Eit besøk ved Stormålvatnet denne sommaren kan gi uvante opplevingar. Nausta ligg høgt og langt frå vasskanten, og båtane heng ved sandbankane.
Reguleringa av Stormålvatnet var ein del av Rana-utbygging i kraftverkssamanheng. Tiltaket vart vedtatt i 1968, og få år seinare kunne vatnet takast ut i botnen og gå i tunnel til Bjerka kraftstasjon i Leirskardalen.
Hard regulering
Rundt år 2000 vart dammen i nordvest heva nokre meter, slik at høgste tillatte vannstand no er 430 meter, ti meter over den naturlege vannstand. Frå før er lågste nivå sett til 397 meter. Det utgjer altså godt over 30 høgdemeter, og av naturlege grunnar er det da heller ikkje noko krav til minimumsvassføring i elva ned til Lissmålvatnet, all den tid lekkasjen skjer i botnen av vatnet.
No er det slik at i såkalla «normalår» vil snøsmelting og nedbør gi nok vatn til at ein kan halda normalvannstand. Men år om anna, slik som no i 2018, går det meste gale vegen. I tillegg blir det kjørt vatn til produksjon, så nivået minkar litt enno. Framleis er det fleire meter ned til 397, så kraftprodusenten har vel sitt «på det tørre», for å bruka ordspelet i dobbel betydning.
Ørkenlandskap
Med dette får ein i området no fram i dagen store delar av botnen til vatnet. Her er det berg i kantane, holmane og skjera. Resten er sand- og grusryggar, med innslag av leirepallar som sig ut etter som vatnet dreg seg unna. Denne leire blir i tillegg vaska av vindbårene, så heile vasskroppen er gråbleik av leirsuppe.
Delar av nordsida, der dei fleste har hyttene sine og der båtnausta ligg, er bratte berghamrar. Ferdsla blir vanskeleg, og sikring av båtar eit lite puslespel. For kva for vannstand er det her neste veke?
Hit og dit?
Svend Andreas Lifjell har tatt over ei eldre hytte på sørvestsida av vatnet. Området er eit lite paradis, med liene der rypa held til, og vatnet der ein normalt kan få brukbart med fisk.
– No kan vi berre glømma fiske med stong, eller dorging. Vi har ute litt garn og får fisk, men i dette ugjennomsiktige leirvatnet vil ikkje fisken ha lett for å sjå mark eller sluk. Dessutan er det som å kjøra i ein usikker labyrint her når ein skal ferdast med båt, så vi lit på lokalkunnskapen og kjører forsiktig.
Svend Andreas legg til at det blir mest å vera på land denne sommaren, og bruka terrenget til ulike formål. Hundetrening og bærleiting, eksempelvis.
Nygammalt land
Ved reguleringa vart det på 1960-talet gjort visse arkeologiske undersøkingar rundt heile Stormålvatnet. Fredrik Gaustad leda dette arbeidet, og i hans rapportar går det fram at ein kan slå fast busetting og verksemd i steinaldertid på minst femten plassar rundt vatnet, dei fleste i aust og på nordsida. No ligg dette åpe i dagen, men sjølsagt øydelagt av utvasking gjennom disse snart 50 åra. Men ein kan lett sjå for seg dei små og litt større oddane der folk heldt til for årtusen sidan:
Eksempelvis Køtaneset, Nyrud og Gardsnesodden – og ikkje færre enn åtte stader aust i bukta frå Målvassmoen til Stolpfjellbekken.
Men folk med tilknytning til området i dag spør seg: Når kjem vatnet tilbake?