Gjennom fleire tiår har gjerder for beitedyr blitt lite halde vedlike. På Hjerpbakken har Sverre Storbæk leita fram avbitartanga.
Gårdbrukarane over heile kommunen har opp gjennom generasjonar sett opp milevis av gjerder for å halda beitedyr på rett plass. Men no er det snart slutt på beitande storfe, og sauene held seg mest i fjellet. Så kva skjer med dei gamle gjerda? Jau, eit lite fåtal blir rivne og fjerna frå terrenget; resten blir ståande, mykje med piggtråd på topp, eller dei sig overende til ei fotfelle av verste klasse.
Tragedie
Tidlegare bonde på Hjerpbakken, Sverre Storbæk, har inntil nyleg ikkje tenkt så mykje på dette med dei gjerderestane som står og ligg ute i marka. Men så:
– For eit par år sia kom eg over eit tilfelle som vekte såvel kjensler som trong til å gjera noko. Ein stakkars elgkalv hadde blitt fanga i eit ståande gjerde, og lidd seg til ein pinefull daude. Så no har eg gjennom to haustar fjerna tråd frå dei gjerda som finst på min eigedom. Det kan vera snakk om sikkert ein kilometer dyrefelle. No står det att noko nettinggjerde. Det skal også takast snart!
Gjerdeloven
Storbæk veit ellers at gjerdeloven har klare reglar for korleis slike tilfelle skal handsamast: Det som ikkje er lønsamt å halda vedlike, skal fjernast. Til beste for såvel folk som fe. I verste fall kan alvorlege tilfelle av mishald bli påtala, og grunneigar deretter bli stilt til ansvar.
– Her går nok av fortellingar om skader på dyr, gjerne litt større som elg og rådyr, og det er kjent at også folk har skada seg på piggtråd ved ferdsel i utmarka. Slik kan vi ikkje ha det.
Han kjem med ei klar oppfordring til alle gårdeigarar om å ta fatt på opprenskinga.
Ved landbrukskontoret kan Øystein Dyrlie opplysa at saker omkring gjerdehald ikkje har vori oppe på ei bra stund no, men at nemnda har fått innspel. Han er klar over at dette kostar i form av eigeninnsats og bruk av tid, men seier også at det kan finnast midlar å søka på for dei som tar dette på alvor og kanskje hyrar inn ungdommar eller andre til å gjera ein jobb som gangnar alle, både bønder og folk allment.