Terje var ein driftig kar som bruka tida si på å lange mjøl til jordtrælane rundt om. Dei tykte vel om han, og han fekk navnet Terje Mjølsekk.
Han hadde i mange år og sysla med å risse runer om Bjørkdalen og soga til mange der. Sjølv hadde han fedrane sine frå dalen. No var det og gjort, men medan han dreiv med dette, vart han var kor lite venleg Stat Kraft hadde vore mot jordtrælane der medan han temde Bjørkåa. Slik for ikkje fagna folk fram. Det vart så lite vatn i åa at fisken der hadde vanskar med å halde seg i live. Laksen som kom frå havet i vest, nekta å gå opp i elva, så lite vatn var det. Terje Mjølsekk gremma seg over tilhøva i åa.
Nidstong
Sjølv om Terje kjende seg liten mot storhovdingen, Stat Kraft, gjekk han rett mot han og kvad: «Stat Kraft, ussel du er. Drep dei små som i vatnet fer». Stat Kraft, som hadde hovudsetet sitt sør i Vika, tykte lite om kvadet og sende Otto Yngling mot han. Han var ein uredd krigar som hadde vunne mange slag for ynglingar og danseglade i Svartpøla. Otto visste kva han dreiv med om vatn og fisk og.
Kledd med brynjer råkast Terje og Otto til holmgang midt ute i Bjørkåa. Med nyslipa sverd gjekk Otto rett mot Terje Mjøsekk og kvad: « Usann tale du fører fram. Vatn nok for dei som vil fram». Han slo sverdet mot brynja og såg Terje djupt inn i augo. Terje venta noko slikt, møtte svartaugo hans og kvad: «Lite vatn, mykje skit, møter dei som sym seg hit». Ikkje slo han seg på brynja, men deisa ein kross i elvebotnen med slik kraft at vasspruten stod langt opp i Bjørklia. Otto skvatt til sida og verga seg med skjoldet. Vatnet skvalpa over herdene hans, men han veik ikkje ein tomme, lyfta sverdet og kvad: « Vi veit kva vi gjer. Den kjem stutt som med usanning fer». Han gjorde våpengny og viste at no gjekk Terje Mjølsekk for langt. «Krossen står til åa gjev liv. Vonar du ser korleis du driv,» kvad Terje og vassa i land. Han var harm, og det gneistra rundt han. Skodda seig ned frå Målberget, og alle liene rundt vart gøymd i ei mørk dimme. Ikkje vistes det blod på nokon, men inni var dei så såra at dei var samde om å møtast seinare.
Terje og jordtrælane for opp i Bjørkdalen. Otto Yngling for til fiskane sine og gav dei for.
Ny strid
Det skulle ikkje gå lang tid før Terje Mjølsekk fekk møte Stat Kraft sine menn på nytt, men no var dei mange fleire, ja til og med Amund Rådlaus sende med fleire menn, Sølve Tuva, Håkon Øk og Rune Trette. Dei var godt skodde.
No skulle det gjerast opp for meinverket dei meinte Stat Kraft gjorde då han temde vatn og åar i fjella for årtider sidan. I byrjinga var det god tone mellom krigarane, ingen lyfta sverda, berre lått og hugsame ord frå alle. Dei drog i lag i ein lang farkost etter Akersråket. Krav om betringar kom, Stat Kraft sitt mannskap rissa ned, men lova lite.
Då dei kom mot Kjenspøla, sa Rune Trette at snart skulle han visa at Stat Kraft ikkje heldt ord i alt. Men der vart han narra. Stat Kraft sine menn hadde laga så kvass ein sving på råket dei for etter at farkosten ikkje kom seg fram. Dei måtte snu. Då gjekk det varme i hausen til Rune som kvad: «Du har teke kvar ein foss, men ikkje visa ditt meinverk for oss». Han hadde skodd seg til harde kampar lenger framme. No stod han med eit nyslipa sverd og fekk ikkje bruke det. Det breidde seg ein harme i flokken då dei måtte vende nasen attende. «Farkost lang, sving så kvass. Synd at turen gjekk i dass,» kvad Stat Kraft sine folk, slo hovuda sine saman og gjorde godlått i dølgsmål. Terje Mjølsekk kvad ikkje, for han hadde møtt dei før.
Jarn Erna i Vika og hirda hennar skulle få vite om hendingane denne dagen. Snart skulle dei døme i striden, men ingen sa høgt at det sikkert ville ta mange år innan nokon dom vart sagt.
Striden om langarmhola.
Då Tone Vangsmøy frå Bodøyar var hovding for Langarmingane. Så sa ho til Christine Førstemøy at hennar hola på berget skulle gravast att. Christine fauk da heilt opp i ofse, skreik høgt og slo på skjoldet sitt så hardt at det slo gneistar over Korgbergtoppen. « Ikkje skal friller frå nordom Saltarfjell, rå her korkje dag eller kveld!» kvad ho og fekk Arild Rådlaus med seg på at denne striden var ikkje over enno.
Margunnvitjing
Ho låg på brisken sin på Troarnes og tenkte korleis ho kunne få langarmhola attende til fylkingen. Då sette ho grima på hesten sin og reid til Margunn Ebbe som hadde sete ved Torgar. Ho sat tilmed ved Kongen sitt bord i Vika og var med i flokken til Jarn Erna. Kanskje Margunn kunne snu dette. Vidare for ho til Vika og samrådde seg med mange. Alle skjøna bodskapen hennar.
Einar Gamle, som hadde stridd i langarmhola i mange år, lika at Christine ikkje gav opp. Han visste kor godt det gjorde for mange at langarmkarane var i nærleiken. «Da Ta og styring, farkostar på rull. Alt det nye er berre tull,» kvad han og rista på den blanke skallen sin.
Spaning i striden
Spaninga var stor då den nye striden skulle stå. No var hogga færre og sverda meir ukvasse. Christine likte det ho såg. No var ho ikkje i kampen, men følgde med i alt. Då striden var over, kvad Tone Vangsmøy til Christine: «Langarmhola får du att, i Amundborga skal den vera». Ho greidde ikkje å rime kvadet sitt eingong.
Christine spratt i lufta og gjorde glade hærrop. Ja, så høgt hadde ho ikkje hoppa sidan ho var yngling. «Salar i borga skal du få, no skal vi lovløysa slå,» kvad ho. Ho var sjølv ein gamal lovseiar, så ho visste kva ho tala om.
«Ikkje så mange salar vi ber om, ikkje så mange dagar der heller. No kan vi treffast på eit rom, risse runer når andre melder,» kvad Tone og var noko vonbroten i røysta. Christine kvakk til etter kvadet, men no ville ho vera snill og vise at ho var nøgd.
Einar Gamle følgde med. Han var ein gamal stridar med mange synlege hogg i brynja si enno. Han var ikkje nøgd. «Runerissarhole, blanke støvlar ! Vi treng manndom og sterke musklar,» kvad Einar Gamle. Han såg at Da Ta hadde vunne i denne striden og.
Då hærmennene for heim til midtvinterblot, hadde lite skjedd. Den nye langarmhola i Amundborga var tom. Tone Vangsmøy tok det svært så roleg då ho budde seg til blotet. Ho var så lite nøgd med at Christine vann at ho ville vente til neste solvending med å gjera noko i det heile teke.
Einar Gamle sprutar eiter
Einar Gamle vrei seg i høgsetet sitt då han skjøna kva Tone tenkte. Han frøste og kvad: «Til spott og spe held du oss. Gjer lite, pratar som ein foss». Christine tykte godt om kvadet hans. No hadde ho og mista tålmotet og spruta eiter og galle. Det hadde ho lova at kom Bodøyarmøya inn i fylkingen hennar, skulle ho takast og burast inne til langarmhola var på plass. Ho la hovudet på skakke og rasla med Brisingamenet sitt. «Venen sin skal ein vera ven, honom og hans ven. Til lått skal mann med lått svara, og møte lygning med lygn,» kvad ho. Ho var ilsken og ruskut på håret. Ho var klar til kamp, og kjempa skulle ho.
Tone Vangsmøy skjøna at dette var alvorslege greier, så ho kviskra i luren sin til Steinar Bergteken og kvad: « Ille er det å høyra slik song. Fer til Korggryta med ein gong!» Steinar var godt lika i Korggryta, så han for dit og opna langarmhola der. Ikkje kunne han vera der kvar dag, men han lova å hjelpe dei som kom til han. Mange i Amundborga høyrde kva ha sa og tykte vel om orda. Heilt nøgd var dei ikkje, men det fekk byrja slik.
Tone såg kor nøgde mennene i Amundborga var. Det lika ho dårleg. Då ho kraup under fellen ein kveld, kvad ho til seg sjølv: « Beiskt det svir i hjarterota når hola går seg til. Vekk skal den, slik eg vil». Men ho våga ikkje å skunda seg. Tida fekk vise når ho skulle kome att. Trygg var ho no, godt gøymt bak snøfulle Saltarfjell. Ikkje våga ho å kome på sørsida av dei heller.
Okstopphamning
Marit Skapar var i Amund Rådlaus sin flokk. Etter at Arktikk Reis hadde fare, grunda ho mykje på kva ho skulle finne på no. Ho hugsa at alle gav mykje åtgaum til Okstoppane. « Kva med å gjera meir der,» tenkte ho, men ho ville ha med heile fylkingen. Få til noko over alt. Rett nok hadde både ho og mange andre vorte noko skamfarne etter at Ingvar Tverre gjekk berserk då Rabothola vart reist, men redd vart ho ikkje. Marit gjekk difor til Amund Rådlaus med saka si. Han tykte vel om tankane hennar, og det vart lagt gull i sekken for å kome i gang.
Svein Stol
Marit kakka seg så på lag med Svein Stol som var ein framifrå krigar. Han hadde teke seg sete på Berget, ytst i Sørfjorden. Når han ville noko, fekk han det til. Dei fekk ein stor flokk med seg etterkvart. Alle ville skapa noko. « Med fleire vil det verke. Saman blir vi sterke,» kvad Svein og reiste seg frå stolen sin. Ja, det kom farande frå heile Riket for å høyre om dei. Til og med Jarn Erna i Vika sende gull til dei, så dei kunne få noko godt ut av tankane sine.
Vit han tarv
Då dei kom til tingmennene i fylkingen til Christine Førstemøy, var det fleire som skrukka på nasen. Dette hadde dei aldri høyrd om før, så dette måtte vera berre tull. Svein Stol møtte dei fleire gonger og sa korleis det kunne bli. Han kom med kvad etter kvad, men nokre av tingmennene skjøna mindre og mindre. «Send saka attende, gjer alt klart. Det blir ikkje ja til noko så rart,» kvad dei. Og slik vart det.
Alle som hadde gått inn for å få til naturhamna, skjøna lite, men dei byrja på nytt. Svein Stol hadde kjempa mange kampar før, så han visste at dette ikkje var noko banesår. « Dryg kamp kan gje siger. Saka er viktig. Den er diger,» kvad han og samla flokken sin for å finne ein ny veg att.
Ny strid
Ny veg fann dei og for til tingmennene att. No med blankpussa sverd og nye brynjer. Fleire av jordtrælane satt enno og såg berre skuggar i saka. «Bruka gull på viss og vas. Enno er det berre fjas,» kvad dei og ville stogge alt. Christine Førstemøy tykte at no vart dei vel sidrompa og kvad: « Tenk at mange vil så godt. Dette her er veldig flott». Ho ville leggje nytt gull i sekken. Det måtte til for å få alt på plass. Det vart ein hard strid med mange slag. Pilane kvein og sverda gjalla. Ein mørk skugge la seg over tingplassen. Til slutt fekk Svein Stol det gullet han trong for å kome til endes med saka.
Spreke Lise
No fekk han Spreke Lise i hirda si. Ho var ei uredd frille som hadde kjempa mange slag for å få til Klemetblotet. Ho hadde nett gått over på gamalmannsløn, men ho hadde enno ein vilje av stål og ein kampvilje det lyste av. Alle var samde om at no skulle fylkingen lyftast, og saman skulle dei støtta kvarandre. Dei slo våpna sine saman og ropa hærrop. Dei skulle få alt klart til tingmennene skulle få saka att etter solsnu. Sola skein i Okstoppane.
Mot solsnu
Lågt stod sola over himmelranda. Dagane vart kortare og mørkare. I kjellaren sin på Berget sat Lars Mjød tung i hugen. Ikkje skulle det verta meir mjød i tønnene hans. Stura gjorde og dei som stelte i stand Klemetblotet og Bergajåssdagane. Kva skulle no skjenkast til dei som kom på vitjing? Lars Mjød hadde berre tomme kaggar. Ikkje rart at dagane var mørke. Men det var mykje å få svar på etter solsnu.
Den store uvissa
Glas Odd som hadde lagt ut land til dei som ville byggje seg holer på Berget. Han hadde kvitta seg med smia si, så no prøvde han på noko heilt nytt. Jordhandel var nok noko heilt anna enn glasbyting. Men ville nokon grava i hans jord, der på Skjæralandet?
I Amundborg sat Sølve Tuva og gruvde til frosten. Enn om vassrøra i nyveita på Berget ville fryse att? Vinteren som gjekk, fekk han eit svare strev med å svinga sverd mot is og sure leilendingar. Han var ikkje heilt trygg på at dei ville kome att og hogge han til vinteren heller. For å sikre seg gøymde han seg like godt hjå storhovdingen Tag i Jarnsmiarstaden.
Svein Stol som skulle til Svitjod og syne fram nybrisken sin. Om dei lika den der, ville han nok få mykje heider og gull i sekken sin. Svein kjende det prikka i nakkehåra.
Vidar Vasskraft vart i så dårleg lune midtvinters at han braut ut av træleflokken. Per Øyve kakka seg på lag med han, og no gjekk dei og grunda på om dei skulle skipe ein ny flokk til tingmannavalet etter solsnu. Uro ville det bli. Ville trælflokken gå i to?
Uvisst var det og for Mette Djerve frå Mølnarhus. Ho baud gamalhovdingen, Kjell Terre, til holmgang og ville bli den nye hovdingen for trælane i fylkingen. Kunne ho gå framom Kjell, skulle ho kvesse sverdet sitt og møte Christine. Djerve vart ho kalla etter ei namngjeten ferd nordvegs. Då for ho over fjell og gjennom vatn i all slags vær. Ingen greidde å stogge henne før ho kom til Nordarkap. No ville ho bli førstemøy i fylkingen sin.
På Brendarmo streva Sigmund Risse og frilla, Akvahilde, med å skape meir. Dei viste fram mykje av det dei hadde laga i Jarnsmiarstad, og mykje åtgaum fekk dei. Sigmund stjal augo til mange gjennom klelause skrottar og fagre trillingar. Akvahilde fekk tankane sine fram gjennom fargar og vatn. No ville dei berre måla meir, og kanskje få gull i sekken.
Ved sottesenghola i Korggryta hadde Terje Mjølsekk og sonen hans sett opp fleire fugleholkar. Dei fjødottane som vart fødde der, var nok kome til Sudlanda no. Men ville dei leite seg attende hit til vårs?
Elsa Trimme hadde i fire tiår jaga på velvaksne drøser og heldt dei i form kvar måndag. Ville dei kome att etter neste solsnu ?
Jau, alt var i spaning og uvissa. Alle grunda på korleis det skulle bli. Kanskje dei skulle be Nysgjerrigperane i Lia om hjelp. Dei fekk mange fagre ord om sitronane sine og var flinke til å finne svar.
Men det komande tingmannavalet låg som ei tung skodde over himmelkvelvingen. At nokre ville få banesår var klårt, men det var ugreit kven som ville falla. Ved neste solsnu visste alle meir. No var det berre å fylle kaggane til midtvinterblotet. Stridar ville det bli nok av, men da måtte sola kome høgare over Kjerringtoppane i sør. No var det berre ein blodraud vesthimmel som varsla om alle dei harde stridane som ville kome.