Jekta «Gjertrud av Rana» er no mest for hemnesdame å rekna. For tida er ho til grundig stell i Urlandnaustet, av nokre rettelege handklåarar.
Ja, misforstå ikkje. Karane fer fint åt. Dei stryk og steller, ruskar og riv noko her og der, bøter og byttar somt der det trengs. Desse siste vekene er puskinga utført av Steinar Jørgensen, den kunnige trebåtbyggaren, og hans medhjelpar Ketil Tverrå, på lange utferder med Gjertrud kjent som høvedsmann og den motorkyndige.
Råte i hud og spant
Gjertrud hadde vori på fleire langferder, heilt ned til Bergen med tørrfisk året 2013. Jekt og mannskap var påmeldt Forbundet Kysten sitt Landsstemne i Bodø tre år etter. Så svikta mastefoten. Den var så gjennområtten at masta var i ferd med å bora seg ut botnen. No vart det ordna med full inspeksjon av heile Gjertrud, og fleire funn kom for dagen. Gjertrud måtte på land.
Ei tid var ho på Toraneskaia, hamna på Mo. Der vart innfelt ny mastefot og emner til bete. Ho måtte ha det for å tåla overfarten til sin nye heim: Urlandsnaustet. Hit vart ho ført hausten 2018.
Her og der
Undersøkingane viste at ferskvatn nok hadde samla seg ulike stader på stakkars Gjertrud heilt frå byggeperioden, og slik sett skapt råte. Her måtte mykje gjerast, og dette ville kreva pengar. Ein søknad til Helgeland Sparebank gav heile 300.000.
No har arbeidet gått smått, men godt, sjøl om stadig meir uhumskt kjem for dagen.
Hudplank er skifta fleire stader. Delar av spant måtte nyast opp; mest akterut. Materialer vart henta i skogen her lokalt. Hudplank vart etter tørking dimensjonert til 32 mm. Der krumminga var som sterkast måtte det lagast eit stimingsanlegg. Bein planking trengte berre ei bløyting.
No ventar karane på trepluggar, ei spesialbestilling frå Gratangen. Og dei slit med å finna nye materiale i skogen nett desse dagar, da nysnømengda gjer ferdsel i skogen vanskeleg.
Det gjeld jo å finna rette emnet.
Til så lenge blir Gjertrud derfor liggande, godt stødd på skinnegangen sin der i Urlandsnaustet.
Men på sjøen skal ho i løpet av sesongen, så seier i alle fall dei som puslar med ho.