Det stunda til midtvinterblot. Dette vart det siste før eit nytt tingmannaval. Christine Førstemøy var nøgd med året som hadde gått.
Rett nok hadde gullsekken hennar skrumpa inn, så ho tok med seg alle tingmennene til Haugkarihola i Lia for å avgjere kva som måtte fjernast, om ein skulle halda litt gull att i sekken. Dei var samde og vel nøgde då dei drog heim. «Gode tingmenn godt å ha. Samde er vi, det er bra,» kvad Christine.
Då dei møttest på nytt, var dei usamde om alt. Ingen våga å seie kva dei hadde sagt i Haugkarihola. Ja, så lite beit hogga at ein skulle tru hele tingmannaflokken hadde kome i tannfellinga. Tingmennene var redde for å lage for mykje strid. Alle visste at om eit år skulle det vera nytt tingmannaval, og ingen ville leggja seg åpen for hogg . Dei smaug seg unna alt som eima av strid.
Christine gjekk da sjølv og stulla i Amundborga og var nøgd med at det vart slik det var. Då slapp ho og å få så mange hogg.
Berget
Ute på Berget, ytst i Sørfjorden, laga det seg godt til. Dei var så nøgde med nyråka si at dei gjekk att og fram etter gangbanen framleis. Ein dag stogga dei tilmed all ferdsle etter den og gjekk sjølve midt ute i råka, kauka og gala.
Mannlort
I fleire år hadde det vore strid om kva dei skulle gjera med mannlorten ute på Berget. Det var mange harde slag der Bård Gravar og Arne Per Digre frå fylkingen fekk mykje motbør då dei sa kva som måtte gjerast. Lorten kunne ikkje sendast i fjorden lenger. Den måtte takast på land ved Storlapphellaren. «Vondlukt blir det, hæsleg skit. Kvifor sende lorten dit?» kvad leilendingane der. Dei ville sende den på andre sida, men dei fekk ikkje viljen sin. Mannlortbua vart sett slik Amund Rådlaus sine folk ville. Og no var den ferdig. Det vart ikkje noko bu, heller ei Borg som glima mot Sørfjorden. Så fin vart den at Bergbuarane tok til å gå turar dit, setje seg i sola der og ete maten sin.
Gjertrud
Nøgde var dei og då Steinar Knarrbyggjar kom til endes med å lage ny leikarvoll ved lærestaden for yngre møyer og sveinar. Mykje hadde han fått til, og meir hadde han tenkt det skulle bli. Han fekk mange fagna ord om ideane sine. Glad vart Steinar og den dagen han og hirda hans fekk storknarren «Gjertrud» i eiga havn. Bør-Gunnar og frilla hans hadde slete så mykje med henne at no ville dei gje henne til andre som hadde hug på meir slit enn dei. Og det var det mange av i knarrbyggjarflokken til Steinar.
Katinkarunene
Stor stas var det og ute på Berget då frillene, Kim og Valva, viste fram runene dei hadde rissa om ei dei kalla Katinka. Ungsveinane lika det dei hadde gjort og rosa dei. Kry for alt skrytet sa dei seg klåre til å rissa fleire runer etterkvart.
Heider
Merete Brosje fekk mykje heider då ho vitja smedar sør i Riket. På veggen i smia si har ho provet på kor gjæv dei andre tykte ho var.
Dei høgaste hærropa kom nok likevel då ballsveinane på Berget slo ut heile Hålogaland og sigra . Etter solsnu får dei møte hardare krigarar med kvassare sverd. Dei kjem frå Torgar, Sandnes, Kulstadsjøen og Jarnsmiarstad. Torstein Søre var ovglad i ballgutane sine og tok dei med på vitjing hjå sjølvaste Ballhovdingen, Ros Borge, i Nidaros. Der øvde dei og lærte korleis dei skulle setta beinkrok og tommel i auga.
Ut av ørska
Dette året kom Kjell Terre seg ut av ørska etter handsaminga han fekk då han sat ved Kongen sitt bord. Det var mange harde hogg der, men mykje visdom hadde han fått, så no ville han ta hovdingesetet sitt i fylkingen attende. Han visste det ville gå hardt for seg berre å få Mette Djerve frå Mølnarbakke ut or spelet. Trygg var han på å møte Christine i holmgang. «Annsamt var det å bli vraka. No kjem eg att, tek heile kaka,» kvad han og kvesste sverda sine i løynd. No skulle han vise dei.
Finni
På Finnistrond var dei vel nøgde med at dei fekk leikarplass for ynglingane sine då Laugarpøla vart vølt om . Christine Førstemøy og tingmennene hadde rett nok grave langt ned i gullsekken for å få det til, men alle tykte om at no var det gladlått og leik i Laugarpøla.
I ein sal på sida dreiv Espen Skyttar og spente bogen saman med mange unge sveinar og møyer. Dugleik viste dei og. Då ungmøya Kjersti vitja Neverstad nordom Jarnsmiarstaden, sette ho like godt alle pilane heilt i midten. Laugarpøla hadde verkeleg vakna til liv.
På nytt
Gladlått var det og då Ida Spreke fekk alle frillene på Finnistrond til å spenne på seg annarar og kome seg ut. Det var ein bragd mange tala om, og så friske dei vart som våga seg med. Mange seier at dette vil nok skje på nytt når sola har snudd og snøen har lagt.
Det same sa dei og etter at Andre Brille og Pål Reine stelte i stand ein dag for alle ynglingane der dei skulle trakke på tohjulingar og læra seg reglane for korleis dei skulle bruke farkosten. Det kunne kome godt med for dei alle.
Bjerkastrond
På Bjerkastrond slo både jordtrælar og leilendigar på brynjene sine. Kristin Tuste og hjelparane hennar hadde nådd ei storbragd ved å bli beste kauparbua i Riket. Dei fekk mykje åtgaum, og folk rundt om kom ut av holene sine, handla varer og gav dei fagre ord. Det var andre året dei greidde dette. Folk var umåte kry av bua si.
Staseleg
Stor stas var det og at Torstein Brakar fekk heider for alt han gjorde for ynglingar og andre. Alle tykte vel om han og veiva med fanene sine då han fekk heideren. «Den største gleda ein kan ha. Det er å gjera andre glad,» kvad han i rein byrgskap.
Mykje åtgaum fekk og Johan Laste som for mange år sidan hadde gått over på gamalmannsløn . Heile ni tiår hadde han farta i Bjørkdalen opp og ned, brøyta råket og grusa. Han ville halda gjestebod for alderdomsdagen sin. Men først skulle han klatra til Killetoppen, ein høg og bratt nut for dei retteleg spreke. Etter å ha kome seg opp, sveitt og svolten, såg han mot Bjørkdalen og kvad: «Fager er lia. Aldri har ho syns så fager for meg som i dag». Johan fekk mykje ros for vandrarturen sin.
Gjestebod
Christine Førstemøy hadde hatt mange slag mot storhovdingen, Nor Tura, men no var det grid. Han hadde lemlesta sauskrottar i ti år no og var vel nøgd. Han treivst på Bjerkastrond og samla seg mykje gull der. Difor bad han både jordtrælar og leilendingar , møyer og sveinar til stort gjestebod ved hovudsetet sitt. Mange kom. «Veit du ein ven som vel du trur og du fagnad vil få: Gjev han heile din hug og gåva ei spar, far og finn han ofte,» kvad Nor Tura og baud alle til bords. Mange for heim med magen i tull etter gjestebodet på Bjerkastronda.
Leikarvollriving
På Bjerkastrond var det ein gamal leikarvoll med ein gildehall attmed. Mange harde stridar hadde enda der. No høvde det seg slik at det hadde vorte slutt både på leiken og blotinga . Det såg stusseleg ut der. Då kjøpte Christine Førstemøy alt der og kvad: « På Bjerkastrond skal det vakre visast. Bygg holer, det gamle må rivast». Slik vart det, og snart kunne leikarvollen gje rom for dei som ville byggja og bu der.
Korggryta
Etter at eldguden Surt hadde herja ved lærestaden for møyer og sveinar, vart det sett fart i å reisa alt opp att. No var alle nøgde med at dei fekk nye salar attende. «Surt var grov , åt så rått. Sterkar er vi, sjå kva vi har fått,» kvad ynglingane og jubla. Dei dansa og song på leikarvollen. Stor fagnad.
Hengkloppblot
Stor stas var det og den dagen både trælar, jordtrælar, møyer og sveinar kraup ut or holene sine og var med på gjestebod på hengkloppa over Røssåa . Den hadde støtta dei farande i åtte tiår. Rett nok hadde Stat Veg laga ei klopp til så dei tyngste farkostane og fekk kome over. Likevel var hengkloppa den dei fastbuande bruka mest. Christine Førstemøy kvad om kor gild kloppa hadde vore, og alle slo på brynjene sin og tykte vel om orda til Christine. Det var både spel og song, gildt med mat og drykk.
Hærropa var høgst då det skulle tevlast om kven som hadde anda som kunne symje fortast. Endene kom etter åa jamsides nedover. Spaninga var stor, men målet var rett under kloppa, så ingen såg kven som var best før Greta Grein fortalde det. Den som vann, var anda til Gerda Gård. Ikkje ville ho seie korleis ho hadde øvd opp anda si.
Valla-Stål
Mest stolt i Korggryta var nok Valla-Stål som hadde setet sitt i Olderstad. Han kniva mot veldig mange om å råke flest pinnar med skøthella si. Den eine etter den andre datt ut. Til slutt var dei berre tre att. Det gjekk mot natt då siste treffet kom. Valla-Stål var heilt frå seg av glede. «Godt å treffe, vera best. Mjød i krusa, det blir fest,» kvad han og skogra. Han skulle øve seg skikkeleg til neste strid. Mange lova at så lett ein siger skulle han aldri få meir. For alle var samde om at ein slik strid ville dei ha kvart år.
Skrivestova
I skrivestova til Knut Skrivar baud dei og til gjestebod. Dei tenkte å halde det før midtvinterblotet, men så datt augo til Knut att, og han var liggjande i Tromsøyar for å få dei opp att. Men augo kom opp, og etter solsnu var dei klare for gjestebod. Dei rissa runer om fem år mellom trælar, jordtrælar, møyer og sveinar. Lite var det ikkje. Knut fekk mange godord om verksemda si. Heile fylkingen var takksam for tidendane han gav dei. Rett nok hadde han god hjelp av ungfrillene Camilla Ljose og Rapås-Elen. Fleire andre runerissarar tok og del med feisel og hammar. Dei rista fylkingen saman. «Kjennskap til andre er viktig å ha. Det må til om alt skal gå bra,» kvad Knut og rissa vidare på neste sogerull.
Asgeir Godlått
På Korgbergtoppen hadde Asgeir Godlått travle dagar att. Det vart litt stilt etter at Arktikk Reis for derifrå, men no ville han byggja soveholer for dei farande som skulle over fjellet. Desse tankane hadde han stulla med lenge. No tok han laus på eit nytt krafttak. « Tenk å liggje høgt til fjells, vakne opp med Okstoppar i augo,» kvad Asgeir og sende godlåtten sin austover.
Lia
I Lia hadde dunderen frå Æll Ænn Æss- karane gjeve seg. Kaffe Sik heldt fram med sitt på kvar midtvekedag, og no hadde Håkon Øk og Kari Vensæle fått rennfart på Haugkarihola. Mange tykte vel om det dei baud fram og vitja dei jamleg.
Stat Veg
Stat Veg hadde gått laus på råket til Lia og jamna ut mange holer og reinska svingar. Det var trivelegare å ferdast etter råket no. Marianne Busse og Johnny Tuste som bruka råket dagleg, tykte og vel om det Stat Veg hadde gjort. Dei vona han ville vitja dei etter neste midtsommargilde på nytt.
Belte Skut
På nytt kom i alle fall Belte Skut attende. Aina Krølle og flokken hennar baud til gjestebod i fleire dagar i Lia . Belte Skut og mennene hans fekk heidersplassen. Dei jaga opp og ned lier, hoppa langt og rasa vilt etter slettene ved åa. Folk frå heile fylkingen kom for å sjå. Knapt hadde så mange nyfikne leilendingar vore i Lia nokon gong. «Gjævt det er med Belte Skut. Han får ung og gamal ut,» kvad Aina og lova at etter neste solsnu skulle det bli nytt gjestebod i Lia.
Gjævt var det og at Kåre Bør saman med frilla si, Merete Gnuar, fekk mange ynglingar til å gjeste Haugkarihola. Der viste dei unge korleis dei skulle berge seg ute i skog og mark. «Ingen kan før det er prøvd. Ligge ute er no øvd,» kvad Kåre og rulla i hop sovesekken sin.
Hol i gullsekken
Christine Førstemøy hadde mykje godt å glede seg over. Folk treivst i fylkingen hennar. Men ho hadde vondt i seg og. Snart var gullsekken tom. Korleis skulle ho da kunna hjelpa dei mange som trong? Amund Rådlaus og Harald Bresprekk hadde med hard røyst meld frå om den leie stoda fylkingen.
Likare vart det ikkje da det vart kjent at dei og Kari Småbjørk hadde bede om altfor lite gull frå Penge-Siv i Vika. Dei gremma seg ofsleg. Penge-Siv hånflira av dei og kvad: « Ikkje dei veit det dei vita turvte. Berre seg sjølv dei greidde å lure». Kvadet svei endå meir då det vart kjent kor mykje gull Amund måtte ut med for å få vite dette. Gullet rann or sekken. Christine hadde sår inni seg når ho tenkte på alt det vonde ho måtte gjera. Eller skulle ho vente til etter tingmannavalet? Ho våga ikkje å ta avgjerda enno. Først ville ho feira midtvinterblotet saman med Morten Ljosmanke på Troarnes.
Snøen hadde gjort Okstoppane kvite og skein som gull då sola tvinga seg gjennom dei mørke skyene.