Avisa Hemnes
2 minutter lesetid

Terskelen ved Kyllingmoen

Obs! Artikkelen er mer enn ett år gammel.

Ferdsle frå fylkesvegen 806 ved Bjuråmoen til Kyllingmoen og Tømmermoen kryssar Røssåga på ein betongterskel. Her kan det koma vatn over på kort varsel.

Statkraft kan, etter dei avtalar som gjeld no, sleppa vatn frå Stormyrbassenget med berre å varsla busette på gardane der få timar i forkant. Dette fører til vanskar for transport og almenn ferdsel til og frå. Ein omkjøringsveg til Vesterli er grei nok i barmarkssesongen, men i vinterhalvåret er det verre. Statkraft eig ikkje denne vegen, og har avtalar som gjer dei ansvarsfrie. Statskog har ikkje bruk for vegen, og har ikkje vedlikehald. Hemnes kommune har eit visst ansvar, men lite midlar.

Oddrun Kyllingmo har budd på Kyllingmoen ei årrekke. Ho fortel:

 –Vi må vera så ærlege å seia at kvar gong terskelen blir stengt, da slit vi her. Tidlegare da her var melkeproduksjon stod vi straks i beit. Framleis er det folk her som har arbeid, både på skift og fast dagtid, her er skolebarn, og så kunne det da hende ei ulykke, eller nokon trong sjuketransport. Her trengs ein veg vi kan lita på.

Ho seier ellers at det er naboen Alf Tømmermo som tar ein tur med fresen om ikkje snøen er for djup, men han rår ikkje med større snømengder, og innleige av maskiner kostar mykje.

–Det kan synast rimeleg, sett frå vår side, at Statkraft faktisk hadde ansvaret her, all den tid det er dette foretaket som både styrer vatnet og har direkte inntekter av det.

Oddrun Kyllingmo legg til at terskelen no tar til å bli bra nedslitt, så kanskje var det ei løysing å bygga noko varig over elveløpet?