Heile 17 artiklar fordelt på jamt 200 sider er lesnaden i denne årboka, den 49. i rekka. Temaspennet er stort, frå bunadspynt og gomme til respektfull omtale av stormenn frå dansketida.
Tradisjonen tru er ikke noko for lite, ei heller noko for stort, i ei slik historisk samling. Og variasjonen er brei i skriveform også: Frå korte, enkle framstillingar til mangesidige vitenskaplige avhandlingar. Og her knip det kan henda litt; ein kan bli freista til å bla seg fram til samandraget for å gjera det greiare for ein sjøl, for eksempel i artikkelen der arkeologi og botanikk gjorde samhandling ved utgravingar nær Holandsvika i Vefsn.
Ja, det vart no slik dette året at mykje vart Vefsn. Ellers litt utanfrå øyane og strendene, og heller lite frå indre strøk. Namnet Hemnes er såvidt nemnt.
Likevel. Interessant stoff, om ein har sansane åpne. Som å få klarlagt kor mykje blod som fåfengt vart tappa i årelating, korleis dei for to hundre år sia skulle ta knekken på syfilis, kvar dei eldste trekjerkene finst, spanskesjuka si hundreårsmarkering. Ja, og det finst fleire hundreåringar: Nesna lærarskole, frå Haalogaland lærarskule , gjennom Høgskole til Nord universitet. Litt av eit sprang.
Og i hundre er også Hornmusikken Fram i Mosjøen. Men der er det framleis mest messing.
Nettopp i disse vekene med storstilt Nato-øving i Midt-Norge finst tilmed ein artikkel om dei delane av radarkjeda «Early warning» frå «kaldkrigsåra» som vart sett opp her i regionen. Spennande stoff.
For oss med sjøleigande tomt kan det også gi lærdom å lesa stykket om godseigarane på Helgeland, og korleis tilhøva var for leilendingane under dei. Og dessutan: Her er det namn med retteleg svung over: Angell, Brodtkorb, Coldevin og Dass, og det berre fire bokstavar inn i alfabetet.
Og da, om du tilslutt skulle ha trong til litt motsats: Les om husmannsplassen Dige-Aasen på Dønna, og korleis folket der greidde seg.
God lesnad.