Frå Tustervatnet 24.august 1926: Leon Sveinson for rundt med kamera og tok bilete av folk og plassar han var vant med frå tida da han var bortsett som gjetar ved Tustervassgårdane.
Her er det altså «none», eit mellommål på ettermiddagstid, i slåttonna. Vi ser Emma Tustervatn, slåttekar Ole Jakobsen og Kristine Tustervatn, gamla på gården. Det går vel i småkake og kaffe, skulle ein tru. Og bak synest høysleden og trerivene.
Dagfinn Tustervatn fortel at dei slo gresset og tørka på bakken der i Nerdalan. Der stod også ei lae dei brukte. Den vart gjeven til kommunen, og står no på Bygdetunet på Bjerka.