Det gjekk gjetord over heile Riket om alle blota som var i Christine Førstemøy sin fylking.
Ikkje var det berre midtvinter- og midtsumarblot. Nei, det vart blota meir og mindre heile solsnuingen. Christine var nøgd med at det var så mange tiltaksame trælar rundt om i fylkingen. Ho treivst med det. Ho tenkte gjennom årshjulet. Siste året hadde vore sværande gjevt.
Belte Skut
Det starta opp med eldsprut og fart i Lia. Belte Skut sine menn og Aina Krølle fekk folk ut i snøen, og bloting vart det i fleire dagar. «Herleg sus, fulle hus,» kvad Aina og kraup under Aslakfellen når kveldane kom. Det kom farande frå heile riket for å vera med på fartspasen dei hadde laga til. Det var og noko for dei yngre, dei gamle og dei svoltne. Ja, til og med fekk Kvite Krist rom på siste blotardagen.
Våryr
På Berget venta dei så på sumaren at dei ville ha Våryrblot for å få snøen bort. Tor med Hammaren var i dårleg lune denne dagen, så han skvalpa på med vatn frå alla kara han hadde fylt opp. Og vått vart det, men Merete Brosje og Sigrid Skjære som hadde leiinga, vart ikkje redde. Dei lova at det skulle kome fleire slike yrdagar på Berget.
Korggryta
Otto Yngling og Elisabet Drille samla mange rundt seg og baud til sumarblot i mange dagar. Her var det strengleikar, tevlingar , gamle farkostar og song for både dei unge og gamle. Det vart mykje meir enn då Park Råkk vitja dei i Svartpøla. «Mykje vi har, kom og sjå. Bli med. Hiv deg på!» kvad Otto. Korgbuarane treivst så godt at før blotet enda, tala dei om at dette måtte skje kvart år.
Vasskoggblot
Korgbuarane vart mest ikkje ferdige med blotet sitt før juvikingen, Kjell Terre, samla hirda si til Vasskoggblot. Og blot vart det. Dei deisa i vatnet, dansa og song. Ja, trønderkrigaren, DeDeE kom og song saman med mennene sine. Dit kom det ikkje berre Bergbuarar, nei, flokkar frå heile Håløyglandet vitja Berget. Mjødkrusa gjekk jamt rundt om borda i gildehallen. Kjell og flokken hans hadde gjort dette mange gonger, så dei fekk det til. «Bolle full, smakfull mjød. Glade folk, mykje glød,» kvad dei og sette koggane sine mot Kvass-sundet.
Bryggedal
Arvid Lurblåsar og dottera, Hild Åse, meinte at no var tida mogen for å halde gjestebod i Bryggedalen og. Hild Åse tok leiinga og prata med Henry Furu og frilla hans, Mariann. Dei hadde nett vøla om sauhola til gildehall. Den var som laga for blot. Mykje folk kom, og alle let vel i sumarsola. Det var mykje av både song og spel, skjemt og alvor. Lite mjød var det, men det gjorde visst ikkje nokon ting. «Sumarlåt i Bryggedal. Sumarblot i Gildesal», kvad Hild Åse og rosa alle som var der.
Bergjåssdagar
Strengleik har vore høgt akta på Berget i mange år. Dette året vart det og Bergjåssdagar for dei som lika slike lydar. Marte Pe og HorseTom samla hirda si og slo til. Og bra vart det. Jarnhola var god å ha til all leiken, men mange andre salar vart og nytta. Ja, dei arbeidde saman med fjellfararflokken i fylkingen og laga til leik i Hundstronda, ved hola til hovdingen, ArneJon. På buvegen dit vart leilendingane som kom, stoppa mange gonger av snille krigarar som song til dei. «Tett skog og vakker song. Godt for gammel, godt for ung,» kvad dei som høyrde på. Det var gjeve mykje åtgaum for den dagen.
Leirdalen
I Leirdalen var det ikkje spel om Klemet i Krokan dette året, men på Jamtjorda var det likevel liv. « Vi må ha både jåleri og snåleri,» kvad Lindahill Smile som hadde samla hirda si til bloting. Og bloting vart det. Folk låg på benkane sine og gapskratta, skoggerlo og slo seg på vomma. Lange rekkjer med farkostar for nedover Leirdalsråket etter at det var slutt, og dei som sat inni, humra godt.
Kamkaka
I Lia hadde tiltaksame friller og ynglingar bruka sumaren til å vøle til kamkaker. Da det leid mot haustblotartida, baud dei til gjestebod. Og folk kom frå heile Håløyriket for å ete på kamkakene. Det hadde gått gjetord om boblene vidt om. Olav Blide hadde setet sitt i Konungardal. Han var leiar for kamkakflokken og var travel dagane blotet stod på. Han kvad: «Kamkakknask er godt for kroppen. Kamkakblot,ja, det er toppen». Han lo så heile Lia rista.
Ka Ra Van
TusteThor og frilla, Rina, hadde i fleire år vore vener med farkosteigaren, Ka Ra Van. Han lika gamle hjuldoningar, og kvart år stevna dei kvarandre som hadde slike. No baud TusteThor og Rina til blot ved setet til Gry Campe i Korggryta. Dei var mange som kom, og alle hadde fagna ord om doningane til kvarandre. Lite anna gjorde dei. Neste år skulle dei møtast att.
Helsebot
I fylkingen til Christine Førstemøy var det ein flokk som sloss for å hjelpe andre vekk frå vonde tankar og dårlege dagar. Birgit Fjelle heitte leiaren deira. Ho og flokken hadde stelt i stand mykje i dagesvis, og dei hadde blotarstader over heile fylkingen. Dei fekk hjelp frå heile Riket til gjesteboda sine, og mange kom for å høyre på kva som vart sagt. Mykje godt vart både vist og sagt, og flokken fekk mange gode ord om det dei gjorde. « I hausen må det vera ro, om kropp og sjel skal få gro,» kvad Birgit og skunda seg til neste.
Bergjul
Då det leid mot midtvinterblotet, slo dei på Berget til med eit nytt blot. No baud dei fram maten som var laga til midtvinterblotet saman med mangt anna. Folk kom, kaupa og skratta. Alle utan Tor med Hammaren var i godlune disse dagane. Snart var det solsnu, og alle visste at dagane ville bli både lengre og ljosare. Gullet hong laust då.
Christine Førstemøy tenkte på alle disse framifrå sveinane, møyene, frillene og mennene som laga til alt dette i fylkingen hennar. Ikkje rart at folk treivst. Ho visste kor lite ho tok ut av gullsekken sin for å få alt dette til. At nokre braut seg ned med mjøddrikking, fekk ho bere over med. «Betre byrd du ber kje i bakken enn mannevit mykje. Men låkare niste du legg kje i veg enn ovdrykkje med øl,» kvad ho. Hemnesbuarane var framifrå folk som ho var kry av likevel.
Heiderskarar
Det var seden i Riket at Kongen i Vika gav heider til krigarar som hadde slite hardt for det dei trudde på. Dei var da bedne på gjestebod heime i borga hans i Vika. Dette året hadde det seg slik at to grepa karar frå fylkingen til Christine Førstemøy hadde gjort så mykje at Kongen hadde lagt merke til det. Han ville gje dei sin heider og baud dei til borga si.
Trond Røsse
Trond Røsse som hadde setet sitt ute på Berget, ytst i Sørfjorden, var ein ihuga krigar for å vise kva Storlapphellaren hadde vore i tidlegare tider. Han meinte at holene måtte takast vare på og stellast slik at dei som no var ynglingar, kunne få sjå korleis dei hadde greidd seg tidlegare. Han hadde ei framifrå hird omkring seg, og dei gjorde mykje. Storlapphellaren hadde etterkvart vorte så gjæv ein stad at fylkingen valde den til sin stad då sola snudde til eit nytt tusenårssekel. Det var Skog Jomar som var hovding i fylkingen då dette skjedde. Under Bergajåssdagane var det alltid strengleikar der, og det lika veldig mange.
Trond var og ein framifrå kvithattmann og song rundt om på Berget. Han fekk mykje åtgaum for songen sin. Likeså var han med på å få Bergjåssdagane i fart i si tid. Det var viktig for Berget, for då kom det mange farande dit. Etter at Jarnhola vart teke i bruk, tok det heilt av, og Bergjåssdagane fekk mykje fagnad rundt om. Kongen hadde sett at Trond Røsse dreiv hardt for å få dette til. « Gamle holer blir fort veik. Storlapphellar, song og leik,» kvad Trond og skamrosa hirda si.
Harald Meie
Harald Meie som hadde setet sitt i Olderstad, var ein ihuga krigar for å få fram kva som hadde skjedd tidlegare i fylkingen. Han rissa runer, las og grov. Alltid fann han noko som ingen før hadde visst. Slikt vart det nye sogerullar av. Han hadde vore i Kongen si hird og tjent han heile livet, men då han gjekk over på gamalmannsløn, tok han sete i gammalhola si i Olderstad. Medan han var i Vika og rundt om i kringla heimsins, var hugen hans alltid hjå dei som vart att i Korggryta. No hadde han levd i over ni tiår, men stridde djervt for å finne meir til dei som skulle kome etter han. «Den som vil fram og sigrar få, må vite kvar han kjem ifrå,» kvad Harald og rissa fleire runer. Kongen i Vika hadde merkt seg alt Harald Meie hadde gjort.
Til Vika
Så bles kongen i luren sin og kalla dei næraste til seg. Dei la hjelmane sine mot kvarandre og Kongen kvad: «Trond Røsse, Harald Meie, grepa karar frå Håløyland. Dei må heidrast og mjøden vår smake. Be dei hit kvar ein mann». Mennene gjorde våpengny, og slik vart det. Harald og Trond tok av seg stridsskjortene og kom seg i finstasen. Dei fekk mange fagre ord av Kongen sine menn i Vika.
Begge heiderskarane var snare til å kome seg i stridsskjortene då dei kom heim att. «Sjeldan liggjande ulv lammekjøt får, eller sovande mann siger,» kvad dei og spytta i nevane.
Storlapphellaren
Trond Røsse hadde fleire store tankar om Storlapphellaren. Han samla hirda si og sa at kanskje dei skulle lage ein leikarvoll med kvelving over der. Det ville samla mange, og så slapp leikarane å bli våte når det ausa ned. Dette tykte mennene hans var framifrå. Han reid til Tenkje Tank og la fram tankane sine. Tenkje Tank skjøna kva han meinte, for han hadde sjølv vorte våt der. Så rissa han opp korleis det kunne bli. Trond vart nøgd og for attende til mennene sine. Dei gav han mykje åtgaum for ferda si. Alle var samde om at dette skulle dei greie, berre dei fekk nok gull i sekken. «Storlapphellaren skal vi bevare. No blir den enno finare,» kvad Storlapphellarflokken og gjekk laus.
Koggbyggingrullar
Harald Meie hadde og store tankar. Han visste mykje om koggbygginga i fylkingen, men han meinte alt måtte rissast ned. Og det var ikkje lite. Koggane vart bygde rundt om i alle holer, og så gjekk dei på fjorden heilt inn til Jarnsmiarstaden. Først fekk han med seg Dag Brygge som var ein framifrå sogemann. Så kakka dei seg på lag med sjøsiværingane, Steinar Knarrbyggjar og Remi Dahl. Det dei ikkje visste om koggar, trong ingen å vita. Etter kvart fekk dei og med seg koggkjennarar frå inst i Ranfjorden. «Store tankar må ein ha, om sogerullane skal bli bra,» kvad Harald og rulla ut ein ny rull. Dei skulle få nok å strida for i tida som kom.
Tingvollen på Berget
I mange år hadde Christine Førstemøy sine tingmenn slete med å få skikk på Tingvollen ute på Berget. Amund Rådlaus sine menn hadde rissa ned tankar og løysingar, men Bergbuarane hadde sendt alt attende med harde ord.
Våterfront
Så kom dagen då striden skulle få ein ende. Tingmennene hadde kvesst våpna sine og var klare til kamp. Wivian Horse vart redd og ville vente til seinare. « Trur at det blir veldig vondt, utan voll med våterfront,» kvad ho. Då fauk Rune Trette opp og veiva med sverdet. Han hadde halde på med denne saka frå den starta, så han var lut lei. «Berre tull å bruke tid. La slaget stå utan grid,» kvad han og deisa sverdet i benken han stod ved. Då skvatt tingmennene til og skjøna at no meinte han alvor. Dei for til kvar sine holer og kviskra seg imellom.
Hard strid
Då dei kom fram att, kvad Wivian: «Lat det skje. Eg blir med». Dette lika tingmennene og gjorde våpengny. Så bar det laus. Per Øyve som tidlegare på året hadde rømd frå træleflokken, rasa mot at farkostane måtte køyre rundt midt ute på Tingvollen. «Køyre rundt, berre tull. Fort dei veltar, fer om kull,» kvad han. Og så la han til: « Få den vekk frå leikarvollen.» Han meinte og at fylkingen kunne kjøpe meir land for å få gode løysingar. Då spratt Sølve Tuva fram, for no gjekk Per Øyve for langt. Skulle tingmennene gjere som han ville, måtte alt handsamast på nytt. På enden av ei råk, måtte farkostane kunne køyre rundt. Det hadde Stat Veg sagt. Rune Trette hadde eld i panna då han kvad: «Meinlaus tanke, kjøpe nytt. Er du galen, heilt forknytt?». No gjekk det så heitt for seg at Christine Førstemøy måtte gå imellom. «Gode tingmenn, ro dykk ned. Godt det blir, hald no fred,» kvad ho og la sverdet sitt roleg på benken sin.
Ro vart det etterkvart. Tingvollen på Berget skulle bli omtrent slik Sølve Tuva og mennene hans hadde rissa før slaget. Han såg for seg Yggdrasil strekkje seg mot himmelen i rundingen, og rundt det kunne Bergbuarane drive med sitt. Våterfront kunne alle slåss om etter kvart. Wivian lika det så dårleg at ho for heim og gøymde seg bak hatten til HorseJohan. Tord Manke jubla heller ikkje og for tagal heim.