Kor godt rusta er Noreg på konsekvensane av klimaendringar?
– Det finst nesten berre éin måte det kan gå bra på, men tallause måtar det kan gå dårleg.
Det sa siviløkonom Martin Skancke, då han la fram rapporten frå Klimarisikoutvalet i slutten av desember. Utvalet har i over eitt år granska kor rusta Noreg er i møte med klimaendringane.
Rapporten seier at Noreg har eit godt utgangspunkt for å handtere klimarisiko, men at konsekvensane av alvorlege klimaendringar kan vere store og vaskelege å føreseie.
Mange typar klimarisiko
I grove trekk kan ein dele risikoane inn i tre grupper: ein fysisk risiko, ein overgangsrisiko og ein ansvarsrisiko.
Den fysiske klimarisikoen er den som er enklast å gripe hand om. Når kraftlinjer vert rivne ned i storm og hus vert fløymde over av vatn, så er dette resultatet av akutte fysisk klimarisiko. Det er ekstreme vêrhendingar som kan føre til store skadar både på eigedom og lommebok.
Meir langsiktige endringar i vêr som fører til at vi lyt omstille oss, som dersom tørke og ekstremnedbør fører til at vi i Noreg må legge om landbruket, utgjer ein kronisk klimarisiko.
Men klimarisiko omfattar også noko meir enn dei fysiske følgjene av eit endra klima. Det handlar også om kor vidt vi er budde på omstillinga til eit grønare samfunn.
Overgangsrisikoen går ut på kor vidt ulike bedrifter og næringar maktar møte den teknologiske utfordringa, dei politiske reguleringane og krava frå marknaden. Er vi til dømes budde på at petroleumssektoren skal ha mindre verdi?
Endeleg er det ansvarsrisikoen. Kven skal ta rekninga for at øydeleggingane som kjem av klimaendringar og ekstremvêr? Er det forsikringsselskapet? Er det kommunen som tillét nokon å bygge hus ein plass det går skred? Eller vert du sjølv sittande med skjegget i postkassa?
Men kva risikofaktor er viktigast for Noreg?
Martin Skancke fortel at tidsforløpet for risikoane er ulike. Overgangsrisikoen vil forhåpentlegvis opphøyre i løpet av nokre tiår. Det som hender med oljesektoren no, er ikkje det som vil avgjere livskvaliteten til barna som vert fødde i dag og barnebarna deira, seier han.
– Rundt 2200 vil dei fysiske verknadane vere totalt dominerande, seier leiaren av Klimarisikoutvalet.
Det vil merke følgjene av øydelagde heimar som sender folk på flukt, av endra matvareprisar, og av auka konfliktnivå internasjonalt.
Eit godt utgangspunkt er ikkje nok
For endå Noreg har eit godt utgangspunkt, så trengst det også handling for å sikre at dette går rette vegen.
Alle kommunar, bedrifter, forbrukarar og produsentar må ta stilling til spørsmålet: kor godt rusta er eg på klimaendringane, og korleis det kjem til å påverke kvardagen min?
Klimarisikoutvalet etterlyser difor at arbeidet med klimarisiko må setjast i system, og anbefalar å hente inspirasjon frå eit sett retningslinjer som allereie eksisterer, Task Force on Climate-related Financial Disclosures (TCFD).
Det sentrale er at ein snur klimatankegangen på hovudet: Det er ikkje nok å tenke på korleis ein sjølve påverkar klimaet, ved hjelp av klimarapportering om Co2-utslepp, no lyt ein også tenke over korleis klimaendring og klimapolitikk påverkar ein sjølve, bedriftene og næringane i landet.
– Fortel meg korleis du skal tene pengar om vi lukkast med klimapolitikken, seier Skancke.