegg var den gamle tømringa i dårlegare tilstand enn vi først trudde. Så bar det til skogs etter høveleg virke. Og så vart det kurs, planar, oppmåling, tegning, kvalitetssikring og alt tilhøyrande. Åra rann frå oss, slik at det vart midlar og fleire kurs finansiert av landbrukskontoret som berga oss.
Arild legg til at sanneleg hadde dei både kunnskap og handlag dei som bygde slikt for meir enn 150 år sia, med det verkty og den redskap dei hadde til rådvelde. Og at det no er på sin plass at denne kompetansen blir ført vidare, slik som gjennom dette prosjektet.
– Denne kverna skal mala korn slik ho gjorde før i tida, avsluttar han.
No var mange av dei frammøtte vorte dyktig svoltne, så det høvde godt at elgsoddgryta hennes Bjørghild Reinåmo stod klar inne i gårdstua. Gruppa «Fjellbris» friska opp med eit par nummer med fleirstemt song og akkompagnement, mens Thorleif «Igor Kill» Larsen trakterte det gamle salmodikon som finst der på gården. Skulle du høyrt makan!
Og ute hadde Stall Reinåmo både hestar og gris dei kunne visa fram, med aktivitetar klar for dei yngste.