65645

Her blir fiskebæsj til grønsaker, utan utslepp

Skal ein tru dei som forskar på det, er det såkalla akvaponi-systemet ein viktig del av framtida innan matproduksjon.

– Akvaponi er eit ressurs- og miljøvenleg system, som kan setjast opp kor som helst. Me har ingen miljøskadelege utslepp, og «vanlege» fiskeoppdrettsproblem som rømming og sjukdom har me tilnærma ingenting av, seier Erling Stubhaug, stasjonsleiar og forskar på forskingsintituttet NIBIO Landvik.
Vil snu fiskeoppdrett til noko positivt
I eit drivhus på Landvik i Grimstad driv dei med fiskeoppdrett og planteproduksjon i eitt og same system. Fiskebæsj og fôrrestar vert brukt til å gjødsle plantene.

– Eg trur dette bli ein viktig del matproduksjonen i framtida, seier Stubhaug.

Fiskeoppdrett har blitt ei stor næring og viktig inntektskjelde i Norge sidan oppstarten på 1970-talet. Men dei siste åra har oppdrettsanlegga fått mykje negativ merksemd. Peikefingrane har vore retta mot både lakselus, enorme miljøutslepp, dårleg velferd og fisk som rømmer og øydelegg for villaksen.

– Utsleppa av næringsavfall og gjødsel er heilt enormt. Omtrent halvparten av næringsstoffa frå fiskefôret forsvinn rett ut i fjordane, så det er både eit forureiningsproblem og ressurssløsing, seier Stubhaug om dei ordinære oppdrettsanlegga.

#Årgamalt vatn smakar framleis godt
Det unngår ein i det landdrivne akvaponi-anlegget på NIBIO i Grimstad. Her vert vatnet resirkulert, og alt avfallet vert brukt som næring til plantene. Med litt meir forsking og kompetanse reknar dei med å kunne ha eit tilnærma nullutsleppsanlegg.

Det første annlegget ved NIBIO Landvik vart bygd i 2003. Det vart seinare oppgradert til eit forskingsanlegg i 2006, og dei fylte anlegget med 10.000 liter vatn. Om ein ser vekk frå at dei har etterfylt den halve prosenten som fordampar og forsvinn med fisk og planter, er vatnet det same som dei sette inn den gongen.

– Vatnet er framleis så reint at det kan drikkast, seier Stubhaug og ser seg rundt etter ein kopp.

I vanlege oppdrettsanlegg er ein avhengig av ein konstant tilgong på vatn. Sjølv om vassmangel ikkje kan seiast å vere eit problem i Norge, kan nettopp det at ein ikkje er avhenging av nytt vatn til ei kvar tid, vere avgjerande i andre deler av verda. Akvaponi kan gjere det mogleg med effektiv matproduksjon sjølv i knusktørre Sahara og i Israel som manglar ferskvatn.

#Kan bli sjølvforsynt med fisk og grønsaker i høgblokk i Oslo
– Eg pleier å seie at eit slikt anlegg like gjerne kan byggast i ei høgblokk i Oslo som her på NIBIO, seier Stubhaug.

Det finst få byggesett til privatbruk på marknaden i dag, men det snur snart, håpar Stubhaug.
Det finst inga avgrensing på kvar ein kan ha eit akvaponianlegg eller kva planter ein kan dyrke. Har du eitt litt stort akvarium og nokre renner med vatn for planteproduksjon, er du i gong.

Stubhaug nemner planter i fleng: salat, reddik, jordbær, tomat, agurk og molte. Salaten deira brukar kring sju veker frå frø til tallerken. Fisken er eteklar etter eit halvår.

#Kan likevel ikkje erstatte oppdrettsanlegga
Ingen rømming, ingen utslepp, mindre sjukdom og ikkje noko særleg behov for vatn. Om akvaponi gjev betre velferd for fisken og er meir bærekraftig enn vanlege oppdrettsanlegg, kvifor har det ikkje teke av endå?

Akvaponi eignar seg best som mindre eller mellomstore anlegg som kan forsyne regionalt, og ifølgje Stubhaug kan ikkje akvaponi erstatte dagens oppdrettsanlegg.

– Det har me ikkje nok areal til. Med berre ti prosent av næringa frå dagens avfall i oppdrettsanlegga, kunne me ha dyrka mange tusen dekar med grønsaker.
Han ser for seg framtida med innandørs etasjedyrking med LED-lys.

#Den gunstigaste fisken er framleis ulovleg i Norge
Sidan akvaponi er eit temmeleg nytt konsept, veit ein endå ikkje kva fisk som egnar seg best. I tankane på Landvik har dei prøvd med kaldtvassfiskane brunaure og bleke. Dei veks relativt seint og er kravstore når det gjeld temperatur og vasskvalitet.

– Om det skal bli økonomisk gunstig må me ha ein annan fisk, seier Stubhaug, som samtidig understrekar at NIBIO legg vekt på forsking, ikkje effektivisering og forteneste.

Varmtvassfisken tilapia er den mest brukte oppdrettsfisken på verdsbasis, og kunne ha passa også her. Den veks fort, men et lite, og den er robust mot endringar. Per i dag har ein ingen settefisk-anlegg for denne i Norge i dag, men Stubhaug håpar det vil dukke opp om ikkje alt for lenge.

#Nullutsleppsnæring på veg opp og fram
Det finst allereie nokre kommersielle anlegg som brukar akvaponi-teknologi fleire stader i verda.

Naturlig Grønn i Vestfold starta opp i mars 2018, og reknar seg no som eit nullutsleppsanlegg. Dei produserer mange typar grøne vekster, og leverer til restaurantar, hotell, kolonialbutikkar og Meny-butikkar i Vestfold.

Anlegga i USA, Japan og Australia produserer for det meste salat, medan Peckas Tomater i Sverige brukar akvaponien til å produsere tomatar som vert seld på Coop- og Ica-butikkar i Nord-Sverige.

Atle Beisland er ansvarleg for den daglege drifta i anlegget på NIBIO, og trur akvaponi som næring vil ta av ganske snart. Men for å kunne skalere opp er dei avhengig av økonomisk drahjelp. Nokre timar etter at Framtida.no var på besøk på Landvik, skulle ein potensiell investor kome innom.

– Det einaste som manglar er vel berre at nokon torer å satse, avsluttar Beisland.