Det sikraste vi veit om klimaet på Jorda er at det har endra seg gjennom heile historia til kloden vår.
Dei siste 10.000 åra har kloden hatt eit nokså jamt og høveleg verlag for framvekst av plantar, dyr og menneske. Det starta med ein smelteperiode der iskappa, som hadde legi nærpå 100.000 år over store delar av Europa og Nord-Amerika, krympa svært fort. Vatnet frå isen gjorde at havet steig opp kanskje 150-200 meter, alt etter korleis landskapet såg ut. Bert land kunne no raskt få plantedekke.
Som følge av at vekta av isen no vart borte, har jordskorpa stige mykje, i Norge ca 70 meter ved kysten og opp mot 130 meter i innlandet.
Mellomistid
I to millionar år no reknar vitenskapen med at vi har hatt meir enn 40 istider, som i snitt har vara kanskje 50 000 år. Den siste så langt var hard og heldt seg nesten 100.000 år, med eit maksimum ca 20.000 år før no.
Da gjorde visse mekanismar i naturen at temperaturen steig med to grader pr tusen år, altså 20 grader opp; til den kraftige smeltinga var på sitt største. Eit avgjerande hopp skjedde for drygt 11.000 tusen år sia , da snitt-temperaturen på Jorda gjekk opp 10 grader på berre 50 år!
Perioden ti til ni tusen år før no var den varmaste vi veit av, dryge 8 grader over temperaturen i våre dagar. Dette kan vi ha i tankane når diskusjonen om oppvarming av kloden er på det heftigaste.
Sjølve «gullalderen» kan seiast å vera tidsrommet 6-4000 år før no: Snitt-temperaturen 2 grader over den i dag, og tregrensa minst 300 meter høgare enn no. Seinare har kome tilbakeslag, det sterkaste dei siste 500 år før år null, og ein historisk godt omtala periode på 16-1700 talet, den såkalla «Lille istid». Innimellom dette var tidsrommet ca 700-1300 gunstig i Skandinavia, med temperaturar kanskje 2 grader over no, der jordbruket – med mellom anna korndyrking – kunne skje svært langt nord. Folk i vikingetida og noko seinare levde under bra klimatiske tilhøve.
Drivkreftene bakom
Heilt opplagt er det innstrålinga frå sola som gjer det leveleg her på Jorda. Men denne er ikkje så fast som ein skulle tru. Etter at teleskopet vart oppfunne på 1600-talet, kunne vitenskapsmenn notera endringar på soloverflata, og når ein held dette opp mot temperaturane på jordoverflata, finn ein nokså klår samanheng. Dei såkalla solflekkane har ein syklus på 10-12 år, og det ser ut til å vera ein syklus til på eit hittil ukjent antal år. Dette siste kan ein kanskje lesa ut frå borekjerner djupt i iskappa på Grønland og Antarktisk, eller frå sedimentprøvar i innsjøar og havbotn.
Det er no nokså nært 100 år sia vitenskapsmannen Milankotvic frå Serbia gjorde utrekningar som han etter kvart kunne gå ut med som teoriar bak dei kreftene som i tillegg til solutstrålinga ligg bakom temperaturane på Jorda. Han gjorde kjent at jordbanen om kring sola ikkje er ein rein sirkel, men meir oval, slik at avstanden frå sola vil variera. Milankotvic rekna ut at dette hadde ein syklus på ca 90 000 år. Så er det slik at Jorda spinn om ein akse som ikkje er vinkelrett på jordbaneplanet, men varierer mellom 22,1 og 24,5 grader, slik at årstidsvariasjonane har ein syklus på ca 40 000 år. Dessutan er det slik at denne aksen har ein sirkelvariasjon i kor den peikar hen i universet, ein syklus på ca 26 000 år.
Sjøl om disse teoriane har hatt sine kritiske motmenn, er dei idag rekna som gjeldande; dei såkalla tre jordbaneparametrane.
Når disse tre verkar saman, og dessutan med solintensiteten,kan ein finna tidrom der innstålinga frå sola har vori merkbart sterkare, eller merkbart svakare, enn eit gjennomsnitt. Dette kan forklara istidsvariasjonane, og dermed det vi no kallar klimaendringar. Her viser det seg også at området kring 65 grader nord på kloden er eit markert overgangsområde, da solinnstrålinga blir slik at her startar nedkjølinga tidleg på hausten, og smeltinga heller seint på våren. Dette kan vi legga tydeleg merke til her i Skandinavia. Det er rekna på at i gunstige samantreff med dei fire hovedvariablane som er nemnt ovanfor, vil varmeeffekten kunne auka 25-30 prosent i dette området! Kanskje kan dette gi ei forklaring på raske nedsmeltingsperiodar?
Tilhøve på jordkloden
Forutan dei nemnde tilstandane for Jorda på si ferd i verdensrommet, har fleire tilhøve på kloden også verknad på klimaet, noko globalt, kanskje enda meir regionalt.
Historia viser at mektige vulkanutbrot har ført til store , men ikkje så langvarige, klimaendringar.
Verknaden av solinnstrålinga blir i stor monn påverka av om noko av energien blir kasta ut igjen til verdensrommet. Her vil lyse flater som is, snø, ørken og sletteland verka mest. Om flatene med is og snø minkar mykje, vil varmemengda i hav, jord og luft stiga – og det i sjølvforsterkande grad.
Ein stor del av jordoverflata er hav, og dessuta er volumet av havet svært stort. Menneska bur på «Den blå planeten». Når havflata blir varma opp, stig det damp opp, det blir vatn i lufta, skyer ,vind og ver. Det vi kallar klima. Dessutan kan havvatnet lagra såvel varme som gassar frå lufta. Havvatnet er også i rørsla, det er nokså faste havstraumar både i overflata og djupt nede. Her blir varme utveksla i system som er utvikla over lang tid, og som det tar lang tid å endra også ; normalt sett.
Men her er det ei viss uro omkring dei såkalla «drivhusgassane», dei fremste rekna som karbondioksid og metan. Vil havet kunna ta til seg nok av disse til å hindra at for mykje siv ut i luftlaget? Målingar seier at mengda karbondioksid i luftlaget no har stige svært, særleg dei siste 50 åra, og frå dei tidlegare nemnde borekjerneprøvane finn vitenskapsfolk ut at det ikkje har vori meir drivhusgass i lufta enn no på kanskje 800 000 år! Da kan ein bli noko tenksam.
Når klimaforskarar i dag peikar på faren for eit «vippepunkt» i temperaturauken, er det ut frå reknestykke om kva som før har hendt, der auken blir stadig forsterka av følgeeffektene på jordoverflata. Jamfør det som skjedde for dryge 11 000 år sia, da temperaturen steig 10 grader på 50 år. Ein kan kanskje seia at da «vippa» vi for alvor ut av istida. Det kan vi i dag seia oss nøgd med. Men: Om vi no om ikkje for langt fram i tid får ein ny «vipp», korleis blir tilhøva da? Vi veit heilt sikkert at havnivået vil stiga mykje, og truleg vil mange ørkenområde bli langt større. Det er da mest tenkeleg at levekåra for menneskeætta blir atskillig hardare enn no.
Kilder: Fleire artiklar i Wikipedia
Pensumliste frå Bachelor « Sirkumpolare studiar», Høgskolen i Bodø.
https://blogs.ei.columbia.edu/2018/10/01/how-the-greenland-ice-is-melting-up-close/